Blogg

Kva kan ein venta seg av den kommunen ein bur i? For min del så forventar eg at den skal vera oppegåande, setja innbyggerane i høgsete , vera der til hjelp , tryggleik og kjemisk fri for korrupsjon . Eg forventar at den har velutdanna flinke leiarar i dei forskjellige etatane.

Vi veit at når det skal hentast ein nye rådmann er det ikkje godt nok med fok frå eigne rekker . Då hjelper det deg ikkje om du har landets beste økonomiutdanning og er frå heimkommunen. Nei for å få best mogeleg menneskematriale til denne viktige stillinga må det hentast langt vekk ifrå , helst frå Berlevåg eller grensetraktene i mot Sverige. Då er du nok sikra at kommunen vert drevne etter gode økonomiske normer og etikken er skyhøge. Og viss vi tenker på  ma Teknisk etat så let nok ikkje Rådmannen, ”Berge Sag , eller noken andre styra. For her er det eigedom og penger som gjeld. Og stillinga her skal sjølsagt akslast av ein (og som det også er) av ein flinke ingeniør som opptrer uhilda i dei forskjellige sakene.  Ikkje eit vondt ord om ”Berge Sag”, men i ein kommunal etat har dei ingenting å gjera.

 Ein skulle tru at dette prinsippet var/er gjennoførde i heile kommuneadministrasjonen, at best mogelig menneskematriale med topp utdanning er sett til å driva i dei forskjellige etatane .  Det hjelper lite elles  at ein etat  har flinke , velutdanna folk i sine rekker viss ikkje sjefen heldt mål.  Ein ansette jo heller ikkje ein geolog til å drifta Pleie og omsorg delen i kommunen om han har aldri så mange år bak seg med studier. Det må rett mann/kvinne med rett utdanning på rett stad.

Men så viser det seg at i etat som driv med Barnevern,  er ikkje  dette prinsippet gjennomførd. Her er det ikkje visstnok ikkje så nøye. Det vert leigd inn private firma, til å drifte denne etaten. Det er jo private som sit på båe sider bordet som driv nett som det passar dei. Om dette er ein såkalla midlertidig ansetting veit ikkje eg. Eg veit at innleigd konsulentar tappar kommunekassen for store summar kvart einaste år , som vi alle er med å betalar. Men at kommunane har lov til å hyra inn private til å leia dei forskjellige etatar det viste eg ikkje , og det liker eg slett ikkje. Har vi verkeleg komne så langt at private firma står klare til å drifte heile kommuneNoreg.

Etikken, demokratiet og rettsikkerheta  i kommunane smuldrar vekk og dette er ille.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.