|
|
|
|
|
Det er ikke lagt inn noen video
Lita vise til Frøya.. Måtte låne melodien til Terje Nilsen ... Håper det er greit Terje..kor du nå er? Bra formål veit du..
5 Gravrustne på ein lørdagskveld..
Skulle ta opp GIGen no på lørdagskvelden på HOB Som vanlig så vart det liit rot i innspelinga. Første tre min var det nyinnkjøpte Martin gitaren til Karl som ga frå seg nokre ulydar, heilt til det retta seg...Og så klarte vi å få nedpå ca 30min med rep. ellers vart opptaket svart.Men vi hadde det i kjekkt og vi koste oss...og det gjorde publiken også
Det er ikke lagt inn noen video
Kem som er den største?
Prince er død, og det er triste greier. Han vart 57 år. Det er jo slett ikkje verst for eit rock ikon. Kan jo nemna i fleng ..Henrix var 27 då han for, Joplin var 27, Jim Morrison 27, Brian Jones 27. Lennon klarte å tippe 40,
Marc Boland 29. Og det er ei lange rekke med flotte folk som har gått bort på ulike måtar, i fylla, bilcrash, skotne …Litt respektlaust sagt, skikkeleg rock’n roll dødsårsaker. Ikkje mange her nei som ”mønstra
av” av pga alder og med familien samla rundt seg, når dei trekte sitt siste sukk. Så dukker sjølvsagt spørsmålet opp ..kor mykje avdøde betydde for oss som elska musikken deira. No er det tid for musikkjournalistar
til å stikka hovudet fram å avgje sine dommar . Dei som eg har høyrt siste døgret utbasunere sjølvsagt at Prince var den største og….medan dei er i gong (på innpust) så er Bowie ein god
nummer 2. Vi vanleg dødlege må verkeleg tenka etter . Er det slik? Å komma dragande med Lennon , Dylan, Petty, Springsteen, Johnson, Matthews nå, er nok å snakka for døve øyrer. Så då
er det betre å halda kjeft. Men det er trist det med Prince ja.
Om ei spesiell vik på Romsa ,og om ei spesiell og flotte jenta som ikkje er med oss lenger.
Namn på gruppa..
Kassegitaren og shuremicen har vore faste følgesvener oppover og det har vore mange rare tildragelser i bandlivet og ellers. Her ligg det nokre låtar på youtube: https://www.youtube.com/user/MrBlues1806
Reidar var verdas verste fotballspelar.
Reidar var antagelig den verste fotballspelaren eg noken gong hadde sett. Han var så dårlig at eg kasta kniv etter han. Heldigvis traff eg ikkje men fekk ein god kompis i ungdomstida. Musikksmaken vår var heilt samanfallande. Vi dyrka Rolling Stones, Kings, Jimi H, Moodyblues , Animals og mange andre. Vi slukte rått det som kom frå BBC, radio Lux , LP og små singler . Dette var vår musikk og vi dyrka det uhemma. For å komma inn i vår innerste sirklar måtte ein kunne sin popmusikk og seinare blues. Merkeleg nok var det svært få jenter som kunne sin popabc. De hang litt etter og var litt for opphengde i Cliff og Elvis. Husker Ingrid som var så opphengde i Elvis at ho tok permanent kver gong nye Elvisfilm kom på bygdekinoen. Torbjørn hadde 2 brør som var sjøfolk og som sendte han Elvisplater som han spillte på ein liten batterispelar. Men det var før i tiåret no var det Stones og co som regjerte. Vi trente inn noken enkle grep..her var Reidar ein meister. Han var lettlærte og formidla det seinare til oss.
For avmønstringspengane
For avmønstringspengane kjøpte eg ein VOX AC30 . Førstevalget var ein Tempo Taifun 175ccm, men det gjekk ikkje. Fattern la ned veto mot kjøp av motorsykkel , han ville ikkje ligga nattevaken å venta på at eg skulle komma heim. Det hjalp ikkje med bønner og forslag frå meg om at eg skulle slå plenen heima resten av livet. Ingenting hjelpte så eg kjøpte eit lite Pilipcordia orgel og dermed ein AC30 for å forstørra orglets spede lyd til orkan. Beatles brukte AC30 og Booker T and the MGes gjorde comboen verdensberømt. Holdt i massevis for meg. Eg var begynnt på yrkeskulen i Sauda, Reidar B hometown. Hadde dradd med meg skumle laster frå sjølivet. Etter skulen FØR middag var det klar for ett par halvlitere. Etter middag satt vi på Kløver og Torgheim og drakk pils til de stengte. Reidar redda meg rett og slett for ein gryande alkeholisme med å dra meg med i bandet sitt.
I Oladalen
Vi, Reidar på gitar, Geir Høyland på bass , Raymond Seljestad på trommer og eg med orgelet og Acen min øvde på eit gammalt forsamlingslokale i Saudasjøen
. Det litle kvite huset var oppkalla etter staden, Oladalen. Greit nok. Etter kvart som vi kom litt lenger enn steinalder og begynnte å spela «Nights in white satin» og litt til, så kunne folk komma å svinga seg litt. På
søndagane var det full fart og folk stillte opp. Ein gong kom til og med ein svære neger og stillte seg opp framfor scenen. Raymond var sikker på at han var bassist. Raymond meinte at for å bli ein fullbefaren bassist måtte ein
helst væra mørkhuda og ca 2meter og ti høg. Kor han hadde det ifrå veit eg ikkje. Men iallefall Oladalen var eit flott øvingslokale. Å spela i band hadde jo ein del førdelar som relasjonar til det anna kjønn...så
Kari kom ofte med smørbrød og eit par pils til oss men vi held på som hardast. Reidar var den soleklåre leiaren i band og satt på såpass gitarkunnskap
at han var både Geir og min sin føresatt på det å terpa inn låtar. Raymond som var halvt Waliser synes at eg som vokalist ikkje hadde heilt taket på engelsken. Sjølv hadde jo han tak på det engelske språket
men vokalen hans havna enten ein halve oktav opp eller ein halve ned. Vi slapp han ikkje til føre microfonen for då kunne alt skje..glasruter som sprakk og slike ting. Men hans høgaste ynskje var å synga så då noken teknikere
hadde mica opp trommesette hans ein gong vart han heilt vill og gjentok: «Eg skal synge..eg skal synge». Men det skulle han heldigvis ikkje , trommene var mica opp for å få bedre lyd på opptaket. Heldigvis hadde vi som rockeband liten konkurranse av andre band i lokalsamfunnet. Dette var før lugubre prestar og kokkar og slike hadde matrialisert seg i Sauda. Vi var og det første bandet som spelte på
Folket hus og sette dermed Evald med trekkspelet litt utøve sidelina. Dei gode gamle trekkspelerane hadde jo rådd grunnen aleina i mange år og hadde klippekort på å få spela på dansane. Ein slik trekkspelar (trur
ikkje det var Evald) skulle spille i eit bryllup ein lørdag. Han ramla som så mange gonger før på fylla på fredagen så lørdagen kom og gjekk og det var berre eit svakt minne om den på søndagen. Men
han kom til seg sjøl på søndagskvelden og det at han skulle ha spillt på lørdagen i det bryllupet smalt som ei slegge i hovudet på han. Han manna seg opp og ringte til brudgommen for å beklage: «Beklager jeg
kunne ikke komme i går jeg gitt». Historien fortel at han både hadde hadde stillt opp og spillt bra..
Med Fifty Fifty Bluesband
Namn på gruppa..
Å finna namn på grupper er inga spøk. Reidar hadde eit allereide: The cirkle of the cryptic admonishment. Var jo skikkelig flott då og betydde muligens noke slik som Sirkelen rundt det manande ordspråk. Vi klarte å
finna fram til eit kortare..Psycko fritt etter Hitchcook. Litt mystisk og lettare å skriva på ei bilside eller trommeskinn. Så måtte vi ha eit kjøretøy..kunne ikkje frakta wattmakerane rundt på handkjerra. Mor og
Far til Geir trødde til å skreiv under på eit lite billån i banken og så var vi med eit eigar av eit fantastisk kjørety frå Bondesrepublikken..ein WV Transporter. Den dag i dag er det meg ufattelig ka vi klarte å
pressa inn i denne varebilen. Forsterkere, høgtalere, trommer, orgel, gitarar, bandmedlemmer og groupis. Alt gjekk inn. Det var eit varestativ på taket ..og ting som tålte vatn og ellers dagens ljos vart surra oppå der. Eg går
ikkje heilt god for om det var med denne bilen ..men eingong ramla ei tromme av taket å datt i Åkrafjorden.. Ein fiskar kjende igjen navnet på den drivande tromma og den kom tilbakers til eigaren noken veker seinare. Men iallefall denna bilen
fylgde oss noken år og vi kalla den Harry Pnot. Raymond malte L-13 på skiltnummeret , noke som fekk oss i trøbbel litt seinare. Jomfruturen fekk den til ein spelejobb i Odda. Til og begynna med hadde vi ikkje så møkje utstyr
så vi hadde det ganske rommelig utover Saudafjorden. Einaste som hadde sertifikat var undertegna og det gjekk vel greit utøve. Geir synes at han eigde brorparten i Harryen sidan foreldra hans hadde skreve på gjeldsbrevet, så han ville
kjøra etter noken mil. Okay greit det, men Vestlandsvegar har alltid vore smale ,så då han kjøyrte ut i ein utkjøyring for ein møtande bil og skulle ut i vegbana igjen, gløymde han og svinga skikkelig ut og klistra
heile høgre side inn i fjellveggen. Bilen datt noken poeng på å sjå fin ut , men den var kjøyrbare . Så etter bytte til gamlesjåføren, kom vi oss igong igjen . Vi havna til slutt i Odda, og der vart vi godt
motekne, både vi og musikken.
Utskiftningar
Ingen band utan litt utskiftingingar ...Geir bakka ut og vi trengte nye bassist. Heldigvis fekk vi tak i Sigbjørn Davidsen , Sibben, til å ta turen over fjellet ifrå Odda. Han kom ifrå dei beste musikarane, som Knut Kvalheim
, Alstad og den gjengen som hang rundt Cream spelande Impressiv Mark. Han var eit musikalsk funn som trakterte gitar og bass som ein konge. Bandet vår fekk eit løft med Sibben. Litt om Sibben: Han begynnte tidleg å øva seg på
gitar og hoppsporten gjekk glipp av eit talent. Knuten og han ville ha meir lyd så dei byggde eigne forsterkear og lydsøyler. Heime hos Sibben slutta plutselig den nyinnkjøpte stoveradioen og virka ein dag. Faren fekk radioen ned til forhandlaren
og fekk beskjed om å komma ned å henta den ett par dagar seinare. Som sagt så gjort, faren sto ved disken til forhandlaren og skulle henta radioen , men fekk klare beskjed at ein radio ikkje kunne fungera utan høgtalar. Den var skrudd
ut og brukt til å få fram heilt annan musikk enn det som vart sendt på NRK1. Sibben var ein fine fyr men vi måtte slipa av han noken småfeil. Han hadde aldri gått av vegen for ein friske real fight. Liten og lette
var han, men lynraske. Og på den tida var det lett for ein fyr som hadde skulderlangt hår å komma borti trøbbel. Vi ba han heller snakka seg utav trøbbel når han havna oppi det . Dette råde fulgte han, og det gjekk
stort sett greit ,bortsett frå ett par gonger. Eine gongen var i Ølen då vi skulle høyra på eit anna band som spelte, då ei jente kom springande inn i lokalet og fortalde at kompisen min heldt på å bli tatt
livet av utanfor. Eg sprang ut og der var ein svære gubbe som stramma eit skjerf rundt halsen på Sibben. Eg pikka den svære gubben på skulder og opplyste han om at Sibben held på å bli blå i fjeset av mangel på
luft. Her gjekk ikkje fornuften inn så eg aksla meg plass i den store ringen med folk som sto rundt, og som ville sjå blod. Så tok eg rennefart og spente menneskefjellet i nyrene så han måtte sleppe taket, greip fatt i kompisen
min og vi sprang for livet. Det gjekk bra. Eingong var det ein sleipe Haugesundar (var faktisk musikar han og) som ikkje ville gje han fred. Mobba og sto i. Sibben såg spørrande på meg og eg nikka grønnt ljos. 5 min etter kom dei
tilbake som beste vener, men Haugesundaren hadde fått ein vaksande blåveis. http://youtu.be/0bBFBoniMzg
Nytt utstyr
Reidaren og eg fekk vide fullmakter frå resten av bandet då vi drog til Stavanger . Fullmakt til å gå litt berserk no når vi skulle kjøpa meir utstyr. Leste jo om dei store gutane som The Who og Animals som stillte
med fleire tusen watt på scenen. Men dette var slettes ikkje aktuelt i vår verd. Her var i kjempenøgde om vi fekk eit par tre hundre watt og boltra oss med. Selgaren i musikkforretningen var ein ok fyr og ville gjerna selge oss på
krita. Vi bar ut av forretningen PA, ekkomaskin (jøsses den huske eg ennå, eit band som gjekk rund og rund på eit slag trinser), Dynacordar. Vi bar inn på lokalbåten som skulle innover og måtte rett og slett feira med noken
pils. Båtreisa vara nokre timar og Reidaren og eg var høgt oppe og feira så det sto etter. Sibben og Raymond og eit par tre andre venta på kaien då vi kom inn. Vi bar heile anlegget opp til Folkets hus der vi skulle spela om
kvelden. Heile gjengen var i storform og då vi hadde fått prøvekjøyrd anlegge og fått lyd, berre fortsette vi feiringa. Søndagen kom med eit svakt minne om at vi hadde spelt, men ingen av oss var heilt sikra korleis
det hadde gått og vi frykta det verste. For min del hadde eg visst spelt med bare øvekropp...Uffa meg. Utpå dagen var det ingen bønn vi måtte opp for å henta utstyret og dermed visa oss for folk. Vi sneik oss fyllesjuke
igjennom Saudas gater og prøvde å gjera oss så små som mogeleg. Då var det ein som ropte til oss ifrå andre sida av gata: HEI GUTTER, HIMLA LIV IGÅR..DERE SPILLTE JÆKLA GODT ...
Bowlingen og Fru Løyning
På «Bowligen» i Sauda regjerte fru Løyning med både harde og gavmilde hand. Hvis det vart trøbbel inne på bowlinglokalet var det rett ut. Men vi vart kompiser med dama og dermed hadde vi ein gode ven. Hvis
vi hadde lyst til å ta ein tur på Torgheim eller Kløver og var litt blakke, så kunne det gå an å låna ein hundrings av Fru Løyning. Vi passa altid på at når vi fekk studielån eller betaling
for spelejobbar så betalte vi attende det vi hadde lånt. Vi gjorde også små tenester til dama som eingong då vi måla huset hennar. Ja teneste og teneste ..vi skulle få ett par tre kasser med Hansa 2 for jobben. Vi
henta ut løna på forskot i og med vi måtte heilt til Røldal for å kjøpa. I Sauda måtte ein bestilla og det hadde vi ikkje tid til. Men vi, Reidaren,Raymond og eg frå bandet og Bjørn og Øyvind
frå yrkesksulen fekk klare beskjed frå huseigaren og ikkje åpne ei stakkars flaske før me hadde malt oss eit godt stykke ned på veggen. Ok som sagt så gjort. Vi sendte dei mest høgdesterke opp i mønet med
kost og spann. Oss andre fannt oss mindre stigar og etterkvart var heile gjengen igong. Huset var rimeleg høgt og stort, men vi slapp å skrape og når vi visste ka som venta oss nede i den kalde kjellaren gjekk jobben fort og effektivt. Fru
Løyning held over oppsynet med oss og vart meir og meir blide etterkvart som vi jobba oss nedetter veggen. Vi kikka spørjande på fruen og lurte på om at det var tid for... Men nei..ikkje ennå heller. Men tilslutt fekk vi grønnt
lys og sprang imot kjellaren. Nå vart ikkje effektiviteten så skyhøge lenger, men vi kom nå imål. Vi pusta ut og Øyvind som hadde lånt brorens Amazon var så oppgira at han tok av sokker og sko og trødde
oppi malespannet med bare bein. Så spaserte han rett over bilen, mens fotefara lyste opp på den blanke lakken. Etter ei stund ebba litt av energien ut og vi syntes at det var for jæ... at broren til Øivind skulle kjøra rund
i eit tvilsamt rullande kunstverk så vi fann fram witesprite og filler. Men huset til fru Løyning vart slett ikkje verst..
Heimelaga..
Stort sett var det hansa2 det gjekk i, men noken gonger prøvde vi å laga maltbrygg, men det vart sjelden ferdig utgått og gjæringa kunne i værste fall fortsetta etter inntak. Men vi hadde ein 30 l glassballong som vi rørte
malt, sukker og gjær saman med lunka vatn i. På varme sumardagar tok vi mandagen i bruk med lage brygget . Vi brukte Ranabåten til fatteren som bryggebase. Lunka vatn fekk vi i kiosken til bullemann . Så grov vi dunken ned på
Havnaklubben , her kunne vi koma både til fots og med båt. På tirsdag og onsdag stakk vi ut for å høyra om det var noke fart nede i ballongen. Det var det som regel. På torsdag var det dags å smake på stoffet.
Jo..jo. På fredagen og lørdagen tappa vi brygget oppi 3 l plastkanner og tok det med oss på fest. Vi spanderte med runde hand og fekk mange godord attende. Ein tørste siddis som fekk drikka seg utørst lurte på om det
var russiske oppskrift (?) ettersom ølet berre var berre 4-5 dagar gammalt. Ein annan gong spanderte eg litt av ølet oppi trauet til noken griser som var i eit lite grishus i ein hage som eg måtte gjera noke nøvendig i. Fornøgde
dei og. Verre var det med fatteren som tok meg fatt og meinte det hadde vore sølt sukker i Ranaen. «Sukker»? sa eg og forsto (som vanleg) ingen ting.
Sumaren 68 i Skånevik.
Sumaren 68 var jo (som vel ikkje all huskar) ein einaste lange happening med speling, pils og damer. Eg var komen inn på Bergen Tekniske Fagskule , men det var lenge til skulestart og sumaren øve alle sumarar vara nesten evig. Haldepunktet
vårast var Transporteren og i den regjerte Reidar og Sibben. Den sto parkert og avskilta, pga slark i styresnekka , rett nedfor skulen i Skånevik. Fekk vi spelejobb ringde vi til bilsakyndig i Haugesund som sende innover eit par prøveskilt.
Vi lova på tru og ære og ikkje køyra lenger enn frå A til B og slett ikkje attende igjen. Dette funka bra og vi drog rundt på jobbar og kom attende med pengar i lomma. Så på søndagen var det å dra ned
på kafeteriaen og drikka de tomme for øl. Eit herlig liv og vi hadde med oss flotte jenter som heldt ut med oss og tålte alt tullpratet. Jentene hadde sommarjobb og dei heldt liv i oss i matvegen, heilt til neste spelejobb dukka opp.
I Transporteren vakna Reidar og Sibben ein morgon av at den lokale lensmannen sto utafor med eit stoppskilt og ropte ”Stans Brendeland Stans”… Og det var i og for seg ingen problem , bilen hadde jo stått i ro i mange dagar. De to nemnde
herrar ramla ut av bilen og lensmannen rygga litt for det var mange ubestemmelege lukter som kom ut av bilen. Men lensmannen var grei og poengterte at skikkelig skilt måtte på. Han godtok ikkje at det sto L13 der som eit skikkelig skilt skulle
stå. Vi budde rett ved sia av skulen og eg sneik meg inn på kjøkkenet av og til ,og smurde svære matpakkar som kom godt me nedi bilen. Ein gong kom favorittanta mi, Olga, over meg då eg smurde på brødskiver.
Ho var trønder og var på ferie der sør. Aldri før eller seinare har ho kjefta på meg, men den gongen fekk eg så øyrene flagra. Ho leksa opp for meg så ein skulle tru at familien var i ferd me å
ramla ned i fattigdommens sluk pga av desse brødskivene. Og alle som hadde langt hår og spela i rockeband var ikkje vatnet verd. Heldigvis tok det ikkje langa tida før freden var oppretta igjen og Olga igjen kunne stige opp att på
trona som min favorittante.. Som ung bandleiar var Reidar suveren, ingen kunne gjera han rangen stridig. Som sportsmann hang han nok litt etter. Han kunne symja, men han påsto at viss han hamna i vatnet så hadde
han problem med å svinga. Einkveld vi satt nede ved kiosken til Bullemann var det eit eller anna som kom øve han..han spratt opp av benken reiv av seg ytterkleda og stupte uti …han trefte med nød og neppe mellom to båtar og
var med eit på veg utover fjorden. Sibben og eg såg på kvarandre , rista på hovudet , vrengde av oss genserane og stupte etter. Før Reidar var halveges til Skåno tok vi han att og klarte å svinga han inn imot Pepparen.
Ikkje var han heilt blid heller då han klatra opp på øya. Han hadde sett for seg nye rekord i rett fram symjing. Sett for seg at han skulle klare å symja til Utåker. Om han hadde klart det var meir tvilsamt.
Ein gong etter at me hadde spelt til dans på lokalet i Skånevik så overnatta Sibben på loftet på ungdomshuset. Han vakna langt utpå søndagen av ein som dreiv å traska rundt på
ned på golvet på ungdomshuset. Det var rett og slett Lensmannen som dreiv med å telja tomflasker som låg bakom stolrekkene. Han snakka med seg sjølv og forsikra seg sjølv at her skulle det verta lenga til det skulle verta
fest att.. Vi trena ofte på scenen til ungdomshuset. I timevis kunne vi sitja og terpa. Folk kom ofte innom og vi tok pausar. I desse pausane hagla det me vitsar og anna galskap. Ein gong kom det ein Stording innom. Han hadde problem
med magen , og ga klar beskjed om at vi måtte snakka om normale ting og ikkje få han til å le. Det skulle han jo ikkje gjort, då hagla jo vitsane. Stakkaren sprang for livet ut på do for å sleppa å få noko
ned i buksa. Eit par gonger gjekk det bra, men ein gong vart han for sein. Han kom attende inn i øvingslokalet bukselause med ein genser knytta rundt sine edlare delar...
Vi var nok det første rockebandet som spelte i Røldal.
Vi var nok det første rockebandet som spelte i Røldal. Vi hadde stua oss inn i transporteren, forsterkerane, høgtalerane , gitarar, mic , orgel, trommer og ett par hundre meter med ledningar tøfla oss oppover.
Her oppe var det eit rimelig nytt bygdahus som vi skulle spilla i. Vi fekk te og mat av vertskapet og kobla opp utstyret. Glede oss til nytt publikum som vi skulle spela høgt for. Ungdommane som kom var i hundre og vi og. Men utpå kvelden
kom fjellets søner inn i lokalet. Her var det besømsko, skinnhuver , skjegg , hb på flaske som tok over. Dette var trekkspel og fele generasjonen . Ikkje til å spøka med og beskjeden me fekk var SKRU NED… For ikkje å
hamna i slagsmål skrudde vi ned på forsterkarar og gitarar. Det var ikkje nok, vi måtte skru ennå meir ned. Okay, og vi skrudde. Til slutt var det nesten ingen lyd på anlegget då var det visst greitt. Store delar av
kvelden brukte me å lista opp lyden atte. Etter kvert som hb forsvann ned vart det det meir levelig for eit rockeband frå låglandet. Og utpå natta på nachspielet vart me gode vener me fjellfolket og vi var kjekke karar som
gjerne måtte komma att å spela..
For døra.
Det er mange rare namn på band rundt om. Som for eks.: ”To på trygd” . Fint at det speglar deler av den situasjonen som bandmedlemmene er i. For vår gjeng kunne vi ha kalla oss: ”For
døra”. Då kunne det stått på ein ev. kontrakt at ”For døra” spiller for døra (for inngongspengane). Her er det ingen risiko for kro/pub/returangeigerane. Levande musikk til folket for ei billig
peng. Band på våres nivå får skjelden att det som vert lagt ut på instrumenter, strenger, plekter, leidningar, pa, lys, trommer, munnspel, stativ, diesel, dekkslitasje, bompenger, hotellsenger og mat. Hadde det vore berre
for desse utlegga hadde det aldri vore eit band på vårt nivå som hadde gidda å trena saman ein gong i veka og elles utallige timar heime, for å spela for folket. Nei det er nok det å få noko til å fungera
saman, kjærleiken til musikken , for å nå ut til våre tilhengarar, koma seg opp av godstolen, trø øve dørstokkmila, godt kameratskap, latter, godt humør , som er det avgjerande. Og dette siste
er plenty godt nok til å halda det gåande. Som ”Fifty Fifty RogBB”, eit innarbeida rock og bluesband, med medlemmer frå Kristiansand i sør til Bergen i nord. Som klare seg med minimalt med øving for
å ta dei få jobbane dei får pr år. Eller som forholdsvis nystarta ”Garasjebandet” som nitrenar på eit rep. med spenn frå tidleg 60 og oppøve. Ein går opp til ein slags eksamen
kver gong ein spelar ute. Men det er knallkjekt, etter å ha løfta og slept på instrument og forsterkerar, stillt opp, fått lyd og endeleg første låt. Så får det gå som det går og hvis
folk likar det vi held på med er like kjekkt som noken hundrelappar. Og heilt i toppen er det å få bandet til å fungera i hop, få kriblinga i bakhovudet av at dette var skikkelig bra…nesten betre enn sex, for det er det.
|
|
|
|
|
|