«Synes det blir dyrare og dyrare for kver einaste handledag» seier fruen når ho oppgitt hiver handlenettet opp på bordet heime. Ho forklarar at den og den vara kosta 2 og 3 kr mindre berre for noken få dagar sia. Ho ramser
opp den og den matvara, legg kvitteringane frå dagen i dag og handledagen for ei uka sia..og det er inga tvil ..det er blitt til dels mykje dyrare. «Jamen» seier eg..»er ikkje dei som reklamere at dei er livet vårt på vår
sida då?» «Dei som stadig har tilbod om at ..kjøp dei tre varene her så sparer du så og så mykje ?» «Dei som reklamerer at dei betaler ut så og så mykje i kjøpeutbytte? «
«Berre bløff» seier fruen. «Dei lurer oss kver einaste dag, dei får aldri nok» . Vi tier i kor og tenker attende på Harrye Svensketurar der bilen vart lasta til randen av varer på eit heilt anna prisnivå.
Dei som styrer prismaskinene derborte opererer vel i dei same områda som våre eigne kjedar, men på eit heilt anna prisnivå. Det er slettes ikkje kjekt å vandra mellom hyllene på Coopen og Rema , væra litt prisbevisste,
og få oppgong i prisane i fleisen frå uka til uka.
Det er visstnok ingen som passar på dei få og styrtrike kjedane som operere her oppe i gamlelandet. Dei styrande i matbutikkjedane får frie hender til å vri
oss stakkars forbrukerar. Det finnes rett og slett inga styring. Og dei bestemmer ka vi skal ha i oss. Kver einaste varehylle er planlagde med det for auga å få mest mogelig profitt. Ordet koronadugnad kunne ikkje vore fjernare. Hagen tar ut ,
kvær jækla år, 1,9 milliardar,frå Orklagruppa. Fam. Johannesen største eigar i Norges Gruppa tar ut 1,4 milliardar, Reitan fam henter ut 350mill, og pussar opp gamalt hotell til ein milliard. Dei fråtsar og
dei bruker mange mange millionar til å sminka på den «sanninga» at vi har så billige matvarer her i landet.