Søkjer ein i wikipedia på eit ord som inhabil får ein opp dette: Inhabilitet (av nektende -in og habil) eller ugildhet (det motsatte av uhildet)
vil si at det foreligger omstendigheter som gir grunn til å svekke tilliten til at en saksbehandler er upartisk. Hvis slike omstendigheter ikke foreligger er saksbehandleren habil. Det er saksbehandler selv som tar stilling til om det foreligger inhabilitet.
Selv om det foreligger inhabilitet hos en eller flere saksbehandlere blir ikke avgjørelsen automatisk ugyldig. Har det i en sak foreligget inhabilitet og saksbehandler allikevel har deltatt i saksbehandlingen kan avgjørelsen bli ugyldig dersom
inhabiliteten kunne hatt konsekvenser for utfallet av saken.
Alt dette og mykje meir står det om inhabil. Det er med andre ord alvorleg å vera inhabil i ei sak.
Grunnen til at eg slo opp og tok med dette var det at eg nettopp var
på eit kommunestyremøte som tilhøyrar for vel ei veka sia. Vi, kompisen min og eg var der for å få med oss utfallet av ei sak som interesserar oss mykje. Og dette siste komunestyre før jul åpna flott med at ei unge
jente med klokkeklare røyst song ” Eg er så glad kvar julekveld”. Her var det ikkje rom for noko tull, stemninga var som ho skal vera i ein Vestlandsk kommunestyresal, god. Vi kunne kjenna at her hadde demokratiet gode
vilkår.
Og etter ein time med innføring i moderne helsestell var det at ”vår ” sak skulle opp. Men først var det ei lange innleiing om kven frå dei forskjellige partia som kanskje var inhabile . Den
eine etter den andre reiste seg opp og sådde tvil om han var habil eller inhabil Folk frå andre parti var raskt oppe og meinte stort sett nei, representanten var habil og kunne vere med å avgjerda saka. Det var vel ei og kanskje
ein som vart ærklæra som inhabile og måtte trekka seg vekk.
Ja vel, tenkte kameraten min og meg dette var flott, her virker demokratiet i praksis, og vi var spente på kva som kom, for no skulle jo slaget om ”vår”
sak starta.
Men der kom kveldens store nedtur. Saka vart banka igjennom , ingen ytra seg eit einaste ord og innlegg ,om dei var aldri så habile og taleføre. Saka var med andre ord avgjorde i gruppene på førehand. Den
vart berre lagt fram i plenum og banka igjennom.
Klart at min kompis og eg vart skuffa. Her hadde vi venta oss ein krysseld med diskusjon og innlegg om denne våras sak , som var om å få bygga ennå eit oppdrett i Tungesvik.
Vel, vi aksla oss forbi budsjett debattklare representantar ut i vintermørke og var skuffa og vonbrotne på ein gong.
Men så i eit etterpåklokskap kjeme spørsmålet: Når ei sak som her , på
førehand , og sikkert gjennomdiskutert i gruppene ,var avgjorde, var det same gjennomgangen, på førehand, kven som var habil eller ikkje? For det var jo her saka eigentleg vart avgjorde. Kan ordførar eller kanskje noken av
lokapolitikerane sei litt om dette? Eller let ein habilitetsspørsmålet komma i siste instans som eit spel for galleriet?
Klart at kompisen og eg må tåla og tape ei sak, men i desse dagar er det mykje møkje rare
ting som hender innafor demokratiets rammer og vi må i alle fall ikkje vatna det meir ut.