Blogg

I jula er det jo tida til å oppsøke kyrkjegardar for å minnast våre som ligg der. Vi tar med oss kransar og ljos og snirklar inni mjødlo masse gravsteinar. Her ligg små , litt større , einsame og gamle ektepar under glatte, ruglete eller natur steinar. Namn med datoar om født og død. Sakna, og tenkt på.  Hit skal vi alle før eller seinare, om vi ikkje får ei våte grav på bøljan blå eller dett ned i ein fjellsprekk eller likn.

På Ølen kyrkjegard ligg slekt av meg og vener. Det er ein kyrkjegard som ligg høgt og flott til med utsikt over fjorden, og bygda. I nord kan du til og med sjå fjellformasjonar litt sør for Bergen, dei ligg der rett over Romsa. I vest ligg det oljeriggar på vent utafor Westcon. I aust er det ein tette bøkeskog. Så når tida nærar seg jul så  har denne skogen kvitta seg med lauvet og det verkar som alt ligg som ei dyna over kyrkjegarden. Men dette ryddar vinterstormane her vestpå opp i.   Som i natt då austavinden herja godt.  Den vekte meg opp med å snu på ei store putekiste rett utafor soveromsvindauga.  Den vekte meg opp frå ein draum eg hadde.  Ein draum der eg såg våre kransar hadde blanda seg med alt bøkelauvet og var på veg vestover i mot sagaøyane i 22000 fots høgde….

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.