|
|
|
|
|
Blogg
Det er laurdag føremiddag og då tenkjer eg å setta opp ei Topp 5 lista med negativt fortegn om ka som har hendt den siste tida. - På ein god 5te plass hamnar griske El verk sjefar og eigerar som klarte å setta
opp nettleiga no i den kaldaste årstida og midt i den magraste koronatid for oss kundane.
- På 4de plass kjeme NVE, eit direktorat som har sett seg føre å rasera norsk natur. Dei har delt ut byggeløyve for forferdelige
vindkraftverk i hytt og (spesiellt) pine til utanlandsk storkapital og norske storbyar. Byggefristar vert forlenga med eit lite pennestrøk. Eit direktorat som lever sitt eige liv og ser ut til å ha eigne lovar i kongeriket, dei trør alt
flatt rundt seg og det ligg strøtt med øydelagt natur og liv etter dei.
- 3dje plassen må nesten Siv Jensen få. Er det ikkje ein uskreven regel at kapteinane blir med skipet sitt ned. Men ikkje Siv. Alle mann til pumpene for
å få Frp flytande igjen. Sjefspumparen Listhaug skal visstnok overta tømmane , eller pumpehandtaket. Tviler på, om ho sikkert får med seg halve First House , at dei får Frp på rett kjøl igjen, til det har vel
partiet vist sitt sanne eg.
- 2dre plassen bør nesten regjering sin koronakamp via TV få. Same ka tid det er på døgnet , når ein slår på rikskanalen eller TV 2, så dukker fjeset til statsministeren eller
fødestovenedleggaren Høie opp og maser om Koronaen. Nye reglar legges fram, heile tida, så legges dei tilbake . Sjenking kjeme og forsvinn att. Skular stenges, åpnar att. Imens fyke Wizz air over stengte grenser med arbeidsinnvandrerar
og landar på vest og nordnorske flyplassar der dei viser fram tvilsame vaksineattestar. Vi sjåarar er litt forvirra om det er valkamp eller folkeopplysning dei drive med. Trur de er litt forvirra sjølv også inni sitt eige regelverk
som endrer seg frå time til time.
- Men 1ersteplassen går meget fortent til PST . I sin iver til å finne nye fiendar av landet , og det at det minkar på 15 åringe potensielle terroristar frå Groruddalen så
innlemmer dei elegant vindkraftmotstanderar som dei ypperste av statens fiendar. Her roter dei seg inn , i beste Øst Tyskland stil å startar øvevakning av lærerar, sjukepleierar, akademikerar og pensjonistar frå alle lag i folket.
Ein kan sei at dette er ein skikkelig skivebom. Her skal ein altså granska og advara i mot folk som har betalt sin skatt i alle år, som har logge i knappetelt og vore fyringsvakt i -15grader ute på nordnorske fjell. Som har brukt ett
til to år av livet sitt i forsvaret , for eit land som dei er glade i. At PST ikkje skjems? Dette er ille , men det føyer seg vel inn i mykje av det andre som PSt har holdt på med, som det å prøve å verva vanlige folk
til å spionera mot Ivan. . I beste Le Caree stil så har dei prøvd ..Spionen som kom inn frå Kirkenes (Frode Berg) og Spionen som kom inn frå Ølen (Ølen Betongs Berge). Sjøvoll og co bør ta seg
eit tebrød og to, geara ned, eller helst gå av.
Du liker denne siden
|
|
|