Standard side

Min første bil var naturligvis ein 70 mod. Amazon med den nye B20 motoren i . Kpte den  eg var ferdig med Fagskulen og Armyen. Brukte den første gong på Moldefestivalen 71. Var saman med Reidar B og Ingunn . Med i bilen min var og Jostein E som var kompis ifå; militæret. Vi dimma i juni og jobba hardt i 14 dager på ein sildoljefab. for å få råd til turen. Vi åpna tette røyrar i fabrikken og måtte ha uttallige bad før me turde å rma oss det andre kjønn pga av lukta. Men vi vart etterkvart reine og pakka telt ,soveposer og kassegitarar i Amazonen og tok ut nordover over Valdresfly. Det vart ein kanonfestival som seg høyr og bør. Utedo og ein dush på Jazzcampen. Små spisse telt og trivelege naboar. De eineste som hadde varme mat på Campen var oss. Ingunn kom frå ein Vestlandske fjellgård og var skikkelig huslig. Ho kokte poteter og laga brun saus. På toppen av alt var ho ein god kokk som og var vestlandsmester  ski. Okay..vi hadde det som kongar med gitarspeling på campen og konserter på kveldane.  turen heim kom vi på at vi kanskje skulle hatt ein jobb. Svingte innom Zinken i Odda og der var eg i 7år . Amazonen var min gode venn i Odda ..den var med då eg begynnte i band igjen og den var med då eg kom isaman med Eva som eg etterkvar vart gift med og fekk 2 gutar og ei jente med. Men eg husker første tida med Amazonen godt. Hadde eg ein liten bag med klær, litt mat , ein kasse pils og kassegitar pakka i bilen .. var ein rik og alt kunne hend

Og mi første sykkel var Yamaha Diversion 650 . Kjøpt ca 97 . Fine lettkjørte tursykkel med fullt væskesett . Sommaren 98 var Sibben og eg på langtur. Telt,kokeutstyr,fiskeutstyr,soveposar , mat og klær. Nesten ufattelig ka ein får med seg med fornuftige pakking. Vi durte oppover Gudbrandsdalen og havna inn på ei fjellstove på veg til Stryn. Vi var heilt aleine på den store fjellhytta som hadde ei svære TVstove. Norge skulle møta Brasil i VM i fotball og Sib og eg benka oss aleina framfor skjermen. Vi hadde heldigvis noken flasker vin i sideveskene og då Flo og Co begynnte med festførestillinga på skjermen var det fest i fjellhytta også. 0-1 så 1-1 og så straffe . Rekdal la ballen på straffemerke og eg turde ikkje sjå. Unnskylde meg at det var tomt for vin og gjekk ut for å henta meir. Gjekk ikkje inn før Sibben jubla. Neste dag dag kjørte vi inn framfor ein pub i Stryn. Halve landslaget var jo ifrå desse traktene så kvelden før hadde det vore 17mai,nyttårsafta,1905 og 8 mai på ein gong. Pubverten sa: "Det var her dokke skulle vore i går kveld gutar" og viste oss eit vått pubtak der det enda draup litt pils ifrå.
Muskelmaskin Suzuki Madura 1200, 115hk. Skikkelig trøkk og dreiemoment. 6 geara og ein kunne kjøra i høgaste gear herifrå til Haugesund på jobb. Sette på vindskjerm som var god å ha i høge fart. Må innrømma at det var kjekkt når småe turtallsmaskiner eller Harleyar kom å yppa seg. Seier ikkje meir..
Kawa GTR ..langturmaskin. Bytta ut Maduraen i denne då Egil og eg planla å senda sykklane med fly til Alma Ata og så kjøyra Silkevegen heim. Fekk problem med innreise til Iran så den turen skar seg. Egil og BMWen drog til Marokko og kjørte der , eg drog på båttur.

Johan 04.03.2020 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.