Skal ikkje undervurdera FB når det gjeld å få kontakt.
Har alltid vore intressert i sport og kanskje spesiellt vintersport og for nokre dagar sia skreiv eg eit innlegg i Forum for skøytehistorie, og fekk eit svar eg ikkje
hadde rekna med. Fekk svar frå ein gammal skøytehelt frå min barndom, Kurt Stille, som var Danmarks beste skøyteløper på den tida. Det er noke år sia eg såg den Danske hedermann på isen ja.
Innlegget
var :
Er imponert over kva folk veit om skøyter og utøverar. Når det vert lagt fram bilder og kommentarer her, så er det akkurat som å bla i familiealbumar. For min del også så husker eg gamle "klassiske"
skøytetider som Grisjins 40,2 på 500m, Hjallis og Kuppern sin verdensrekorder og slike. Men innrømmer at tider frå dei siste 10åra har eg ikkje peiling på. Eit minne som har bitt seg fast er då eg som guttunge var
på eit nyttårsløp på Trondhjem stadion rundt 59-60. Då var det Kurt Stille som kjempa ein tøff kamp med 42 runder i eit av de siste para på 10000m. Då var det ein som nok frøys og ville heim som ropa:
"No må du bættre ha dæ tå banen før vårkampan begynne".