|
|
|
|
|
Blogg
Vi har vel alle saman søkt jobb ein eller annan gong. Og vi har vel venta spente om det har vore noken som har hatt bruk for oss. Av og til har vi også vel fått høflige avslag om at vår ev. innsats ikkje er ønska.
Okay , det har vi måtte tåla og vi har krumma nakken att. I dag får arbeidsøkande hjelp frå NAV om å fylla ut arbeids søknader slik dei skal gjerast. Dei får hjelp til korleis dei skal oppføra
seg hvis dei kjeme så langt som til eit jobbinterjuv. Men av og til høyrer eg og at dei, arbeidsøkande , ikkje eingong får svar frå på sine søknadar. Kanskje skal dei vera sjeleglad for at dei slepp
å jobba i eit slik firma som rett og slett skit i folk. Ein skulle tru at når eit firma går ut for å skaffa seg medarbeiderar så bør dei også vera såpass høflege at dei kan senda eit avslag attende
til den som har søkt viss dei ikkje har bruk for søkaren. Slike firma burde rett og slett vore svartelista , og fått gult kort for dårleg oppførsel. For det kan ikkje vera kjekkt, etter ei lang spennande ventetid,
og at ein tilslutt sjølv må purra pr telefon, og få ei sukkersøt forkontorvesen som messer at: ”Nei dessverre den stillingen er nok besatt”. Ein kan få ein øydelagt dag av mindre. Nei
då er det forskjell når til eks. ein kommune treng ein nye rådmann eller ein annan opphøga dust . Då vert dei nye kostane presentert skikkeleg som exbankmann ditt og new house datt. Og avslaga vert nok sendt så høfleg
og lite støtande som mogeleg, på papir med kommunevåpen og greier. Her kunne desse arbeidsgjeverane med gult kort frå før, lært seg noko…..respekt for individet.
Du liker denne siden
BV (barnevernet ) har min frue og eg har hatt eit godt tilhøve til. Vi har vore fosterforeldre til eit barnebarn av meg og har hatt strålande velmeinande folk rundt , og til hjelp for oss. Men i det siste halvannan
året har vi oppdaga ei nye side i BV. Når eit nære familiemedlem , uforvarande har fått BV på døra og inn i stova åpna auene mine at alt ikkje er så uskuldsreint som eg trudde . Denne sida i det offentlege Noreg
er dekka av dårlege sakshandsamerar, synsing i saker , kameraderi som diverre som nok diverre strekke seg heilt inn i domstolane. Og du som står utanfor og håpte på å få hjelp og støtta frå det offentlege vert
skubba ut i det ytterste mørke, med fare for å sette både helse og liv på spel. Så kjem spørsmålet: Ka veit du om barnevernet? At alt var udelt positivt? Du har vel som eg sett hjerteskjerande bilder der BV med hjelp
av politi (no også bevepna),gå inn i heimar for å henta ungar ut. For å skaffa dei eit stabilt og godt liv. Og vi tenker at før det er komen så langt at ein må ta ungane ut av ein heim og kanskje blanda væpna
politi inn i dette . Ja da må kver stein ha vorten snudd, hjelpetiltak som er sett inn i heimen har svikta, eller at stoffmisbruk, fyll og misbruk ligg til grunn. Det har i alle fall vi trudd til no..Det kjæraste som ei mor og ein far har
,vert rykka opp med rota for å forhalda seg til vilt framande mennesker, er knalltøfft. Etter det siste halvannan året har det gått opp for meg at det vi står og ser på er som ein slags industri, ein gedigen menneskehandel.
Aktørane her er gjerne innleigde sakshandsamerar som driv eigne firma som er innleigde av kommunane. Dette er gjerne personar som ikkje godt nok utdanna og kvalifisert til å burde hatt med barn og gjera i det heile. Men ein ting som dei har i
orden og det er nettverket. Eit nettverk der ein har fagfolk som ein kjenner, fagfolk som også er innleigde og er lønna over det same budsjettet i kommunane. Fagfolk som spelar på lag. For det må dei gjera elles så står
de utan arbeid for ingen vil vel leiga inn ein ”nei no er det nok”, mann eller kvinne. Ta eit eks. Ein sakshandsamar går inn i ein heim, kanskje tre gonger,med eit par timar kvar gong. På denne skjebnetida skal denne, kanskje psykriatisk
sjukepleiar bestemma om det aktuelle barnet skal hit eller dit. Ein rapport som vert legitimert når ho får ein venn som kanskje har den utdanninga som skal til , setter sitt ok stempel på den. Denne venen må også innom heimen.
Det er jo greitt å dra dette litt ut, timer skal jo skrivast, reiserekningar, firmaet skal jo gå rundt. Dette er i visse fall kameraderi på sitt verste. Av og til har de sikkert same ordlyden på sine rapportar, så samanfallande
er de. Og få beslutninga ennå meir legitimert med å få rettens stempel på, er vel den lettaste sak i verda. Ka har ein vener for. Sosialbudsjettet i Noreg er kjempesvært. Det skal gje løn til
mange og her åpnar det seg store sjangsar Å starta sitt eige firma i dag er lett som berre det. Ein pleiarutdannig er god å ha, og elles finnes det jo sjanse å kursa seg slik at skinne av å vera spesialist på barn og ungdom
er der, og det er berre å setja igong å tena penger, store pengar. Komunane leiger inn ukritisk, og får den eine sjansen så er det fritt fram for andre vener av denne og. Verda er god og sosialbudsjettet nesten bunnlaust. Her er det
grobotn for for dei gode relasjonane, samarbeidet. Du klør min rygg , viss eg klør din. Rettsikkerheita er sendt i skammekroken og der får den stå, vi har ein jobb å gjera. Nåde den som er utsette for dette velsmurde maskineriet
i denne industrien. Du har inga sjangse. Samma kor bak mål rapportane er så vert dei trumpa igjennom. På tinghusa sit dommerane og underskriv villige som berre det. Industrien virke jo, ingen set foten ned og rettsikkerheten har de jo parkert
der inne i kroken og at det er menneskeskjebner det gjeld det er jo vi klare over, og søv godt om nettene for det. Men ka må gjerast for å få eit truverdig BV att. Det må i alle fall verta slutt på å leiga inn evetyrerar
som er så blinda av sine fantastiske evner og rir sine eigne kjepphestar. Slik det er no er ei A4 side frå ein innleigde sakshandsamar nok til starta ei store sorg og fortviling. Skal menneskeskjebnar avgjerast som her av det offentlige må
alle aktørar inn på banen , legar, helsesøstre, psykreatiske sjukepleierar, psykologar som er fast ansette i kommunen og ikkje innleigde av BV må få uttalerett , familie rundt må verta høyrd. Dette kan ta tid, men
det gjere det no også. Viss du kjem med spørsmål om slike saker til BV går sakshandsamerane i skyttargropene sine og påberoper seg taushetsplikta. Løys dei så frå denne , det er viktigare enn å gjera
feil i slike saker som å overferføra omsorgen til eit barn..
Du liker denne siden
Eigentleg ein skikkeleg novembermorning er det. Snø, sludd og regn i lufta , tempen ute er litt minus, litt pluss. Nede på 134en lyser det raudt i bakljosa på pendlar bilane på veg utøve i motvinden , mot verft,
verkstadar, kontor, driftsentralar , nybygg i tettstadar og by. Ein og annan bil kjem andre vegen på veg mot jobb her, i lastebilar, i sandtak, forretningar, kommune administrasjonen. Litt utpå morningen kjem travle foreldre med dei små
som skal i barnehage og skule. På radioen messar værmeldaren om meir dårleg vær i vente. Nyhende på rikskanalen fortel om forskjellar, her vest er det oppdaga ein naken mann i Åsane, som utanomhus og i det været,
til øvemål ”leikte ” med seg sjølv. Må jo vera ein hardhaus, ser nesten ein naken Nansen føre meg på , liggand på eit isbjørnskinn. I aust , i Skåne, har det vore storstorm
så til og med Broen har vore stengd i natt. Håpar at den snart vert åpna, er jo siste episode i kveld. I postkassen låg heldigvis både Grannar og HaugesundAvis. Sistnemnde var noko tynn , men hadde velvaksne bilag med Ekspert
og XL inni. Så då så. Joda det er ein mandags november morning på det jamne. Og sjølv er eg ”alive and well” etter helga. ”Alive and well” som i si tid vart skreve og framførd
av Jonny Winter. Ein supergitarist som vel berre litt tilårskomne damer og herrar hugsar, og som elles ikkje har så mykje med svarte novembermorningar å gjera.
Du liker denne siden
Om eg er religiøs? Klart eg er det når hender under . Som eg , for noken år sia, ba til Vårherre, i eit åpe brev på FB, om han i sin nåde kunne fixa ein god kassegitar til meg. Det gjekk
slett ikkje lange tida før eg fekk ein Gibson songwriter til 16T , ( 25T i dag). No var det ikkje nett slik at eg fekk han direkte ifrå oven. Nei sjefen kviskra ein kompis i øyra og kompisen kjøpte detta undret til meg.
Så no har eg blåst støvet av store svarte bøker som bibelen , koreanen, de vediske skriftene, buddisme. Og laga dei klare oppå slike bøker som eg ikkje treng lenger , slike som Kamasutra og mao sin lille
røde. No vurere eg bord og kveldsbøn framøve.. Vurdere å verta snill og halda min sti rein. Vurdere å ta det rolig med seksuell aktivitet. No er ikkje den aktiviteten det den eingong var, så det spørs
om det er noke vits i nedtrapping på dette feltet i det heile. Men eg kjenner no at ei store ro kjeme øve meg. Det er noko klosteraktig øve denna roen. Å få ein Gibson , kan føra til så mangt.
Du liker denne siden
Vi som er glade i stein, og kanskje aller helst norsk stein , har nok vore innom Vigelandsparken og fått med oss dei flotte steinskulpturane. Men eg er ikkje heilt sikker på om steinane til Gustav Vigeland er norske. Kanskje dei er lika
italienske som dei som pyntar Operaen. Men steinmurane i Stordalen er iallefall så norske som det går an å verte og dei er nesten lika flotte som dei på taket på finkulturborga vår. Å køyra igjøno
Stordalen er lika flott som å ta ein selfie på nemnde tak. Men på merkelig vis får vi ikkje ta i bruk dette flotte anlegget enno. Då flinke landskaps arkitektar fekk boltra seg med avanserte teikneprogram
på 24tomms skjermar og overheadane, gnei Vegvesnet seg i nevane og sa at alt var bra, gå igong og bygg. Og med hjelp av ein maskinpark som var utan sin like, vart det gjort. Før i tida var det Vegvesnet sjøl som tok seg av
alt, frå planlegging til bygging. I dag er det mange om beinet. Mindre entrepenørar er dei som tar dei tyngste børene ,leigde inn av større firma. Men på toppen tronar no vegvesnet som ein direkte link til Vårherre.
Så skulle ein tru at denne linken held eit vakent auga med utbygginga, men der tar ein feil. Svære gravemaskiner grev og stablar svære steinar som volvoar og scaniar kjeme med. Eg
har venta mange kvarter på kver side av anlegget for å sleppa igjennom, og kver gong har eg beundra det flotte arbeidet som var gjort. Vegvesnet sine reine gule eminensbilar har og stått inne på
anlegget har eg sett; så delegering, kontroll og ansvar har vorte på plass ,skulle ein tru. Men nei, når tunellane ,brua og dei flotte steinmurane endeleg er ferdig så seier kontrollørane i Vegvesnet stans. Kontrollørane
har med andre ord ikkje kontrollert godt nok. Nei då var det bedre før, då var det Olaf F, Albert, Myren og andre stødige karar som tok seg både av bygging og kontroll av vegane i kommunen. Då
var det ikkje noke slinger i valsen. Dei karane brukte nok helst betong frå Eirik eller Ølensvåg og hadde med masse armering i . Dei blanda også sjøl I svære blandemaskiner, heiv oppi ein 3del med Dalen
Portland og resten med støypesand , hvis ikkje betongbilane ikkje kom fram. I dag har dei gjenoppdaga dei flotte gråsteismurane som landskapsarkitektar og oss alle andre har vorte glade i . Maskinkøyrerar få
mange gravefirma er reine kunstnarar til å setta opp desse flotte murane. Og dei som har sett opp murane I Stordalen kan vera stolte øve vel utført arbeid. Men her er det altså kontrollørane I Vegvesnet
kjeme inn og sår tvil. Hvis det hadde vore mistanke om tvilsamt arbeid burde jo desse sett ned foten lenge før. Ikkje venta til arbeidet var ferdigstilt. Nei vegvesnet har inga høge kurs , iallefall ikkje hjå meg.
Men vi kan vel håpa på at målingane some er sett igong viser det dei skal og at 50km skilta og bommane vert fjerna, heile vegen vert åpna og Siri og vi andre får den julegåve som vi har ønska
oss så lenge.
Du liker denne siden
|
|
|
|
|
|