Blogg

Vi har stridd oss igjøno det første koronaåret. Ikkje med glans , men vi har vel ikkje halta for mykje heller..eller? Vi har hatt ei politisk leiing som har nytta kver anledning til å visa sine meir eller mindre smukke ansikt på tv skjermen. Nye ordningar kver veke, nedstegningar og atter  nedstegningar. Månadane har gått, legeindustrien har jobba på høgt gir. Kem kjeme først i mål med vaksina som verkar. Alle veit at der framme vinkar milliardar i løn til dei som som kom (kjeme) først. Og så kom de den eine etter den andre , Oxfordprodusert, am/tysk, kinesisk, russisk, flotte namn med med vri. Og alle kjeme til å gjera det stort økonomisk, for  verda trass i alt noken milliardar h sapiens.

I staden for å sikra ein stabile tilgong av vaksiner har sjølsagt Solbergregjeringa stillt seg lydige bak Brussel , bretta opp  ermene og venta på tur. Store planar og eit helsepersonell på allerten klare for å stikka folket…men vaksinene kjeme ikkje..Eller rettare sagt litt kjeme, men ein god del av det tar til høgre inn Oslofjorden og vert brukt der. Så i staden for å gå rett til produsentane av vaksinene slik at vi kan få landet på fote att ,står Ola dunk med huva i handa og ventar og ventar…kanskje Brussel slepper opp litt meir?  Men nei..stadige nye forsenkingar gjere at landet må stenges ennå meir ned. Vi er jo berre ein erklærte ytterkant i unionen med eit handlingslamma politisk styre som står med huva i handa..lydige som ein kua hund…ventande. Ikkje er vi dårlig stellte økonomisk heller ….ennå. Ikkje slik som Argentina som vert avkrevde byggverk og ambassadar i pant for sårt trengande vaksine , produsert av ublue produsentar som ikkje gir ved dørane nei…her skal det gjerast pengar..

Vi les om Solbergregjeringa si økonomiske støtte til bedrifter og fortvila mennesker. Det er så til dei grader ei støtte til eksisterane kapitalsterke og ikkje til dei av oss som har konkurs spøkelse hengane over seg og eller dei som er tvungne ned i NAVsi  kvikksand..med store tap av inntekter. Vi les om ei som drive ein skomakersjapp i Skipper/Strandgt. I  sildabyen. I sitt 3 dje år med brukbare drift slo jo coviden til mot henne også. Men ho fekk ikkje støtte av regj. pga av at ho hadde hatt for liten (?!) omsetning. Mange har nok vore i hennar sko. Men vi les også om Andresen fam som har vakse over 6milliardar pga av at dei kunne gjera oppkjøp/pengar på koronaramma foretningar og firma. Og vi les med større og større auger om hotellkongar og milliardærar (vi har fått 21 nye av de i dette knallharde koraåret) som får  utvida sugerøyra sine inn i vår felleskasse. Dette er i den beste  høgrepolitikken si and. No får jo Erna oppimot 27 % på siste gallupp. Dette er på bekostning av sine trufaste støttespelerar som Venstre og Krf.. Dei har jo gravd si eiga grav med å bli med og til og med vera dei beste i denne djupe blå politikken som er så urettferdig som den vel kan bli. Og viss det er ca ½ % milliardærar og 5% millionærar i dette landet…er det verkelig så mange av oss andre som stemmer på dette partiet som gjere slike ting imot eit samfunn som ,dei på toppen av alt, er sett/valgt til å administrera? Det kan eg ikkje med min beste vilje forstå…Men det er mykje eg ikkje forstår her i og om, korleis denne verda fungerar.  Og eg forstår heller ikkje koffor vi står på staden kvil..når vi kunne fått tak i vaksine® i  full fart , så hadde med forkorta dette traumaet. Eller, og det er nesten naturlig å spørra om; noko bakomliggande som vi ikkje veit noko om og som ligg der å har bremsene på? Slik som eg ser det så må de slutta med dette no og ikkje holde folk for narr..Kort oppsummert..Få tak i vaksina for f….

 

Okay..vi har jo hatt det bra vi nordmenn. Vi trakk det store lodd på 60 og 70 talet, der framsynte og kloke folk som Arvid Johnsen og politiker Arne Rettedal gjorde at vi fekk hand om rikdommen under botn på Nordsjøbotn. Jens Evensen trakk opp 200mils grensene til sjøs, utanlandske milliard innvestorar vart holdt på armlengs avstand…vi var igong. Dette har vi alle hatt glede oppover og  sjølvkjensla til oss «Bønda i fra nord»har gått rett til vers.  Frå å vera lillebror til Sverige har vi passert dei og går øve dei både i skisporet i økonomien. Til og med dei som i dag står fram som dei grønnaste av dei grøne har hatt mat på bordet, klede på kroppen,gratis god utdanning  og diesel på tanken pga av dei flinke framsynte for 50år sia. Vi har mykje å takke for, og fekk eit stort ansvar å fordela denne rikdommen i demokratiet sitt namn. Dette klarte vi og i mange år.

 Men demokratiet rotnar på rot, fordelingspolitikken rustar sunn. Politikerane frå AP, FRP og Høgre har forfordelt via skattepolituikken  dei  få prosentene rikaste av oss. Vi kunne for mange mange år sia lesa om Kloster , ein norsk reiar i cruisebusinessen,som troppa opp på eit skattekontor austpå. Med seg hadde han ein bag full i tusenlappar som han ga kemnaren i den kommunen som han sokna til. Kloster var utstyrt med noke som sjeldan som sosial samvet. Han håva inn, på den tida 10talls millionar , utan at han behøvde å betala skatt av dette. Skattereglane var finurlig opplagde og advokatane på Kloster sitt kontor fann smutthol ,slik at han slapp å betala skatt av selskapa sine. Til og med skipsreiaren syntes dette gjekk for langt , derfor denne bagen med tusenlappar til kemnaren.

Kor ofte les vi ikkje ikkje om store milliardfirma som skuffer inn , men som ikkje betalar skatt. Berre på dette mediet ,Facebook, og Amazoon og Google er skatteviljen totalt fråverande.  Og den  eine prosenten av Norges befolkning håver inn utan å betale ein brøkdel av den skatten som dei burde. Dei har røyr i megastørrelse  ned i den felleskassen, håver  inn på støtteordnigar også no i koronatider. Bonusar og utbytte blir betalt med felleskassen sine penger. Dei slepp arveavgift når milliardsummar som blir overlevert til neste generasjonar. Dei neste generasjonane arvar også den totale mangel på sosialt samvet. Alt dette bygger regjeringar med AP, Høgre og gode støttespelerarsom FRP  opp under.  Desse siste ser også til at sjølråderetten vår som nasjon er på veg rett utafor stupet. Utanlandske selskap kjøper opp landområde, anlegg og industri med myndighetenes velsignelse.

Dette er så øydeleggande for vårt skjøre demokrati at vi om ikkje lenge kan slutte å heisa flagg og å feira 17mai. Vi kan endelig feira dagen, kall det gjerne isens og hornmusikkens dag, men ikkje kalla det for grunnlovsdagen , for nasjonen vert styrt av Brussel og andre utalandske selskap. EØS trumfer norsk grunnlov . Vi , vanlige nordmenn er ikkje herre i eige hus, demokratiet er berre noke som vi eingong hadde.

Det var ein lagseier seier informasjonsjefen i Norsk Hydro, då dei rei stormen av i 2020 og valseverkene på Karmøy, Holmestrand og i Tyskland gjekk så det suste. Alt i alt hentar 3500 arbeiderar ut lønn i denne lagseieren. På Karmøy jobber 230 , og dei fekk eit overskot i 2020 på 54mill.

Men etter at Brandzæg gjekk av som konserndirektør og Hilde Merete Åsheim overtok i 2019  så har det vore flagga at det er for lite inntening ved valseverka. Og med ei arbeider fientleg norsk regjering på laget, har det vore sia 2019 jobba med å selje ut valseverka. For som vi nå veit så betyr ikkje sikre arbeidsplassar noken verdens ting korkje for Hydroleiinga eller Solbergregjeringa. Det kan jo vinka større forteneste der framme og då er jo arbeidsplassar , folk har jobba der både 30 og 40 år og eit trygt liv for mange familiar heilt underordna.  Og å informera tillitsmannsapparatet eller kommunane som dei drive i er jo ikkje på agendaen for desse pengegriske.

Ordføraren på Karmøy , Jarle Nilsen er heilt fortvila og prøver å samla dei andre ordførerane i kamp mot dette, toppen av griskhet. Nilsen nemner ..Også nå når Hydro har fått gjennoslag for milliardstøtte frå Enova til pilotprosjekt på Karmøy,pluss CO2 kompensjon,pluss å få til eigarskap i kraftselskap.

Takken er  desse godene  er altså å selje seg ut.

Raudt kort til leiinga av Hydro og lakeiane deira i regjeringskontora..

Det er laurdag føremiddag og då tenkjer eg å setta opp ei Topp 5 lista med negativt fortegn om ka som har hendt den siste tida.

  • På ein god 5te plass hamnar griske El verk sjefar og eigerar som klarte å setta opp nettleiga no i den kaldaste årstida og midt i den magraste koronatid for oss kundane.
  • På 4de plass kjeme NVE, eit direktorat som har sett seg føre å rasera norsk natur. Dei har delt ut byggeløyve for forferdelige vindkraftverk i hytt og (spesiellt) pine til utanlandsk storkapital og norske storbyar. Byggefristar vert forlenga med eit lite pennestrøk. Eit direktorat som lever sitt eige liv og ser ut til å ha eigne lovar i kongeriket, dei trør alt flatt rundt seg og det ligg strøtt med øydelagt natur og liv etter dei.
  • 3dje plassen må nesten Siv Jensen få. Er det ikkje ein uskreven regel at kapteinane blir med skipet sitt ned. Men ikkje Siv. Alle mann til pumpene for å få Frp flytande igjen. Sjefspumparen Listhaug skal visstnok overta tømmane , eller pumpehandtaket. Tviler på, om ho sikkert får med seg halve First House , at dei får Frp på rett kjøl igjen, til det har vel partiet vist sitt sanne eg.
  • 2dre plassen bør nesten regjering sin koronakamp via TV få. Same ka tid det er på døgnet , når ein slår på rikskanalen eller TV 2, så dukker fjeset til statsministeren eller fødestovenedleggaren Høie opp og maser om Koronaen. Nye reglar legges fram, heile tida, så legges dei tilbake . Sjenking kjeme og forsvinn att. Skular stenges, åpnar att. Imens fyke Wizz air over stengte grenser med arbeidsinnvandrerar og landar på vest og nordnorske flyplassar der dei viser fram tvilsame vaksineattestar. Vi sjåarar er litt forvirra om det er valkamp eller folkeopplysning dei drive med. Trur de er litt forvirra sjølv også inni sitt eige regelverk som endrer seg frå time til time.
  • Men 1ersteplassen går meget  fortent til PST . I sin iver til å finne nye fiendar av landet , og det at det minkar på 15 åringe potensielle terroristar frå Groruddalen så innlemmer dei elegant vindkraftmotstanderar som dei ypperste av statens fiendar. Her roter dei seg inn , i beste Øst Tyskland stil å startar øvevakning av lærerar, sjukepleierar, akademikerar og pensjonistar frå alle lag i folket. Ein kan  sei at dette er ein skikkelig skivebom. Her skal ein altså granska og advara i mot folk som har betalt sin skatt i alle år, som har logge i knappetelt og vore fyringsvakt i -15grader ute på nordnorske fjell. Som har brukt ett til to år av livet sitt i forsvaret , for eit land som dei er glade i. At PST ikkje skjems? Dette er ille , men det føyer seg vel inn i mykje av det andre som PSt har holdt på med, som det å prøve å verva vanlige folk til å spionera mot Ivan. . I beste Le Caree stil så har dei prøvd ..Spionen som kom inn frå Kirkenes (Frode Berg) og  Spionen som kom inn frå Ølen (Ølen Betongs Berge). Sjøvoll og co bør ta seg eit tebrød og to,  geara ned, eller helst gå av.

«Synes det blir dyrare og dyrare for kver einaste handledag» seier fruen når ho oppgitt hiver handlenettet opp på bordet heime. Ho forklarar at den og den vara kosta 2 og 3 kr mindre berre for noken få dagar sia. Ho ramser opp den og den matvara, legg kvitteringane frå dagen i dag og handledagen for ei uka sia..og det er inga tvil ..det er blitt til dels mykje dyrare. «Jamen» seier eg..»er ikkje dei som reklamere at dei er livet vårt på vår sida då?» «Dei som stadig har tilbod om at ..kjøp dei tre varene her så sparer du så og så mykje ?» «Dei som reklamerer at dei betaler ut så og så mykje i kjøpeutbytte? «  «Berre bløff» seier fruen. «Dei lurer oss kver einaste dag, dei får aldri nok» . Vi tier i kor og tenker attende på Harrye Svensketurar der bilen vart lasta til randen av varer på eit heilt anna prisnivå.   Dei som styrer prismaskinene derborte opererer vel i dei same områda som våre eigne kjedar, men på eit heilt anna prisnivå.  Det er slettes ikkje kjekt å vandra mellom hyllene på Coopen og Rema , væra litt prisbevisste, og få oppgong i  prisane i fleisen frå uka til uka.

Det er visstnok ingen som passar på dei få og styrtrike kjedane som operere her oppe i gamlelandet. Dei styrande i matbutikkjedane får frie hender til å vri oss stakkars forbrukerar. Det finnes rett og slett inga styring. Og dei bestemmer ka vi skal ha i oss. Kver einaste varehylle er planlagde med det for auga å få mest mogelig profitt. Ordet koronadugnad kunne ikkje vore fjernare. Hagen tar ut , kvær jækla år, 1,9 milliardar,frå Orklagruppa.  Fam. Johannesen største eigar i Norges Gruppa tar ut 1,4 milliardar, Reitan fam henter ut 350mill, og pussar opp gamalt hotell til ein milliard.  Dei fråtsar og dei bruker mange mange millionar til å sminka på den «sanninga» at vi har  så billige matvarer her i landet.

 

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.