Av og til er det godt å lesa papiraviser att. .Lesa leiarar, innlegg , politiske synspunkt, saker, lesarbrev, til og med sportsidene er betre enn i nettavisene. Gode journalistar og også mindre gode av det slaget, har boltra seg med
forskjellig stoff oppover. Vi har bretta ut og lest, forbanna og rista jo..jo.. med hovudet. Sida med reklame som har holdt papirutgåvene igong har vi hoppa elegant øve..Vi har , eller hadde jo betalt for abbonementet eller laussalet. Og
etterpå hamna dei same nede i vedkorga som opptenning .
No er all reklamen inne på nettet. Ser vi på ein videosnutt som nettavisa skriv denne må du berre må sjå på , men ikkje før ein forfilm på
15 sek har åpenberra seg med intetseiande reklame. Alt vert lagt fram fort og kjapt. Svært sjeldan er det artiklar som går i djubden og som er verde å lesa for å opplysa.. Den gamle viktige statsmakta, journalistane, murrar
og er naturligvis redd for jobbane sine.
No er det nyhende berre noko vi skumles, drar lynraskt med musa nedover..så..ferdig. Oss vanlige har tatt over det som journalistane før skreiv om. Vi blogger, legger ut bilete, kommentarar..
innlegg. Unge jenter treffer ungdommen heime med sine bloggar , får masse følgerar. Vi litt eldre herrer kan skriva om flogefiske, gitarsoloar, fest og basar..og få våre likes. Verda har endra seg , journalistikken endrar seg
til det verre. Den norske velferdsstaten er vidt open for profitørar og privatiseringa av mange ting rundt oss vil ingen ende ta. Få av oss tar til motmæle og let det berre hangla og gå. Når eit slumrande journalistlag
ikkje vaknar, må vi vanlege dødlege ta tak og skriva om dalande rettsikkerhet, om urett i samfunnet og ikkje la oss verta kledde av til å verta berre kunder og konsumentar som storkapitalen gjerna vil ha oss til.