Blogg

Medan barnetoga snirkla seg , med glade stipynta flaggveivande born, forbi dei royale ved slottet, var det nakne flaggstenger på Haramsøya den 17ande. Innbyggerene der kjende seg som  offer for den urettferdige politikken som norske styresmakter utsette dei for. Det var mange flaggstenger her vest , i Trøndelag og i nord som burde stått utan flagg  denne nasjonaldagen. Innbyggerane har blitt ofra og vandalisert på storkapitalen  og høgrekreftene sitt alter. Utan å bry seg om sine eigne innbyggarar har AS Norge vist sitt sanne annsikt.. Først milliardærane og skattesnyterane, så milliardærane og skattesnyterane og så igjen milliardærane og skattesnyterane og så kanskje ..den vanlige mann…kanskje.

Og det som kanskje verst er…at det ikkje er mykje håp. Viss «lille høyre» AP ,blir størst etter valget til hausten og de får statsministeren så er det fritt fram for den samme politikken. NHO og LO har jo saman spikra galskapet fast i planane sine..4 ganger så mange vindmøller skal opp på land. Kor mange som kjeme til havs kan vi kanskje berre i våre villaste mareritt forstå.

AP og Høyre er jo så like i sin politikk , sin kjærleik til EU ,til å trø over den vanlige mann, til å utvikla Norge til eit slags føydalsystem, der fyrstetitlane er overtatt av milliardærar, lakseoppdrettere, avdanka griske politikerar, av gutteklubbane der politikerar, rettsystemet og makta ellers kaver til seg.  Og mesteparten er gjennomsyra av korrupsjon. Harde ord..kanskje, men demokratiet vårt er nede i kneståande..og det er ikkje håp..eller? Så like er dei to partia er at dei arver slagorda til kvarandre.

Korleis stemmer vi til hausten?..inga aning..kanskje av gamal vane. Foreldrene våre har jo stemmt AP i mange mange år. Vi har stemt AP..Eg har stemt på AP tidligare. Men det skal eg ikkje..ikkje så lenge Oslo juntaen sitt med makta . Om Solberg eller Støre åpner vinnarchampisen til hausten så har lite  å sei for norsk politikk..vi må stemma på andre parti , på andre krefter. Elles kan vi drikke det endelige gravøl for eigen nasjon og demokratiet. EU kan berre stå klar til å endelig å overta (100% ikkje slik som no 60% ) makta og verdiene i fedrelandet.

Skal vi legga stortingsmålingane gjort for KK og Nationen, som vart offentleggjorde i dag , til grunn, vert det dårlig med venstre og krf folk igjen på Stortinget.. Båe havnar langt under streken , Krf vil sitta med ein stortingrep. igjen og Venstre null. Så det vert altså dårlig med kosetid med filmcruet til Tom Cruise for Abid Raja. Og ikkje får vel Bømlo store son, Hareide , skriva namnet sitt i støypen på den store brua som skal  få Tysnes  til Os . Det vert nok ein ein frå bondepartiet eller ein Ap pamp som får den æra..

Krf er jo splitta , noken vil hit (til Ap sin varme armekrok) og noken vil dit (til Erna sin, men der er dei jo allerede.) Venstre er jo allereide trygt og godt i Erna sitt meir og mindre lune rede, og vil så gjerne gjerne vidare ..til Brussel for godt.. Dit må dei gjerne dra med vindkraftpolitikken sin… Og Krf har vel knappt noken politikk her eller der. Så kjeme vi til å sakna dei på tinget? Rusreform og miljøpolitikk …Tja, men vi har vel og nok nyliberalistar så  eg meiner nei, men du kan jo grunna på det og gje dei ein sjangse.

På lokalplanet kanskje ? Huksar i farten på ei flinke ei som sitt for Venstre her i Etne ,som snakker NVE og Statnett rett imot i kraftoverførings saker.….bra.  Slike politikerar vil vi ha. Akkurat som Halleland frå Frp , som sitt godt på tinget og som bryr seg om sine velgerar og andre her vest. På det lokalet plan har også Frp ein, Kennet Karlsen , som bryr seg og tar tak i ting og problem der han bur. Ikkje kjeme eg noken gong til å stemma Frp…men har store respekt for slike politikerar.

Milliardærar er jo ofte litt eksentriske ,  kler seg litt annaleis enn det me trudde. Som Olav Thon med den raude topphuva og slitte annorakken. Vår «eigen» milliardær frå Vats, Jakob Hatteland som den gongen ein var på nikk med han ,gjekk i ei litt sleten strikkajakka.  Ka han går med no er ikkje så godt å sei, det er lenge sia Kalle og eg traff han på samvirkelaget ute i Vats. Kalle kjente han frå Sauda, då han og eg gjekk på yrkeskulen . Jakob gjekk på gymnaset der inne. Eg kjente han ikkje då, var meir interessert i dei kvinnlige gymnasiastane. Men i alle fall Kalle og eg traff Jakob med strikkejakke og to handleposar. Ein heilt alminnelig og hyggelig mann.

Han var allereide då ein suksess i business. Hadde startet på ein låve og hadde seld eletroniske komponentar..no eigde han «heile»Vats , halve Haugesund og litt til, men det hadde ikkje verka inn på det folkelige. I dag les eg at han via sitt AutoStore og med sine samarbeidspartnerar har eit  lagerrobotselskapet som er verd 65,5 milliardar. Det er svære greier, Thon er verd 16,9 milliardar og Røkkes Aker 49 milliardar. Lærøy 44, Storebrand 41.

Elles er den beskjedne Hatteland kjent for sin kjærlighet til fyrværkeri. Det har ofte vore svære greier som glitra i mørket ei nyttårsnatt der ute i Vats og Haugesund. Har ikkje vore spart på noke der i gården.

Grei kar, som og har hjelpt lokalsamfunnet mang ein gong…men det er likevel eit hakk opp til Trond Mohn . Kanskje Kalle skulle tatt seg ein tur ut til Vats og kviskra han litt i øyra om akkurat Mohn?  Råd har han i alle fall til å konkurrera litt med den karen.

Øst Europeiske fotball lanslag er nesten skapt til å bli snublesteinar for vårt eige landslag. Ungarn, Serbia, Romania og no Tyrkia har vist seg for sterke. Overbetalte feterte foballtrenerar har trekkt nye og enda nyere landslag opp av hatten, stilt de opp i kvalifiseringar til EM og VM ..og gått på tryne. I går kveld brukte tyrkerane dei norske som rundingsbøyer og frekkt sette (fotball)skapet på plass. Dei ga vel blaffen om det var ein norske heltetrenar som kom ifra trenargjerning i det landet der  landslagstrenaren  kalla vårt høgt elska landslag for fjellaper. Dei ga vel blaffen i om norske aviser i månadsvis framsnakka Håland som verdens beste spiss. Okay..det blei først to lettkjøpte baklengs så Drillo fekk rett…den bakre fireren den svikta . Så var det fotballmagi på den tredje vi fekk i sekken. Ein tyrker med rart namn sto for den..skrudde ballen rundt alt som var rett i mål.  Tyrkia sitt siste og Tufan sitt andre var eit lite (fotball)»under» …eit «under» like flott som rykka til Klæbo og Northug , avslutningane til Johaug og dei siste metrane i bakken til Granerud. Ein kan vera glad at tyrkerane ikkje satser på vinteridrett, så hadde vi  vel fått bank der også.

Det spørs  om ikkje Solbakken fekk den verste motstanderen som han kunne tenka seg. Og i og med at Hollenderane stort sett slår oss både på isen og på graset..så  sleppe Solbakken å tenka meir på det å demonstrera imot  galskapet som har hendt under oppbygginga i forkant av neste fotballVM .  Solbakken kan nesten berre ta fram storeslegga å trekka seg no med ein gong, for til VM kjeme vi ikkje nokså sikkert ikkje. Men HVIS vi gjere det ,så skal eg klyppa ut eit bilde av den skalla og henga det opp på veggen i guttarommet. Der skal Solbakken få henga ..mellom 2 Gibsongitarar. Men..det er vel ingen fare for det.

Med eit rart år bak oss og eit nytt rart år framfor oss , kjennes det nesten som livet  på mange måtar sett på vent. Er desse åra heilt vekk kasta?  Solf. hadde ein lange utgreiing for meg om dette. Og når eg tenker etter så er eg einige. Ho meiner at vi før coviden nesten levde eit jetset liv. Vi reiste hit og dit ..fullt kjøyr. Vi hadde minimalt med tid til kvarandre. Å stoppa opp , pusta ut og tenka etter var heilt utenkelig. Ikkje tid ..ikkje tid. Barnehagane måtte halda lengre oppe, foreldrene måtte jo jobba ennå litt ekstra.

Jobba inn fredagen, hive bikkja og ungane inn Teslaen og komma seg til Vågsli, opptil hytta som gudsjelov er oppvarma og badstua klart. Hadde ringt opp i god tid og skrudd på varmen til dei 100m2.  Litt må ein jo ha igjen for eit lån på 4 mill …Har jo råd til ein liten konjakk og heiskort også..står ikkje på det. Så  ei lita bønn til Vårherre at det er såpass vær på søndagen og strøm på Teslaen at vi sleppe å stå i for lange og trege kolonne for å komma oss heim igjen.  Må jo stå opp grytidlig mandagen for å ha råd til alt dette ..og litt til.

Eller kanskje ein weekendtur til Allicante. Ungene må jo få oppleva i feb. det som vi opplevde i ein hektiske juli på norske svaberg , før i tida. Skitt på om vi må gå spissrot på flyplassane og sure sikkerhetsvakter kladder deg på kroppen. Då sommaren kom  heiv  vi oss alle saman på tur til Tailand..3 ukers tur.

Vi gamlingane kan vel ta oss ein cruise tur på Middelhavet. Leva eksotisk og frotsa litt i ein 8-10 dagar. No problem.

På norske flyplassar sto jo DC ditt og DCdatt oppvarma og klare for take off. Ihuga tilhengerar av Parisavtalen sto like trufaste i kø for å komma om bord i DCane som oss andre.

Vi drog sjølsagt til vårt naboland og kjøpte inn både mat og 3liters vinkartongar så fjærblada på Volvoen sto feil veg då vi passerte grensa igjen.

Vi har jo i mange mange år vore i den rundansen med å legga ned eigne gardsbruk. Uten lastebilar stopper jo som kjent landet opp, så svære trailere er jo no som den gang ute i det store utland for å hente inn mat til folket. Hadde vi skulle levd av det lille som blir produsert innanlands så hadde det vært sveltihel. Gardsbruka er jo lagt ned , kulturlandskap grodd igjen og vindmøllene har øydelagt utsikta og trivselen vår. Maten vår skal jo helst ein sving innom Kina før den hamnar på norske bord.

Politikerane helde stø kurs før desse rare åra og kjeme sikkert  med å mela si eigen kake både i sitt politiske liv og eit liv etter endt (u)dåd når desse rare åra er øve. No gjeld det å halda hovedstaden og Viken  friske og raske…så får resten av landet smøra seg med tolmodighet.

Så altså har vi hatt godt av ein bråstopp i flytrafikk, reiser, mobilitet. Har vi hatt tid til å tenka etter , kanskje planlegga at vi skal produsera meir av vår eigen mat. Gå litt ned frå Røkkestørrelser på hyttene til mindre, koseligere, Gå ned frå Prinsess 50 fotere til  28fotere på sjøen? Få eit meir rettferdig skatte og avgift system på for eksempel bilen. Og kanskje til og med milliardærane mellom oss må dela meir via skattesystemet til oss andre? Ta i frå matbaronene all makt? Ta tilbake igjen den makta som EØS har frarøva oss? Kan ungdommen snarest få råd til å bygge/kjøpe eigen bolig

Har vi ,eller må vi , eller kan vi, eingong klare å lage eit meir rettferdig system.

Eller blir det som eg dessverre trur at når vi alle har fått stikket , så er det påan igjen.

Akkurat no så er vi rykka tilbake til  start igjen og må slå to seksere etter kvarandre til nye start. Ikkje så enkelt å få to seksere..håper det tar tid.

 

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.