Vi har stridd oss igjøno det første koronaåret. Ikkje med glans , men vi har vel ikkje halta for mykje heller..eller? Vi har hatt ei politisk leiing som har nytta kver anledning til å visa sine meir eller mindre smukke ansikt
på tv skjermen. Nye ordningar kver veke, nedstegningar og atter nedstegningar. Månadane har gått, legeindustrien har jobba på høgt gir. Kem kjeme først i mål med vaksina som verkar. Alle veit at der framme
vinkar milliardar i løn til dei som som kom (kjeme) først. Og så kom de den eine etter den andre , Oxfordprodusert, am/tysk, kinesisk, russisk, flotte namn med med vri. Og alle kjeme til å gjera det stort økonomisk, for verda
trass i alt noken milliardar h sapiens.
I staden for å sikra ein stabile tilgong av vaksiner har sjølsagt Solbergregjeringa stillt seg lydige bak Brussel , bretta opp ermene og venta på tur. Store planar og eit helsepersonell
på allerten klare for å stikka folket…men vaksinene kjeme ikkje..Eller rettare sagt litt kjeme, men ein god del av det tar til høgre inn Oslofjorden og vert brukt der. Så i staden for å gå rett til produsentane av
vaksinene slik at vi kan få landet på fote att ,står Ola dunk med huva i handa og ventar og ventar…kanskje Brussel slepper opp litt meir? Men nei..stadige nye forsenkingar gjere at landet må stenges ennå meir ned.
Vi er jo berre ein erklærte ytterkant i unionen med eit handlingslamma politisk styre som står med huva i handa..lydige som ein kua hund…ventande. Ikkje er vi dårlig stellte økonomisk heller ….ennå. Ikkje slik som
Argentina som vert avkrevde byggverk og ambassadar i pant for sårt trengande vaksine , produsert av ublue produsentar som ikkje gir ved dørane nei…her skal det gjerast pengar..
Vi les om Solbergregjeringa si økonomiske støtte
til bedrifter og fortvila mennesker. Det er så til dei grader ei støtte til eksisterane kapitalsterke og ikkje til dei av oss som har konkurs spøkelse hengane over seg og eller dei som er tvungne ned i NAVsi kvikksand..med store tap
av inntekter. Vi les om ei som drive ein skomakersjapp i Skipper/Strandgt. I sildabyen. I sitt 3 dje år med brukbare drift slo jo coviden til mot henne også. Men ho fekk ikkje støtte av regj. pga av at ho hadde hatt for liten (?!)
omsetning. Mange har nok vore i hennar sko. Men vi les også om Andresen fam som har vakse over 6milliardar pga av at dei kunne gjera oppkjøp/pengar på koronaramma foretningar og firma. Og vi les med større og større auger om
hotellkongar og milliardærar (vi har fått 21 nye av de i dette knallharde koraåret) som får utvida sugerøyra sine inn i vår felleskasse. Dette er i den beste høgrepolitikken si and. No får jo Erna
oppimot 27 % på siste gallupp. Dette er på bekostning av sine trufaste støttespelerar som Venstre og Krf.. Dei har jo gravd si eiga grav med å bli med og til og med vera dei beste i denne djupe blå politikken som er så
urettferdig som den vel kan bli. Og viss det er ca ½ % milliardærar og 5% millionærar i dette landet…er det verkelig så mange av oss andre som stemmer på dette partiet som gjere slike ting imot eit samfunn som ,dei på
toppen av alt, er sett/valgt til å administrera? Det kan eg ikkje med min beste vilje forstå…Men det er mykje eg ikkje forstår her i og om, korleis denne verda fungerar. Og eg forstår heller ikkje koffor vi står på
staden kvil..når vi kunne fått tak i vaksine® i full fart , så hadde med forkorta dette traumaet. Eller, og det er nesten naturlig å spørra om; noko bakomliggande som vi ikkje veit noko om og som ligg der å har
bremsene på? Slik som eg ser det så må de slutta med dette no og ikkje holde folk for narr..Kort oppsummert..Få tak i vaksina for f….