Blogg

Av og til er det godt å lesa papiraviser att. .Lesa leiarar, innlegg , politiske synspunkt, saker, lesarbrev, til og med sportsidene er betre enn i nettavisene. Gode journalistar  og også mindre gode av det slaget, har boltra seg med forskjellig stoff oppover. Vi har bretta ut og lest, forbanna og rista jo..jo.. med hovudet. Sida med reklame som har holdt papirutgåvene igong har vi hoppa elegant øve..Vi har , eller hadde  jo betalt for abbonementet eller laussalet. Og etterpå hamna dei same nede i vedkorga som opptenning . 

No er all reklamen inne på nettet. Ser vi på ein videosnutt som nettavisa skriv denne må du berre må sjå på , men ikkje før ein forfilm på 15 sek har åpenberra seg med intetseiande reklame.  Alt vert lagt fram fort og kjapt. Svært sjeldan er det artiklar som går i djubden og som er verde å lesa for å opplysa.. Den gamle viktige statsmakta, journalistane, murrar og er naturligvis redd for jobbane sine. 

No er det nyhende berre noko vi skumles, drar lynraskt med musa nedover..så..ferdig.  Oss vanlige har tatt over det som journalistane før skreiv om. Vi blogger, legger ut bilete, kommentarar.. innlegg. Unge jenter treffer ungdommen heime med sine bloggar , får masse følgerar. Vi litt eldre herrer kan skriva om flogefiske, gitarsoloar, fest og basar..og få våre likes.  Verda har endra seg , journalistikken endrar seg til det verre. Den norske velferdsstaten er vidt open for profitørar og privatiseringa av mange ting rundt oss vil ingen ende ta. Få av oss tar til motmæle og let det berre hangla og gå.  Når eit slumrande journalistlag ikkje vaknar, må vi vanlege dødlege ta tak og skriva om dalande rettsikkerhet, om urett i samfunnet  og ikkje la oss verta kledde av til å verta berre kunder og konsumentar som storkapitalen gjerna vil ha oss til.

I jula er det jo tida til å oppsøke kyrkjegardar for å minnast våre som ligg der. Vi tar med oss kransar og ljos og snirklar inni mjødlo masse gravsteinar. Her ligg små , litt større , einsame og gamle ektepar under glatte, ruglete eller natur steinar. Namn med datoar om født og død. Sakna, og tenkt på.  Hit skal vi alle før eller seinare, om vi ikkje får ei våte grav på bøljan blå eller dett ned i ein fjellsprekk eller likn.

På Ølen kyrkjegard ligg slekt av meg og vener. Det er ein kyrkjegard som ligg høgt og flott til med utsikt over fjorden, og bygda. I nord kan du til og med sjå fjellformasjonar litt sør for Bergen, dei ligg der rett over Romsa. I vest ligg det oljeriggar på vent utafor Westcon. I aust er det ein tette bøkeskog. Så når tida nærar seg jul så  har denne skogen kvitta seg med lauvet og det verkar som alt ligg som ei dyna over kyrkjegarden. Men dette ryddar vinterstormane her vestpå opp i.   Som i natt då austavinden herja godt.  Den vekte meg opp med å snu på ei store putekiste rett utafor soveromsvindauga.  Den vekte meg opp frå ein draum eg hadde.  Ein draum der eg såg våre kransar hadde blanda seg med alt bøkelauvet og var på veg vestover i mot sagaøyane i 22000 fots høgde….

 

 

Når ein vil slå eit eit slag for våre firbeinte i jula så tenker ein ikkje på vekkskjemte hundar som Dolly som for tida er litt småsure for at ho ikkje kan ligga i alle stolane i stua. Pga av at ho skvetter litt blod denne juletida så må holda seg til noken få stolar som har vaskebare ullteppe skyddande over seg.  Nei det er de som er i den andre enden av skalaen. De som er såkalla utegangere. De som er ute nesten heile året, i alle slags vær,   det  er svære svarte okser som vel er hardhausar og har masse kjøtt på kroppen.  Har mange gonger sett desse skapningane som har stått nesten til kne i vatn og dritt og gnaga på silograss. Har lurt mange gonger på om dei ikkje har det så godt der dei står ute i ope lende i eit hælsikes vær. Hadde di no berre hatt eit skur og eit tak  og gått under for å få  litt skydd. Toyotaen min har det bedtre , den står i alle fall inne under tak og har tre vegger rundt seg i jævlig vestlandsk vær.

Og nå når kuldegradene dukkar opp  og snøen kjeme vannrett så skulle ein tru at ein kunne lage til eit nokelunde skyddande hus til desse fleire hundre kilo stakkarane.  For i dette landet som er fylt opp av regelverk for både menneske og dyr så skulle det vel vera noken reglar som falt til deira fordel også. Og ..la nå det vera sagt at på dei aller fleste gardane så vert dei tatt vare på og stelt med.  Men ikkje så veldig langt herifrå så skal dei visstnok overvintra i i driftsbygning som helst ser ut som om det er frå Kosovo på 90talet, rimelig utbomba.

 Reglar frå mattilsynet forlange at Dagros skal ha det godt og tørt og ligga på eige madrass i fjøset, men desse stakkarane har gått under regelverkradaren frå det same tilsyn.

For når dei har ete i seg nok frå rundballane skal dei jo berre  sendes til Fatland for å få nådestøtet likavel..så ka fa..

Mange dyrevernerar ser for seg tyrefekting som noko av det verste som kan hende ein okse. Men viss ein tenker litt rundt det..så..Husk på at dei oksane som etter noken år kjem ut på arenaene har hatt eit meget godt okseliv. Dei har fått det beste stell, for og hatt det godt elles før livet endar ein blodig ettermiddag ute på ein Spansk tyrefekterarena.  

Viss ein av desse svære svarte slakteoksane kunne valgd sjølv så er eg ikkje i tvil på at han hadde valgd å daue , etter eit godt liv, gjennobora av eit Matadorsverd  enn å få tredd ei skytemaske på seg , etter eit traurig liv på ei søkkvåte og kald Vestlandsjord.

Men elles ikkje eit vondt ord om den same jorda, berre dyra vert behandla godt og med respekt.

Søkjer ein i wikipedia på eit ord som inhabil får ein opp dette: Inhabilitet (av nektende -in og habil) eller ugildhet (det motsatte av uhildet) vil si at det foreligger omstendigheter som gir grunn til å svekke tilliten til at en saksbehandler er upartisk. Hvis slike omstendigheter ikke foreligger er saksbehandleren habil. Det er saksbehandler selv som tar stilling til om det foreligger inhabilitet. Selv om det foreligger inhabilitet hos en eller flere saksbehandlere blir ikke avgjørelsen automatisk ugyldig. Har det i en sak foreligget inhabilitet og saksbehandler allikevel har deltatt i saksbehandlingen kan avgjørelsen bli ugyldig dersom inhabiliteten kunne hatt konsekvenser for utfallet av saken.

Alt dette og mykje meir står det om inhabil. Det er med andre ord alvorleg å vera inhabil i ei sak.

Grunnen til at eg slo opp og tok med dette var det at eg nettopp var på eit kommunestyremøte som tilhøyrar for vel ei veka sia. Vi, kompisen min og eg var der for å få med oss utfallet av ei sak som interesserar oss mykje. Og dette siste komunestyre før jul åpna flott med at ei unge jente med klokkeklare røyst song ” Eg er så glad kvar julekveld”.  Her var det ikkje rom for noko tull, stemninga var som ho skal vera i ein Vestlandsk kommunestyresal, god.  Vi kunne kjenna at her hadde demokratiet gode vilkår.

Og etter ein time med innføring i moderne helsestell var det at ”vår ” sak skulle opp.  Men først var det ei lange innleiing om kven frå dei forskjellige partia som kanskje var inhabile . Den eine etter den andre reiste seg opp og  sådde tvil om han var habil eller inhabil  Folk frå andre parti var raskt oppe og meinte stort sett nei, representanten var habil og kunne vere med å avgjerda saka. Det var vel ei og kanskje ein som vart ærklæra som inhabile og måtte trekka seg vekk.

 Ja vel, tenkte kameraten min og meg dette var flott, her virker demokratiet i praksis, og vi var spente på kva som kom, for no skulle jo slaget om ”vår” sak starta. 

Men der kom kveldens store nedtur. Saka vart banka igjennom , ingen ytra seg eit einaste ord og innlegg ,om dei var aldri så habile og taleføre. Saka var med andre ord avgjorde i gruppene på førehand. Den vart berre lagt fram i plenum og banka igjennom.

Klart at min kompis og eg vart skuffa.  Her hadde vi venta oss ein krysseld med diskusjon og innlegg om denne våras sak , som var om å få bygga ennå eit oppdrett i Tungesvik.

Vel, vi aksla oss forbi budsjett debattklare  representantar ut i  vintermørke og var skuffa og vonbrotne på ein gong.

Men så i eit etterpåklokskap kjeme spørsmålet: Når ei sak som her , på førehand , og sikkert gjennomdiskutert i gruppene ,var avgjorde, var det same gjennomgangen, på førehand,  kven som var habil eller ikkje? For det var jo her saka eigentleg vart avgjorde. Kan ordførar eller kanskje noken av lokapolitikerane sei litt om dette?  Eller let ein habilitetsspørsmålet komma i siste instans som eit spel for galleriet?

Klart at kompisen og eg må tåla og tape ei sak, men i desse dagar er det mykje møkje rare ting som hender innafor demokratiets rammer og vi må i alle fall ikkje vatna det meir ut.

I veka etter veka har vi sett alvorlige dress og draktkledde menneske i alvorlege  klimahandsamingane  i  Paris.  No sist var vår delegasjon på veg heim og vart interjuva på flyplassen. Alvorsamt fortalde kvinna at handsamingane hadde gått bra og at det no skulle verta godt å komma heim og informera ”dei som har noko med det” om at det gjekk godt. Tilslutt sa ho at vi måtte alle verta budd på å ta vår del av lasset for å berga miljøet rundt oss. Vi sat att i godstolen og alvoret i all sin gru velta ned øve oss.  No må vi vel selga firhjulstrekkaren som går på diesel, og veteranen (snart) som går på bensin. Bytta båe bilane som vi er så glade i inn i ein liten kjappe el-bil frå Frankriket eller Japan. No har jo dette sine klare fordelar med at vi slepp å betala bortimot 8000 kr til staten i vegavgift og det enn så lenge er gratis med ferger, parkeringar og det er inga blinking igjøno bomringane. Kort og enkelt så slepp vi å betala noko ting til felleskapet for å få betre vegar og sikrare kommunikasjonar .  Men så må vi vel bytta ut grasklipparen, kantklipparen, greinsaksa som går på bensin. Vi må montera fleire stikk i huset for å kunne lade opp alt i hop.

Yanmaren i seglbåten skal gå ei stille tid i møte, no skal rulleguineaen opp om Furien skal nå opp i ein svimlande fart på 5 knop. 

I verda rundt oss vert det som å gå på bomull. Store lastebilar snike seg opp Madsgårsbrekka utan ein lyd. Dei vert drevne av effektive el motorar med drift på alle hjul.

Alt dette er vel relatert til lufta rundt oss ..og at det skal verta godt å vera både menneske og fuggel i dag.

Men så var det havet då, og fjordane?  Her vert det harde tak.  For her ligg jo oppdretta tett som haggel oppetter kysten. Ein må vera blind eller døv, aller helst båe delar for ikkje ha fått med seg at dette er tikkande miljøbomber. Men her held storkapitalen sin klamme skyddande hand øve. Vi har sett kongelege og Hjeltnes drar verda rund for å spreia det glade bodskap om norsk laks.  Og då må vel alt vera i orden?  Men nei, det er ikkje det , i år etter år forsøplar de med foring, medisinbruk , laksalus og rømmningar. Og lover betring og lyge. No er det siste ein stor tank plassert ved eit oppdrett på Skånevikstrand.   Enda eit spel for galleriet. Prototypen som den nye tanken overtok for var ingen suksess. Men denne skal altså verta det. Og vi, den vanlege mann let oss lura gong på gong. Vi er oppdregne til å tru det beste om folk og har i snart 50 år trudd på oppdretterane at dei skulle vera intressert i eit godt miljø rundt og i oppdretta sine. Vi kunne ikkje ta meir feil.  Eg er ikkje imot at det vert dreve oppdrett, ikkje at det vert drevet slik at det øydelegg miljøet og tar knekken på våre villaksestammar. For det har dei nesten klart. Nei få dei på land og få dei sikre for lus og for rømming så vert dei slik dei bør og skal vera i framtida også.

Og så i dagens Grannar står ein sakshansamar for kommunen fram og vil tilrå politikerane å bygga ennå eit oppdrett i Tungesvik.  No handlar det med eit om kommuneøkonomi og ev tap av skatteinntekter.  Dette kjeme ifrå ein mann som var kommunen sin miljøkonsulent i mange år.  Som ropte høgt nei når det kom søknad frå ein antiroar om han kunne få kjøyra el påhengsmotor i Krokavatnet.  Kva har hendt , har han slått seg?

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.