|
|
|
|
|
Blogg
Då eg var 12 slo far min til og kjøpte båt, nye båt. Ein Rana i tre, på heile 16,5 fot med 5,5 hk Evinrude . Elias laga dekk framme og vindskjerm. Vi sette heile båten inn olja. Den skulle trekka inn og bevara.
Dette måtte gjerast kvert år, skiten måtte av, båten tørkast litt og så på med nye bevarande olja. Totaktsmotoren var enkel og grei, Det var eigentleg nok å køyra den i ferskvatn før overvintring
og å pumpa litt nye gris inn, og kanskje eitt par nye pluggar, men her kunne det gå år imellom skifte. Det vart etter kvart min jobb. Skulle eg låna, måtte eg gjera såpass meinte far min. Og far min var ein harde
nagle når det dreide seg om sjøen og sjølivet. Han hadde eingong konfiskert og trødd sund ein av meg sjølbygde kano som var klar for å gli ut på det store hav. Han (far min) var verre enn det Norske Veritas , og
hadde ikkje tiltru til mine ferdigheter til å bygga båt, eller at eg kunne symja i iskaldt vatn som 10åring. Far min og eg var ikkje på talefot på ein 14dagars tid etter den hendinga. Men altså vårpussen av
vår Rana . Etter kvart vart det bruka lakk over vannlina. Og den årsgamle lakken måtte dermed skrapast av, før nye lakk , for eit år, måtte strykast på. Dette var min jobb , kvart år. Som takk, så fekk
eg bruka båten så mykje eg ville og den prega meg og etter kvart de gryande ungdomstida mi. Var vi ikkje å sparka fotball i dei evig lange sumarferiane, så var vi nok å finna ute på sjøen i Ranan. Eit hærleg
liv for ein rundt 12 og gjorde opp for mange lange timar med skrape og lakkering. Den båten følgde meg til vi var langt forbi konfirmasjonsalderen, og vi starta til og med eigen maltølproduksjon i den, med det er ei anna historie.
Men altså, vårpuss på båt har følgd meg heile livet. Ikkje at eg har gleda meg så voldsomt, men det er berre noko du må ha fått gjort for å kunne bruka sjøen sumarstid. Ofte har det vore eit
einsamt arbeid, med å spyla, skrapa, tørka , bona, mala og skifta zink. Etter kvart som båtane har vorte større og til og med fleire i antall er det ikkje få timar som har gått med. Men arbeidet har
hatt og har sine ljose sider også, som i går, då vi , gamlefar, son og to barnebarn pluss Adrian var i sving med å spyle av rur og skjell av ”Milly”. 15og16 åringane spylte rutinert skroget, medan vi eldre
tok oss av logistikken og henta oppvarma pizza og kald cola frå mor. Eit skikkeleg teamarbeid som vi gjerne ser meir av. Og skal ungdommen, som vi gjorde, veksa utav dei raske småbåtane og starta å tenka på større, så
må dei gå gradene med vårpuss dei også. Som eldre herre har eg nå starta å snu på flisa. Eg går nedover i størrelse på båtane og opp i størrelse på høgtrykkspylerane.
Mindre å vedlikehalda med betre reiskap.
Du liker denne siden
Det er rare greier , at det som har holdt liv i oss, stort sett, oljeindustrien , er dømd nord og ned. Den industrien som rydda veg for Ola Nordmann til å klatra opp på alle lister over levestandard, gjevarvilje, råd til å
leiga inn verdstjerner for å spela på store fotballstadionar, råd til italiensk stein på Operataket, , råd til ansetta masse papirflytterar i stat og kommunar, oppretta nye stillingar til folk som ikkje er produktive i det heile
og heller ikkje gjere nokon verdens ting til verdiskaping i samfunnet. Vi har tatt oss råd til å utdanna freks eit kobbel med folk som skal passa på at andre folk går etter reglar som dei første har pønskar ut. Det må
konsulentar til for å kunne gjera eit arbeid. I alle fall gje grønt ljos og bruka lange tid i forkant. Sunn fornuft og det sunne bondevetet har me tapt forlengst. Kommunane knakar i sine samanføyningar for å leva
opp til alle reglar og forordningar. Det er ansvarfråskrivning øve heile lina og dette kosar masse i kronar og øre som oljeindustrien , som er vår største industri, for fullt er med og betalar. Inne , djupt inne, i fjellet
av departement, lurer trolla som berre stikk hovudet ut når ikkje sola er for sterk og ropar ut nye reglar og forordningar. No i det siste er det befriande og flott av desse trolla , eller kanskje me skal kalla dei sagerane. For dei er jo
i botn og grunn iferd med å sage av den greina dei sjølv sit på, spytta på den handa som gjer dei mat. No skal oljestaten Noreg opphøyra å vera ein oljeproduserande stat. For sagerane synes nesten at oljeutvinninga nord
for 62 kan jo berre Putin ta seg av, og det som ligg sør kan jo berre leggast på børs for verta kvitt denne industrien så fort som mogeleg. Kanskje ein litt kortenkte tankegong for då er er jo den greina saga av
og kanskje også jobben til sagerane forsvinn. For det må dei forstå at det ikkje er berre er riggarbeiderar, eller landbaserte verksemder og arbeiderar som vert ramma. Det vil forsvinna mange tusen jobbar i heilt andre næringar
som har vorte sponsa av oljeindustrien. Denne industrien har sponsa hardt departementa og andre ting og tang som sagerane også er eller har vore ansett i. Men sagerane sager med dødsforakt , vi skal gå føre ein heil verden med å
verta best i alle miljøengasjement. Vi skal legga ned alt som smakar av fossilt brennstoff. Vi skal verta best i alternativt, kva nå dette er. Så kan sagerane dra med Norwegian ut i den store verda for å få akksept på
at det me gjere er banebrytande og fantastisk. Etter ei stund stoppar nok dei statlege overføringane av seg sjølv. Dei som skal halda liv i sagerane. Ein slik sjefsagar er jo Fredrik Hauge, dokker veit han som er sanningsvitne i
alle miljøsaker som NRK frontar og kommenterar. Dokker veit han som var førstemann på lista til å få ein Tesla og rula bussfilene i hovudstaden. Nå vert jo han , som alle oss andre , eldre, og Teslaen hans
må vel også skifte ut batteri og anna. Dette anna vert vel produsert av den yngre garden i Kina, og i fabrikkar som avgir masse røyk og skitt. Men skitt au, berre sageren får det behageleg og fin så. Men ein gong i tida
der framme, har vi gamlingar brukt opp oljefondet og inntektene er tørka opp. Kva då sagerar?
Du liker denne siden
Skal ikkje undervurdera FB når det gjeld å få kontakt. Har alltid vore intressert i sport og kanskje spesiellt vintersport og for nokre dagar sia skreiv eg eit innlegg i Forum for skøytehistorie, og fekk eit svar eg ikkje
hadde rekna med. Fekk svar frå ein gammal skøytehelt frå min barndom, Kurt Stille, som var Danmarks beste skøyteløper på den tida. Det er noke år sia eg såg den Danske hedermann på isen ja. Innlegget
var : Er imponert over kva folk veit om skøyter og utøverar. Når det vert lagt fram bilder og kommentarer her, så er det akkurat som å bla i familiealbumar. For min del også så husker eg gamle "klassiske"
skøytetider som Grisjins 40,2 på 500m, Hjallis og Kuppern sin verdensrekorder og slike. Men innrømmer at tider frå dei siste 10åra har eg ikkje peiling på. Eit minne som har bitt seg fast er då eg som guttunge var
på eit nyttårsløp på Trondhjem stadion rundt 59-60. Då var det Kurt Stille som kjempa ein tøff kamp med 42 runder i eit av de siste para på 10000m. Då var det ein som nok frøys og ville heim som ropa:
"No må du bættre ha dæ tå banen før vårkampan begynne".
Du liker denne siden
Kva kan ein venta seg av den kommunen ein bur i? For min del så forventar eg at den skal vera oppegåande, setja innbyggerane i høgsete , vera der til hjelp , tryggleik og kjemisk fri for korrupsjon . Eg forventar at den har velutdanna
flinke leiarar i dei forskjellige etatane. Vi veit at når det skal hentast ein nye rådmann er det ikkje godt nok med fok frå eigne rekker . Då hjelper det deg ikkje om du har landets beste økonomiutdanning og er frå
heimkommunen. Nei for å få best mogeleg menneskematriale til denne viktige stillinga må det hentast langt vekk ifrå , helst frå Berlevåg eller grensetraktene i mot Sverige. Då er du nok sikra at kommunen vert drevne
etter gode økonomiske normer og etikken er skyhøge. Og viss vi tenker på ma Teknisk etat så let nok ikkje Rådmannen, ”Berge Sag , eller noken andre styra. For her er det eigedom og penger som gjeld. Og stillinga
her skal sjølsagt akslast av ein (og som det også er) av ein flinke ingeniør som opptrer uhilda i dei forskjellige sakene. Ikkje eit vondt ord om ”Berge Sag”, men i ein kommunal etat har dei ingenting å gjera.
Ein skulle tru at dette prinsippet var/er gjennoførde i heile kommuneadministrasjonen, at best mogelig menneskematriale med topp utdanning er sett til å driva i dei forskjellige etatane . Det hjelper lite elles at ein etat
har flinke , velutdanna folk i sine rekker viss ikkje sjefen heldt mål. Ein ansette jo heller ikkje ein geolog til å drifta Pleie og omsorg delen i kommunen om han har aldri så mange år bak seg med studier. Det må
rett mann/kvinne med rett utdanning på rett stad. Men så viser det seg at i etat som driv med Barnevern, er ikkje dette prinsippet gjennomførd. Her er det ikkje visstnok ikkje så nøye. Det vert leigd inn private
firma, til å drifte denne etaten. Det er jo private som sit på båe sider bordet som driv nett som det passar dei. Om dette er ein såkalla midlertidig ansetting veit ikkje eg. Eg veit at innleigd konsulentar tappar kommunekassen for
store summar kvart einaste år , som vi alle er med å betalar. Men at kommunane har lov til å hyra inn private til å leia dei forskjellige etatar det viste eg ikkje , og det liker eg slett ikkje. Har vi verkeleg komne så langt
at private firma står klare til å drifte heile kommuneNoreg. Etikken, demokratiet og rettsikkerheta i kommunane smuldrar vekk og dette er ille.
Du liker denne siden
No bur eg på landsbygda, så det å vera redd og skeptisk for å setja meg på ein buss, ein trikk (finnes dei lenger?) eller i ein togkupe, eller eit fly er ikkje ikkje så aktuelt for meg. Dette gjeld vel kanskje meir
dei som bur i byane våre. Les om folk som scannar T-bane vogna før dei set seg ned, eller spring ut å tar neste i staden for. Det dei ser etter er visstnok etter mennesketypar , helst av det mørke slaget, som kan åpenbera seg
som ein terrorist av det mest bisarre slaget. Før i tida var det vel kanskje litt eldre damer som rykka litt lenger akterover til neste vogn, når høgrøyste guttegjengar breia seg i T-banevogna på veg austover til Vestlia. Men
no er dette vorte blodig alvor for mange av oss. Vi les om sundsprengte bussar, øydelagde torg, hotell som er øydelagd helst noken flytimar der aust. Men også i byar på same breiddegrader som oss. Vi drar med bilete oppe i hovudet
, ut i vår kvardag. Vi kan nekta så mykje vi vil men vi bere dette med oss. Vi scannar. Og no står det jo berre att å slå fast: At vi må og skal overvinna dette. Eg har bestemt meg for at når neste
mørke dørselger med skilt at han er fattig ,døv,har kreft, er fattig student, står utafor døra mi, så skal eg ikkje sjå på han som ein mulig terrorist eller tjuv eller.. Eg skal rett og slett ta meg tid til
å sjå på bildene hans og er dei gode så kjøper eg eitt. Eg har fleire , kjøpt for mange år sia. Eg skal ta opp att den tråden.
Du liker denne siden
|
|
|
|
|
|