Blogg

Ein long time not seen kompis ringte i går kveld. Inne i praten kom det plutselig..."Eg høyrte "Nights in wite satin." (Moddy Blues) på radioen i går. Eg husker at eg dansa etter den for mange herrens år sia då du (meg) og kompisane dine spelte den. Det var utpå golvet der og då eg fekk meg mitt første kyss. "
Eg vart litt sett ut av den historia, tenkte tilbake til the good old days dengong då det vel var tidleg "Meet" som sto på scenen. Gode folk som Reidar B, Sibben, Raymond, og G. Høyland var med. Nedslagsfeltet vårt var fra Sauda, Odda og Karmøy. Gamle fokevognbussen vår Harry P. med dårlig styresnekka fekk oss rundt til og med til Røldal der vi var første rockegruppa som spelte.
Kompisen som ringte i går er nok ein romantikar, men han er dessverre enkemann.
Vi avtalte eit møte og ein fest til sommaren.
Etter å få slike historiar i fanget så er det nesten som du tenker at du vore med å gjort litt positivt oppover.

Høge temp både her på sosiale medier, i radio og tv når det nesten er blitt fake news at hvermannsen snart skal få vaksinen. Det er store penger i sving der ute og produsentene av vaksinen er vel ikkje bedre enn sine nære kapitalist venner. Her gjeld det å smi og fylle opp kontiene mens jernet (likene) er varmt(e). Så til og med nordens Dubai har for lite penger å legge i potten for å få noken etterlengta mill glas med der reddande serumet. Heldigvis har vi fått såpass at kongen og dronninga har fått kver sitt stikk. Så er vel monarkiet redda for ein stakket stund. Vi reknar vel og at dei på Løvebakken også har fått sitt og dermed rullar vel AS Norge sånn nokenlunde vidare .

Oslopolitikerane skulle gjerne hatt tak resten av det raskt minkande lasset med vaksineglasa som vi har mottatt. Det var nesten flaut å sj å Raymond Johansen i opptreden hjå Solvang i ein av dei heite debattane. Det var nesten som du skulle høyre Odd Børresen si vise om det å hate måker. SKAL HA, SKAL HA. Får inderlig håpe på at ein slik mann ikkje kjeme i frågan hvis Støre skal abdisere som AP leiar. Vi får kose oss med nåverande galluppar . noen ganger er det allright.

Ikkje har eg noke å klage på når det gjelder det norske helsevesnet. Då rullegardina gjekk ned over det høgre auge så vart det full service..med flinke legar, sjukepleierar,hjelpepleierar til og med refusjon for reisepenger frå Helfo..nesten ikkje til å tru, det var rett og slett topp.  Altså ein service heilt i verdstoppen.

Men..og eg har lest om dei som har skikkelig alvorlege sjukdomar, som til eks MS . Les om ei 31årig kvinne som fekk denne jævlige sjukdomen for 10 år sia. Det har vore ein 10års kamp der pila for å bli frisk berre har peika nedover og nedover. No er ho komen til eit punkt der ho  berre  eksistere , ho lever ikkje. Heile vegen har ho hatt god oppbakking av helsevesnet og dei har gjort det som dei kan i å lindra og i det å stagge sjukdomen. 

Alt er gjort, men MSen  vinner og 31årineg er på veg imot stupet. Siste håp er å kunne dra til Russland for å få ein stamcelletransparasjon. Ein operasjon som vil koste ca 500000. Ingen sikker operason . men trass alt, beste sjangsen for at det stopper sjukdomen og/eller at 31 åringen kan å få ein markerte betring av livsituasjonen sin. Men her set Staten Norge foten ned…det skal ikkje gies støtte til slike operasjonar i utlandet.

Mange , både unge og gamle er i samme situasjonen, men AS Norge er like steile. Det skal ikkje gje støtte til slike «eventyr»,

Staten Norge auser ut støtte til aust og vest, til korrupte land med diktatorar, men å hjelpe dødjuke her heime .det kan de ikkje. Kem som står på denne bremsen veit ikkje eg..men de burde tenka seg om å skamma seg. Det kunne jo vært deira eigen  datter, sønn, søster eller bror som fekk den jævlige sjukdommen.

Denne 31 åringen tok mot til seg og gjekk ut med si historie på spleis.no , så no har ho fått det beløpet ho treng for å dra til Moskva. Det skulle i mine auger ikkje vore nødvendig.

Rett før coviden slo til var det å legga ned flest mogelige fødestover og sjukehus Mr Høie sitt store lodd i livet. Og då helst nordpå og nedover kysten. Fødestova i Kristiansund skulle sjølsagt leggast ned. Men den fekk ei lita utsetjing til 23(?) . Men allereide no er ljåen til Høgre og resten av kostebinderiet der og vil mørklegga fødestova, til stor fortviling for dei som ventar seg og ikkje har lyst til å reisa 20-30mil for å få ut ein nye verdsborgar. Sikkerheta er heller ikkje tatt vare på. Tru om dette kvalifisere for nye opptredenar hjå Lindmo? Og kvifor er ein aldrande mann som eg oppteken av ei fødestove der oppe på kysten. Jo fordi ei tante av meg var jordmor der i mange mange år, og tok imot , på ein sikker og god måte, mang ein fiskar og operaelskar. Og det denne regjeringa heller ikkje har tatt høgde for er jo at i desse coronatider har folk hatt mykje heimetid , og noke skal folk driva med og det kan verta ungar av slikt...mange ungar.

Viss eg av ein eller annan grunn har ete noko tvilsame mat eller for den sak si skuld ..tatt til meg grumsete drikke, og derfor  måtte tømme magen, kort og godt måtte  spy; så hadde eg sloppe å tatt til meg brekkmidel. Noken kunne berre sagt ..bærekraftig, så hadde jobben vore gjort. For meir belasta ord enn bærekraftig har det vel ikkje vore dei siste åra.

Det er nesten utan unnatak det ordet kjeme igjen og igjen. Vert noken interjuva om eit nytt prosjekt eller arbeid som dei skal i gang med , så vert berekraftig bruka nesten annakvar setning. Fordi det er opplest og vedtatt at slik skal det væra . Og det er ikkje frå grasrota og folkedjupet at bærekraftig kjeme. Vi har nå sysla med vårt i århundrer eller kanskje årtusner . Vi har så visst ikkje brydd oss om kor bærekraftig våre livslaup har vore. Vi har berre jobba på , tatt oss av våre næraste, oppført oss stort sett slik folk skal eller bør gjera . Fått oss eit yrke, gått i rekkene og høyrt på dei (fornuftige) kapteinane i samfunnet. Straff og fengsel har vi jo også ungått, i alle fall dei fleste av oss. Bærekraftig var ikkje oppfunne på 60-70og 80talet. Vi klarte oss for det.

Vi fann olja og med fornuftig utvikling så var det til det beste for oss. Det starta å gå nedover då vårt statlege oljeselskap skulle bli» bærekraftig» , skifta namn og brukte ein masse milliardar både på namnebyte og ein masse  tull og tøys i Statene  Dei fleste av oss   var jo i jobb og  rikdommen genererte ein masse folk som levde bong på uforstålig nok såkalla « bærekraftige «yrker. Vi fekk ein haug med HMS ingeniørar som skulle snu opp og ned på eit velfungerande  arbeidsliv og generera ansvaret i ve og vel frå ein  meir og meir teoretisk annlagte leiing i bedriftane , ned til den vanlege mann på golvet.  Alt skulle dreia seg om inntening i bedriftane og folk med praktisk ærfaring i leiinga i bedrifter vart bytta ut med folk frå Handelshøgskulen og BI ..Penger er jo ein gamal avgud og no vert den pussa på og sett inn i alle ledd i arbeidslivet og i livene våre elles. Politikerar som før jobba for dei som valde dei inn, vart no proffesjonelle og bygde relasjonar med andre i yrket. Albogane vart brukte og etter endt politisk (u) dåd kunne lukrative jobbar i næringslivet og/eller som  (forbanna) lobbyist frista.

Demokratiet er utfasa og ordet blir berre brukt i festtalar….til liks med  bærekraftig.  Stemmekveg som oss vert berre interessante når vala nærmar seg. Det er ein sure ukultur som heng som ei sky over as Norge. Utalandsk storkapital drive, med våre skattepenger , barneværn, barnehagar , sjukeheimar ol. Politikerane synes at vi vanlige innfødte ikkje oppfører oss «bærekraftige» nok og at utanlandsk firma og storkapital overtar .Uerstattelig norsk natur må vika for at storkapitalen skal få bygga skogar av 250m høge vindturbinar.  Og no er  det fiskebankar og havutsikta som skal dræpast. Røkke har tatt ned teikninga over «Miljøhuset» (Det som ingen vil ha) og hengt opp teikningar av havvindmøller på nesten 400m høgde istadenfor. Og jaggu blir ikkje ordet berekraftig brukt her også. Lenge leve galskapet. Mennesker, dyr og fuglar lir av eit vanstyrt fedreland som opplever eit 9ende april mange ganger på eit år, når  utanlandsk storkapital kjeme på besøk.  Sendeboda som skreiv lovboka vår i 1814 hadde gått trill rundt i gravene sine  om dei berre hadde lest dei første kapitla i EØS  avtalen vår.

Og nesten det verste som er at det ikkje finnes håp ..for hvis det ymtes frampå om at kanskje vi skulle overta på bruvinga sjølv, så kan du være sikker på at eit eller anna mee.to eller ein 17åring frå Sverige dukke opp og dermed er politikerane her til lands ferdig lobotomert og det einaste ordet dei klarar å kviskre fram  er ……bærekraftig.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.