Blogg

Då eg var 12 slo far min til og kjøpte båt, nye båt. Ein Rana i tre, på heile 16,5 fot med 5,5 hk Evinrude .  Elias laga dekk framme og vindskjerm. Vi sette heile båten inn olja. Den skulle trekka inn og bevara. Dette måtte gjerast kvert år, skiten måtte av, båten tørkast litt og så på med nye bevarande olja. Totaktsmotoren var enkel og grei, Det var eigentleg nok å køyra den i ferskvatn før overvintring og å pumpa litt nye gris inn, og kanskje eitt par nye pluggar, men her kunne det gå år imellom skifte.

Det vart etter kvart min jobb. Skulle eg låna, måtte eg gjera såpass meinte far min. Og far min var ein harde nagle når det dreide seg om sjøen og sjølivet. Han hadde eingong konfiskert og trødd sund ein av meg sjølbygde kano som var klar for å gli ut på det store hav. Han (far min) var verre enn det Norske Veritas , og hadde ikkje tiltru til mine ferdigheter til å bygga båt, eller at eg kunne symja i iskaldt vatn som 10åring. Far min og eg var ikkje på talefot på ein 14dagars tid etter den hendinga.

Men altså vårpussen  av vår Rana . Etter kvart vart det bruka lakk over vannlina. Og den årsgamle lakken måtte dermed skrapast av, før nye lakk , for eit år, måtte strykast på. Dette var min jobb , kvart år. Som takk, så fekk eg bruka båten så mykje eg ville og den prega meg og etter kvart de gryande ungdomstida mi. Var vi ikkje å sparka fotball i dei evig lange sumarferiane, så var vi nok å finna ute på sjøen i Ranan.  Eit hærleg liv for ein rundt 12 og gjorde opp for mange lange timar med skrape og lakkering.

Den båten følgde meg til vi var langt forbi konfirmasjonsalderen, og vi starta til og med eigen maltølproduksjon i den, med det er ei anna historie.

Men altså, vårpuss på båt har følgd meg heile livet. Ikkje at eg har gleda meg så voldsomt, men det er berre noko du må ha fått gjort for å kunne bruka sjøen sumarstid. Ofte har det vore eit einsamt arbeid, med å spyla, skrapa, tørka , bona, mala og  skifta zink.  Etter kvart som båtane har vorte større og til og med fleire i antall er det ikkje få timar som har gått med.

Men arbeidet har hatt og har sine ljose sider også, som i går, då vi , gamlefar, son og to barnebarn pluss  Adrian var i sving med å spyle av rur og skjell av ”Milly”.  15og16 åringane spylte rutinert skroget, medan vi eldre tok oss av logistikken og henta oppvarma pizza og kald cola frå mor. Eit skikkeleg teamarbeid som vi gjerne ser meir av. Og skal ungdommen, som vi gjorde, veksa utav dei raske småbåtane og starta å tenka på større, så må dei gå gradene med vårpuss dei også.

Som eldre herre har eg nå starta å snu på flisa. Eg går nedover i størrelse på båtane og opp i størrelse på høgtrykkspylerane.  Mindre å vedlikehalda med betre reiskap.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.