Blogg

 

 

Når ein vil slå eit eit slag for våre firbeinte i jula så tenker ein ikkje på vekkskjemte hundar som Dolly som for tida er litt småsure for at ho ikkje kan ligga i alle stolane i stua. Pga av at ho skvetter litt blod denne juletida så må holda seg til noken få stolar som har vaskebare ullteppe skyddande over seg.  Nei det er de som er i den andre enden av skalaen. De som er såkalla utegangere. De som er ute nesten heile året, i alle slags vær,   det  er svære svarte okser som vel er hardhausar og har masse kjøtt på kroppen.  Har mange gonger sett desse skapningane som har stått nesten til kne i vatn og dritt og gnaga på silograss. Har lurt mange gonger på om dei ikkje har det så godt der dei står ute i ope lende i eit hælsikes vær. Hadde di no berre hatt eit skur og eit tak  og gått under for å få  litt skydd. Toyotaen min har det bedtre , den står i alle fall inne under tak og har tre vegger rundt seg i jævlig vestlandsk vær.

Og nå når kuldegradene dukkar opp  og snøen kjeme vannrett så skulle ein tru at ein kunne lage til eit nokelunde skyddande hus til desse fleire hundre kilo stakkarane.  For i dette landet som er fylt opp av regelverk for både menneske og dyr så skulle det vel vera noken reglar som falt til deira fordel også. Og ..la nå det vera sagt at på dei aller fleste gardane så vert dei tatt vare på og stelt med.  Men ikkje så veldig langt herifrå så skal dei visstnok overvintra i i driftsbygning som helst ser ut som om det er frå Kosovo på 90talet, rimelig utbomba.

 Reglar frå mattilsynet forlange at Dagros skal ha det godt og tørt og ligga på eige madrass i fjøset, men desse stakkarane har gått under regelverkradaren frå det same tilsyn.

For når dei har ete i seg nok frå rundballane skal dei jo berre  sendes til Fatland for å få nådestøtet likavel..så ka fa..

Mange dyrevernerar ser for seg tyrefekting som noko av det verste som kan hende ein okse. Men viss ein tenker litt rundt det..så..Husk på at dei oksane som etter noken år kjem ut på arenaene har hatt eit meget godt okseliv. Dei har fått det beste stell, for og hatt det godt elles før livet endar ein blodig ettermiddag ute på ein Spansk tyrefekterarena.  

Viss ein av desse svære svarte slakteoksane kunne valgd sjølv så er eg ikkje i tvil på at han hadde valgd å daue , etter eit godt liv, gjennobora av eit Matadorsverd  enn å få tredd ei skytemaske på seg , etter eit traurig liv på ei søkkvåte og kald Vestlandsjord.

Men elles ikkje eit vondt ord om den same jorda, berre dyra vert behandla godt og med respekt.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.