Blogg

Den gongen , for lenge sia, når vi var heime den lørdagen i mai, og hadde berre ein kanal, så var vi fint nøydde til å sjå MGP. Det kjekkaste var avstemminga.  Vi ga alltid poeng til Sverige, for dei ga jo poeng til oss . Og så ga vi til England for der kom jo Beatles og Stones ifrå (utan musikalske samanlikning forøvrig).  Og slik gjekk det år etter år. Det var  den kvelden pluss den nasjonale MGP kvelden eit par laurdagar før som dette  mølet dreidde seg om. Men og det er klart at her var det pengar å tene , for noken innvidde, og dei hadde jo dei rette trådane å dra i slik at dette har vakse og vakse. No er visstnok Australia med, og dei stiller så visst ikkje med ”Man at work” eller ”ACDC”. Nei det er blåpapirartistar av dei same trøytte artistane som vår verdsdel stiller med. Same kjolane .eller mangel på desse alt ettersom. GJESP.  Og det veks og veks. Sjølvsikre musikkvitere som heilt sikkert manglar visse genar, i alle fall  dei musikalske , stiller opp i ruta og er så lukkeleg og glade for fedrelandets sjangsar i spelet. Heldigvis så ramlar vi , fortent , langt ned på avstemmingslistene så slepp ein i alle fall at ein store prosent av lisensen går med til å finansiere dette tullet.  I år hadde den norske ”musikkeliten” kledd på ei lita finnmarksjente ein sølvkjole og dytta ho fram på scenen. Den ”eliten” skulle skamma seg. Dei kan jo øydelegga jenta. For det er ingen tvil om at denne jenta er og kan verta enda større artist enn det ho er no. Men vegen går ikkje via slike scenar som her. Berre tenk på Finn Kalvik og Teigen kanonflinke, men er no redusert til” dei som fekk null poeng ” i MGP. 

For i sjølve avstemminga er det enda meir politikk enn før. Ein behøve ikkje væra konspiratorisk for å anta at lille Agnete vart offer for negative strøymingar som Europa sender mot oss her oppe i steinrøysa, for våre mange brot på menneskerettane.

Så…eg synes vi skal trekka oss ut av dette tullet. La Sverige gje stemmene sine til Danmark og Finland, og Balkanstatane stemmer på sine naboar. Ikkje send fleire lovande artistar inn i dette spelet.  Og la ”kvitsnippmusikkanmelderane og deira likesinna” få andre scenar til å visa sine vakre smil på.

Av og til vert ein skikkeleg glad berre av å lesa ein artikkel i HA. I dag las eg om motorsagkunstnaren Kenneth Ravn Ottesen som har byggd opp ein ”skulpturcamp” og fylt den opp med skulpturar som han har skapt med motorsaga.

Men ved påsketider hadde nokon friskusar vore på raid i campen, gjort hærverk og tatt med seg skulpturar. Ottesen gjekk ut i avisa og ville ha skulpturane attende. Han var ikkje interessert i å annmelda nokon, berre få skulpturane på plass att. Berre nokre dagar låg det tre utskårne stolar og eit sverd ved bommen inn til parken, men det mangla ei kule og ein tulipan. Ottesen var nøgd og meinte saken var øve. 

Men så kom det ein telefon frå ein av friskusane som ville møta han og verkeleg unnskylda . Ottesen seier han vart rørt og fekk gåsehud.  På avtala tid møttes kunstnaren og 4 angrande friskusar . Dei drakk iskaffi og fekk ein hyggeleg prat.

Slik kan det og bør det gjerast. Ottesen er ein fine, tenkande fyr, og det er jaggu ungdommane også.

Det er så ein vert rørt og ein får gåsehud sjølv.

Sentraliseringstoget  rullar vidare, no har det vore nye konduktørar  med spakane eit par års tid, så no er farten sett upp.  I baksporet til toget ligg det masse nedlagde stasjonar. Og no har konduktørane kasta blikket sitt på dei vidaregåande skulane her i Etne.  Skular som flinke folk har brukt år for å bygga opp , som ligg i gode lokaler, som akkumulerar oppgåande elevar , arbeidsplasser i bygda, som det er investert 30millionar i nye bygninga i.

Konduktørane  som jobbar skift,  kjeme denne gongen frå Fylkeskommunen og klør i fingrane etter å legga ned. For mottoet til konduktørane er: ”Her skal det ikkje finnast ei oppgåande bygd att i heile vårt langstrekte..”

 Konduktørane føre dei har jo klara å legga ned eit hundretal med småskular på grunnplanet og då vil jo ikkje desse væra stort dårlegare. Nei no må dei vidaregåande skulane til pers. Og i Fylkeskommunen vrimlar det av nye friske konduktørar som berre klør i fingrane etter å starta. Og  i dette, det aller heilagaste av alle stadar som oppfostra nye konduktørar, står det ikkje på penger. For dei sit jo sjølve  og legg nye spor , og til det treng ein jo kapital. Mykje kapital.  Det må jo til og med vi andre dødlege,  som ikkje tenker slik konduktørar skal, forstå.  For vi må forstå det at å flytta papir frå dei eine kontor til det andre, krevje masse ansette, godt løna ansette.

Om det er så samfunnsnyttig å flytta papir , sjå det , er ikkje opp til ”oss andre” å bestemma, det bestemmer dei sjøl.    Og det å slanka sin eigen organisasjon, eller aller best legga den ned, når økonomien i landet krevje det, nei det er slettes ikkje til å vurdera eingong.

Mykje betre då å starta toget , for å legga ned noko så uvesentleg (for dei) som nokon velfungerande skular att.

Prince er død, og det er triste greier. Han vart 57 år. Det er jo slett ikkje verst for eit rock ikon. Kan jo nemna i fleng ..Henrix var 27 då han for, Joplin var 27, Jim Morrison 27, Brian Jones 27. Lennon klarte å tippe 40, Marc Boland 29. Og det er ei lange rekke med flotte folk som har gått bort på ulike måtar, i fylla, bilcrash, skotne …Litt respektlaust sagt, skikkeleg rock’n roll dødsårsaker.  Ikkje mange her nei som ”mønstra av” av pga alder og med familien  samla rundt seg, når dei trekte sitt siste sukk.

Så dukker sjølvsagt spørsmålet opp ..kor mykje avdøde betydde for oss som elska musikken deira. No er det tid for musikkjournalistar til å stikka hovudet fram å avgje sine dommar .

Dei som eg har høyrt siste døgret utbasunere sjølvsagt at Prince var den største og….medan dei er i gong  (på innpust) så er Bowie ein god nummer 2.

Vi vanleg dødlege må verkeleg tenka etter .  Er det slik? Å komma dragande med Lennon , Dylan, Petty, Springsteen, Johnson, Matthews  nå, er nok å snakka for døve øyrer. Så då er det betre å halda kjeft.

Men det er trist det med Prince ja.

Når det gjeld arbeidslivet og korleis ein kan setta saman  gode team så har eg tenkt mykje på samansettinga fordelt på dei forskjellige  kjønn. Er vi så forskjellige som det kan virka, i veremåte , i å utøva makt,  i måten om å høyra på andre, i å ta til oss kritikk og i det å bry seg om å kunne forandre ting som ikkje verkar. I å handtera den makt som ein har opparbeida seg.  Dette er kanskje ein brannfakkel som ein ikkje burde ha tatt opp. Og i eit vertfall ikkje eg som alltid har hatt respekt for likeverd mellom kjønna. Har alltid stått bak at vi skal ha lik lønn for likt arbeid, at vi i alle ting skal vera likeverdige i arbeid. Eg har hatt ei mor som har vore leiar, i eit kvinnedominert yrkje , og vore stolt av det.

 Men eg har høyrt historiar frå kvinner som har fortalt om det å jobba i kvinnedominerte yrkje har vore ein labyrint i å sno seg pga av baksnakking, intriger og misunnelse. Eg har også høyrt om kvinner som har jobba i mannsdominerte yrkje, som skryter av korleis det er å jobbe med menn, sjølv om dei er i fleirtall.  Dei same kvinnene har kanskje bakgrunn frå kvinnedominerte arbeidsplassar, og seier dei trives mykje betre med å jobba når det er ei god blanding av kjønna eller når arbeidsplassane har fleire menn enn kvinner. Dei meiner at dei vert meir innkluderte i arbeidsmiljøet.  Ein vil jo gjerne tru at ein arbeidsplass har eit like godt arbeidsmiljø om det er kvinner eller menn i fleirtall. Men er det det?

Det er jo eit øveordna mål å få kvinnelege sjefar inn i arbeidslivet og å få fleire kvinner i styrene i bedriftane.  Men er vi forskjellige når det gjeld å ta vare på, og å oppføra oss medmenneskeleg i mot våre kollegaer i arbeidsituasjonar?   Eg har jobba i over 40 år og har aldri hatt problem med å jobba med det anna kjønn. Har vel jobba i meir mannsdominerte yrker men synes at det har vorte eit betre arbeidsmiljø med kvinner på arbeidsplassen  Eg har møtt vrange folk av mitt eige kjønn i arbeidssituasjonar og vrange folk av det andre kjønn også.  Men det har vel også mykje korleis du sjølv oppfører deg også i mot dine medmenneske.

I konfliktar mellom det mannlege kjønn er vi kanskje meir reale og tar ein ”kamp”, og vert ferdige med det. I dei kvinnelege kretsane vert det ofte meir tisking og kviskring i krokane enn reale konfrontasjonar. Enige?  Eller ikkje?

Ein skal ikkje underslå at i visse situasjonar kan kvinner føla seg diskriminert og kjenna seg som ein ”kaffikokar” i arbeidsituasjonar, men dette var vel meir ”før i tida”.  Ein skal huska på at jentene har gått ein lange veg frå kjøkkenbenken heime til å verta fullverdige brikker i det store maskineri  og det å vera oss menn likeverdige på relativt korte tid.  Men så var det dette arbeidsmiljøet då.  Kom med innspel.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.