Blogg

Det var ein lagseier seier informasjonsjefen i Norsk Hydro, då dei rei stormen av i 2020 og valseverkene på Karmøy, Holmestrand og i Tyskland gjekk så det suste. Alt i alt hentar 3500 arbeiderar ut lønn i denne lagseieren. På Karmøy jobber 230 , og dei fekk eit overskot i 2020 på 54mill.

Men etter at Brandzæg gjekk av som konserndirektør og Hilde Merete Åsheim overtok i 2019  så har det vore flagga at det er for lite inntening ved valseverka. Og med ei arbeider fientleg norsk regjering på laget, har det vore sia 2019 jobba med å selje ut valseverka. For som vi nå veit så betyr ikkje sikre arbeidsplassar noken verdens ting korkje for Hydroleiinga eller Solbergregjeringa. Det kan jo vinka større forteneste der framme og då er jo arbeidsplassar , folk har jobba der både 30 og 40 år og eit trygt liv for mange familiar heilt underordna.  Og å informera tillitsmannsapparatet eller kommunane som dei drive i er jo ikkje på agendaen for desse pengegriske.

Ordføraren på Karmøy , Jarle Nilsen er heilt fortvila og prøver å samla dei andre ordførerane i kamp mot dette, toppen av griskhet. Nilsen nemner ..Også nå når Hydro har fått gjennoslag for milliardstøtte frå Enova til pilotprosjekt på Karmøy,pluss CO2 kompensjon,pluss å få til eigarskap i kraftselskap.

Takken er  desse godene  er altså å selje seg ut.

Raudt kort til leiinga av Hydro og lakeiane deira i regjeringskontora..

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.