Blogg

Okay..vi har jo hatt det bra vi nordmenn. Vi trakk det store lodd på 60 og 70 talet, der framsynte og kloke folk som Arvid Johnsen og politiker Arne Rettedal gjorde at vi fekk hand om rikdommen under botn på Nordsjøbotn. Jens Evensen trakk opp 200mils grensene til sjøs, utanlandske milliard innvestorar vart holdt på armlengs avstand…vi var igong. Dette har vi alle hatt glede oppover og  sjølvkjensla til oss «Bønda i fra nord»har gått rett til vers.  Frå å vera lillebror til Sverige har vi passert dei og går øve dei både i skisporet i økonomien. Til og med dei som i dag står fram som dei grønnaste av dei grøne har hatt mat på bordet, klede på kroppen,gratis god utdanning  og diesel på tanken pga av dei flinke framsynte for 50år sia. Vi har mykje å takke for, og fekk eit stort ansvar å fordela denne rikdommen i demokratiet sitt namn. Dette klarte vi og i mange år.

 Men demokratiet rotnar på rot, fordelingspolitikken rustar sunn. Politikerane frå AP, FRP og Høgre har forfordelt via skattepolituikken  dei  få prosentene rikaste av oss. Vi kunne for mange mange år sia lesa om Kloster , ein norsk reiar i cruisebusinessen,som troppa opp på eit skattekontor austpå. Med seg hadde han ein bag full i tusenlappar som han ga kemnaren i den kommunen som han sokna til. Kloster var utstyrt med noke som sjeldan som sosial samvet. Han håva inn, på den tida 10talls millionar , utan at han behøvde å betala skatt av dette. Skattereglane var finurlig opplagde og advokatane på Kloster sitt kontor fann smutthol ,slik at han slapp å betala skatt av selskapa sine. Til og med skipsreiaren syntes dette gjekk for langt , derfor denne bagen med tusenlappar til kemnaren.

Kor ofte les vi ikkje ikkje om store milliardfirma som skuffer inn , men som ikkje betalar skatt. Berre på dette mediet ,Facebook, og Amazoon og Google er skatteviljen totalt fråverande.  Og den  eine prosenten av Norges befolkning håver inn utan å betale ein brøkdel av den skatten som dei burde. Dei har røyr i megastørrelse  ned i den felleskassen, håver  inn på støtteordnigar også no i koronatider. Bonusar og utbytte blir betalt med felleskassen sine penger. Dei slepp arveavgift når milliardsummar som blir overlevert til neste generasjonar. Dei neste generasjonane arvar også den totale mangel på sosialt samvet. Alt dette bygger regjeringar med AP, Høgre og gode støttespelerarsom FRP  opp under.  Desse siste ser også til at sjølråderetten vår som nasjon er på veg rett utafor stupet. Utanlandske selskap kjøper opp landområde, anlegg og industri med myndighetenes velsignelse.

Dette er så øydeleggande for vårt skjøre demokrati at vi om ikkje lenge kan slutte å heisa flagg og å feira 17mai. Vi kan endelig feira dagen, kall det gjerne isens og hornmusikkens dag, men ikkje kalla det for grunnlovsdagen , for nasjonen vert styrt av Brussel og andre utalandske selskap. EØS trumfer norsk grunnlov . Vi , vanlige nordmenn er ikkje herre i eige hus, demokratiet er berre noke som vi eingong hadde.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.