I veka etter veka har vi sett alvorlige dress og draktkledde menneske i alvorlege klimahandsamingane i Paris. No sist var vår delegasjon på veg heim og vart interjuva på flyplassen. Alvorsamt fortalde kvinna
at handsamingane hadde gått bra og at det no skulle verta godt å komma heim og informera ”dei som har noko med det” om at det gjekk godt. Tilslutt sa ho at vi måtte alle verta budd på å ta vår del av lasset for
å berga miljøet rundt oss. Vi sat att i godstolen og alvoret i all sin gru velta ned øve oss. No må vi vel selga firhjulstrekkaren som går på diesel, og veteranen (snart) som går på bensin. Bytta båe
bilane som vi er så glade i inn i ein liten kjappe el-bil frå Frankriket eller Japan. No har jo dette sine klare fordelar med at vi slepp å betala bortimot 8000 kr til staten i vegavgift og det enn så lenge er gratis med ferger, parkeringar
og det er inga blinking igjøno bomringane. Kort og enkelt så slepp vi å betala noko ting til felleskapet for å få betre vegar og sikrare kommunikasjonar . Men så må vi vel bytta ut grasklipparen, kantklipparen,
greinsaksa som går på bensin. Vi må montera fleire stikk i huset for å kunne lade opp alt i hop.
Yanmaren i seglbåten skal gå ei stille tid i møte, no skal rulleguineaen opp om Furien skal nå opp i ein
svimlande fart på 5 knop.
I verda rundt oss vert det som å gå på bomull. Store lastebilar snike seg opp Madsgårsbrekka utan ein lyd. Dei vert drevne av effektive el motorar med drift på alle hjul.
Alt
dette er vel relatert til lufta rundt oss ..og at det skal verta godt å vera både menneske og fuggel i dag.
Men så var det havet då, og fjordane? Her vert det harde tak. For her ligg jo oppdretta tett som haggel oppetter
kysten. Ein må vera blind eller døv, aller helst båe delar for ikkje ha fått med seg at dette er tikkande miljøbomber. Men her held storkapitalen sin klamme skyddande hand øve. Vi har sett kongelege og Hjeltnes drar verda
rund for å spreia det glade bodskap om norsk laks. Og då må vel alt vera i orden? Men nei, det er ikkje det , i år etter år forsøplar de med foring, medisinbruk , laksalus og rømmningar. Og lover betring
og lyge. No er det siste ein stor tank plassert ved eit oppdrett på Skånevikstrand. Enda eit spel for galleriet. Prototypen som den nye tanken overtok for var ingen suksess. Men denne skal altså verta det. Og vi, den vanlege mann
let oss lura gong på gong. Vi er oppdregne til å tru det beste om folk og har i snart 50 år trudd på oppdretterane at dei skulle vera intressert i eit godt miljø rundt og i oppdretta sine. Vi kunne ikkje ta meir feil. Eg
er ikkje imot at det vert dreve oppdrett, ikkje at det vert drevet slik at det øydelegg miljøet og tar knekken på våre villaksestammar. For det har dei nesten klart. Nei få dei på land og få dei sikre for lus og
for rømming så vert dei slik dei bør og skal vera i framtida også.
Og så i dagens Grannar står ein sakshansamar for kommunen fram og vil tilrå politikerane å bygga ennå eit oppdrett i Tungesvik.
No handlar det med eit om kommuneøkonomi og ev tap av skatteinntekter. Dette kjeme ifrå ein mann som var kommunen sin miljøkonsulent i mange år. Som ropte høgt nei når det kom søknad frå
ein antiroar om han kunne få kjøyra el påhengsmotor i Krokavatnet. Kva har hendt , har han slått seg?