Blogg

No bur eg på landsbygda, så det å vera redd og skeptisk for å setja meg på ein buss, ein trikk (finnes dei lenger?) eller i ein togkupe, eller eit fly er ikkje ikkje så aktuelt for meg. Dette gjeld vel kanskje meir dei som bur i byane våre. Les om folk som scannar T-bane vogna før dei set seg ned, eller spring ut å tar neste i staden for. Det dei ser etter er visstnok etter mennesketypar , helst av det mørke slaget, som kan åpenbera seg som ein terrorist av det mest bisarre slaget. Før i tida var det vel kanskje litt eldre damer som rykka litt lenger akterover til neste vogn, når høgrøyste guttegjengar breia seg i T-banevogna på veg austover til Vestlia. Men no er dette vorte blodig alvor for mange av oss. Vi les om sundsprengte bussar, øydelagde torg, hotell som er øydelagd helst noken flytimar der aust. Men også i byar på same breiddegrader som oss.  Vi drar med bilete oppe i hovudet , ut i vår kvardag. Vi kan nekta så mykje vi vil men vi bere dette med oss. Vi scannar.  

Og no står det jo berre att å slå fast: At vi må og skal overvinna dette. Eg har bestemt meg for at når neste mørke dørselger med skilt at han er fattig ,døv,har kreft, er fattig student, står utafor døra mi, så skal eg ikkje sjå på han som ein mulig terrorist eller tjuv eller.. Eg skal rett og slett ta meg tid til å sjå på bildene hans og er dei gode så kjøper eg eitt. Eg har fleire , kjøpt for mange år sia. Eg skal ta opp att den tråden. 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.