Ein fundere over mykje her i verda, som om to kommunar vert slått isaman. Vert då administrasjon og ansette på ein måte halvert? At ein kunne brukt den eine innarbeidde komuneadministrasjonen til også og driva den andre
og? Sei at i to kommunar er det 500 tilsette. Med ei samanslåing kan no dei 250 driva båe kommunane? Sikker ikkje , for i desse tala er det lærerar, prest, legar, sjukepleierar, hjelpepleierar, , sosionomar , oa. Og folk her er
vel vanskeleg å rasjonalisera vekk eller erstatta med makiner. Kva som skal til for å driva ein kommune forsvarleg og gje innbyggarane eit godt tilbod skal eg ikkje ta på meg å ha svaret på.
På den andre sida
har eg sjølv jobba i ei verksemd som har vorte slankare og slankare etter kvart som teknologien er vorte utvikla. For 40 år sia , før eg var ansett, var det eit levande samfunn på Hardeland og Litledalen. Det måtte vera
fulle skift på kvar kraftstasjon for å produsera straum. Det krydde av ungar og det var eigen skule der oppe.
Då eg starta jobben der oppe var skiftfolket kokt ned til å tena ein kraftstasjon. Vi hadde fått ny teknologi
til å fjernstyre den andre med eit vaktlag som gjekk skift i Litledalen. Vi overvaka også overføringslinene til Haugesund. No var husene på Hardeland tomme , men nede i Litledalen var det nye generasjonar som hadde overteke,
og her var det godt miljø og kjekkt å bu. For oss som arbeidde der oppe var det einebustadar og billig å bu.
På denne tida var vel også kommunens tenester på det normale. Det var nok mykje meir tungvindt å
drifte ein alders og sjukeheim. Det var dobbeltrom, dårlege toalett og vasketihøve. Det var eige kjøkken og vaskeri. Alle ansette gjorde ”alt” frå å røra i grauten til å skifte skittbleier. Det var rapportering
om morningen og på vaktskifta, så det vart ikkje brukt mykje tid på ”papirarbeid”. Dette veit eg litt om for fruen jobba i miljøet i mange år , pluss at mor mi var bestyrer på Ølen alders/sjukeheim
på 70talet.
For vår del i kraftbransjen , vart vi jaga frå skanse til skanse etter kvart som det kom nye teknologi og det var samanslåing av kraftselskap. Tilslutt fekk vi ein arbeidsveg på 12 mil t/r kver dag når
vi skulle ut på jobb på driftsentralen. Antallet innbyggerar i Litledalen minka dramatisk etter kvart som åra gjekk.
Antall ansette i Etne kommune har stege dramatisk etter kvart som åra kom og gjekk. Nå fekk
vel kommunane fleire ting å drifta, det var vel ma ein store lærarstab. Og det vart starta barnehagar . Dei utviklingshemma vart tatt betre vare på . Tenestane vart utvida og betre til oss innbyggerane. Minuset som stele
ein masse tid (etter mi meining) er rapporteringshelvete. Alt skal rapporterast og haldast møte over og dette stele tid.
For å ein slutt på desse funderingane så kan ein vel sei at kraftbransjen lever greitt om det har
vore store omveltningar og utvikling.
Kommunane har vel fått masse meirarbeid overførd frå staten. Om pengeoverføringane frå den same staten er rettferdig tviler eg på. Og om det vert så ”meget
betre” med å slå saman kommunane tviler eg også på.