Blogg

Det er rare greier , at det som har holdt liv i oss, stort sett, oljeindustrien , er dømd nord og ned. Den industrien som rydda veg for Ola Nordmann til å klatra opp på alle lister over levestandard, gjevarvilje, råd til å leiga inn verdstjerner for å spela på store fotballstadionar, råd til italiensk stein på Operataket, , råd til ansetta masse papirflytterar i stat og kommunar, oppretta nye stillingar til folk som ikkje er produktive i det heile og heller ikkje gjere nokon verdens ting til verdiskaping i samfunnet. Vi har tatt oss råd til å utdanna freks eit kobbel med folk som skal passa på at andre folk går etter reglar som dei første har pønskar ut. Det må konsulentar til for å kunne gjera eit arbeid. I alle fall gje grønt ljos og bruka lange tid i forkant.  Sunn fornuft og det sunne bondevetet har me tapt forlengst.  

Kommunane knakar i sine samanføyningar for å leva opp til alle reglar og forordningar. Det er ansvarfråskrivning øve heile lina og dette kosar masse i kronar og øre som oljeindustrien , som er vår største industri, for fullt er med og betalar.  Inne , djupt inne, i fjellet av departement, lurer trolla som berre stikk hovudet ut når ikkje sola er for sterk og  ropar ut nye reglar og forordningar. No i det siste er det befriande og flott av desse trolla , eller kanskje me skal kalla dei sagerane.  For dei er jo i botn og grunn iferd med å sage av den greina dei sjølv sit på, spytta på den handa som gjer dei mat. No skal oljestaten Noreg opphøyra å vera ein oljeproduserande stat. For sagerane synes nesten at oljeutvinninga nord for 62 kan jo berre Putin ta seg av, og det som ligg sør kan jo berre leggast på børs for verta kvitt denne industrien så fort  som mogeleg.  Kanskje ein litt kortenkte tankegong for då er er jo den greina saga av og kanskje også jobben til sagerane  forsvinn. For det må dei forstå at det ikkje er berre er riggarbeiderar, eller landbaserte verksemder og arbeiderar som vert ramma.  Det vil forsvinna mange tusen jobbar i heilt andre næringar som har vorte sponsa av oljeindustrien. Denne industrien har sponsa hardt departementa og andre ting og tang som sagerane også er eller har vore ansett i. Men sagerane sager med dødsforakt , vi skal gå føre ein heil verden med å verta best i alle miljøengasjement. Vi skal legga ned alt som smakar av fossilt brennstoff.  Vi skal verta best i alternativt, kva nå dette er. Så kan sagerane dra med Norwegian ut i den store verda for å få akksept på at det me gjere er banebrytande og fantastisk.

Etter ei stund stoppar nok dei statlege overføringane av seg sjølv. Dei som skal halda liv i sagerane.  Ein slik sjefsagar er jo Fredrik Hauge, dokker veit han som er sanningsvitne i alle miljøsaker som NRK frontar og kommenterar. Dokker veit han som var førstemann på lista til å få ein Tesla og rula bussfilene  i hovudstaden. Nå vert jo han  , som alle oss andre , eldre, og Teslaen hans må vel også skifte ut batteri og anna. Dette anna vert vel produsert av den yngre garden i Kina, og i  fabrikkar som avgir masse røyk og skitt. Men skitt au, berre sageren får det behageleg og fin så. Men ein gong i tida der framme, har vi gamlingar brukt opp oljefondet og inntektene er tørka opp. Kva då sagerar?

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.