Han, oljeanleggets vakt, slengte maskinpistolen ned på bordet å forlanga å få mat. Vi var kommt frå Island , slingra i 14dager pluss i orkan sør for Grønland og var ankommet Punta Cardon , Venezuela kvelden
før. Vakta var som henta ut ifrå eit mexikansk krigsdrama..som banditt, men var kledd i oljeselskapets farger og hadde ein thomson maskinpistol som companjera. Ein diskutere som kjent ikkje med ein med masinpistol og når han også peika
med ein skitten peikefinger ned i halsen for å understreka så tok eg pointet ganske så fort. Eg, som måtte steppa inn som messegutt då messejenta vår var sjukeavmønstra på Island. Eg var yngste mann på
dekk så det var ingen bønn. Men altså, eg hadde tatt pointet og rygga inn i bysso og henta ein bolle pasta til den sultne.
Etter arbeidstid (utskjei) pressa vi oss inn i ein gammal De Soto taxi forlet oljehavna og kjørte oppover
i bushen for å sjå på ka landet hadde å by på. Kjørte forbi esel som åt det vetle som vaks rundt kaktusane. Forbi tørre forvridde tre som vaks langs vegen. Ikkje eit hus eller menneske. Langt inne i ingemannsland
dukka det opp noken brakkeliknande hus, byggde på pelar. Vi var visst einaste besøkande den kvelden , for vel inne dukka det opp masse mørke vakre donnaer. Inne var ein primetive bar..med lang bardisk og noken enkle bord og stolar. Rundt
baren var det masse mindre rom og avlukker. Bordet blei fyllt opp med masse ølflasker..polarbeer. Rookie som eg var ..var eg litt usikker.. Hadde jo trakka rundt på Engelske, Nederlandske og Islandske pubar og ballrooms..men detta var noke anna.
Etterkvart som ølet rannt ned forsvann først den eine så den andre...med armane rundt ei vakker donna. Tilslutt blei eg sittande heilt aleina ...meg og ein masse Polarbeer. Polarbeer som de hadde fyllt ein masse kinin i, vissnok for at
det skulle holda seg i varmen. Men du fekk ein aldeles jæv.. skallebank dagen derpå...
Jagerflyet kom ned i mastehøgde for å sjekke oss. Vi hadde Cuba på styrbord og flyet var Onkel Sams vaktbikkje som passa på at
vi ikkje oppheva boikotten av øya. Men ingen norsk reiar ville vel gå imot og oppheva denne. Spillte vel inga rolle om dei innfødte ikkje hadde olje eller at det var knappt med mat. Dei var sosialistar og fortjente ikkje bedre..
"Kan
vi sjå seglbåten herifrå?" spurte Keith. Det var han og kompisen hans som hadde kjøpt drinkar, dyre drinkar til oss heile kvelden. "Nei" sa vi. "Den ligger for anker lenger nord. Vi satt i ein alt for dyre etablissement og såg
utover Nassau bay. Vi, norske sailors hadde tatt ein "kvit ein" for å få gratis drinkar. Vi hadde sagt at vi hadde seilt ifrå gamlelandet i ein ikkje alt for store seglbåt og hadde havna pengelense i Karibien. Vi kunne vel ikkje fortella
at det var gamle Vestri, ein liten tankar på 16000tonn som låg der, litt lenger nord. Velviljen var store og vi hadde litt dårlig samvet. Men Keith og kompisen såg ut til å sitta godt idet, dei hadde visst eit bein kvar i filmbransjen.
Keith var son til Robert Mitchum og kompisen hadde vore statist og spelt død i ein James Bond film.
For ein som berre hadde Ellenor Rigby, ett par Stones ,noken Elvis og Tom Jones som 45 plater til Kureeren, var det som å komme til Sareptas
krukke då vi begynnte å segla langs østkysten på USA.. Radiostasjonane sto i kø for å bli tatt inn på Kureeren. Jefferson Airplane, Four Tops, Sly and the family stone, Temtation, Monkees, Sinatra , Supremes og masse
anna. Eg hadde lugar på styrbord sida så eg tok stasjonane inn , loud and clear. Dei med lugar på babord side fekk også inn musikk i frå Karibien...steelband,steelband og atter steelband; men de hadde noke de kalla bluebeat også.
Som vel var forløparen til reaggie..dette var bedre saker.
Ben mønstra på som messegutt i Curacao. Eg trekte meg attende til min gamle jobb som dekksgutt ,frå oppvask og kakkerlakker i messa..attende til bakstørn (vasking
av lugarer) på onsdagar og laurdagar. Attende til ATA boks og skurefiller. Fekk eg ein malerpøs og rulla mellom nevane var dagen berga. Seinare fekk eg rortørn og fekk gå utkikk på bruvinga...då. Ben var ein smidige, ibenholdt
svarte ungdom ifrå øyo.Eingong låg han rett ut i lufto og berga ein bakke med kjøttkaker som var på veg ned frå bordet. Berre det kunne kvalifisera han inn som keeper på eit godt fotball lag. Han var sterk som ein
bjørn og full i triks. Ein mann som kunne væra god å ha med seg i ein mørke ally.
"It's not long time to Chrismas" var favoritt sitatet til Dennis. Dennis vår blide firskorne matros frå Liverpool som var ein hyggelig
arbeidskamerat og drakk kun Guiness øl . Og det var nett det det var. Eit par tre dager før jul slingra vi oss ut ifrå Reykjavik. Det var meld sterke storm i området men vi var klare for langtur til Karibien så det stoppa ikkje
oss. På veg ut i havet kom det fiskefartøy som skulle heim til jul. Dei forsvann ned i bølgedalane..berre mastetoppen var å sjå.. før dei blei slengd opp slik at kjølen var tørr. Skipperen kom akterover
stormbrua med ein sekk med julegåver og tre flasker whiskey. Han ønska oss god jul og det vart mange dagar til vi såg han igjen. Stormen auka til orkan og det gjekk ikkje an å komma seg ifrå midtskipet til akterskipet. Mesteparten
av denne jula , slingra vi søraust for Grønnland og gjekk kun med styrefart og det vart målt opptil 32m høge bølger. Men julemat vart det, pakkar delte ut og vi drakk gode drammer, spelte gitar og brølte julesanger.
Vi..spanjolar , portugiserar..og normenn.
"Idiot..du kan ikkje ta med deg kniv når vi går i land. " sa lettmatrosen til meg da vi skulle entra ein liten by i Statene. Eg såg for meg lugubre gjengar med springknivar og balltre..eller
Uncle Sam sin soldatvervar for Vietnam. Han...fortalde med overbevisning om fylleslagsmål, brutale politi, Sing Sing og elekriske stolar. Eg knakk fallekniven saman og la han nederst i skuffa..
Hadde vore ein livlige kveld ute på shappene i Rotterdam kvelden før. Då eg såg meg i spegelen om morningen kunne eg sjå det ja. Torbjørn hadde vore med og swingt seg på land om kvelden så han var i nett same stand som meg . Vi sat berre å nippa til frukosten om morningen og svelgde og svelgde for å holda speilegga nede. Men vi måtte på jobb og det verste av att var Båsen, arbeidsledaren, såg tilstanden vår også. Båsen var stort sett ok, men kunne til tider holda helvete med ein . Som no då han kommanderte "dekken" og "jungen" ned i eit rom djupt under ,bakken, baugen på skipet med kver sitt malerspann og rulla. Skipet var på veg ut av Europort havn i Rotterdam, ut mot havet medan to skikkelig fyllesjuke ungutter malte skott og dekk djupt nede i baugen. Vel ute i åpen sjø gjekk vi rett inn i ein nordavindskuling og dei to store ankerene på kver sida begynnte å røra på seg. Bang..bang sa det kver gong vi stanga inn i ei bølge. Det var som å befinna seg midt inni Big Ben . Det rista og skalv. Og eggene som nesten var på plass nede der dei skulle være..var på veg opp igjen. Torbjørn og eg følgde med kvarandre..ingen ville væra først.. Vi duppa rullane og malte..Bang,,Bang. Vi svelgde, rulla og malte..svelgde, rulla og malte. Så heiv Torbjørn ifrå seg rulla og sprang bort til leideren og begynnte å klatra oppover. Eg var nøyaktig to sekunder bak han og vi klatra med lynets fart og vel oppe sprang vi til kver vår side, åpna dørene og let speileggene få fritt leide ute på dekk. Igjennom tårfyllte auer såg vi at Båsen storflirte under midskipet. Han hadde nok venta ei stund for å sjå dette.