Blogg

Noken land veit å innretta seg etter klimaet. Øystaten Kiribati som ligg i Stillehavet og som ligg utsett til viss havet skulle stiga, har kjøpt seg landområde på Fiji for etablera seg der hvis eller når Grønlandsisen finne på å smelta vel mykje.

Ein god ide for Norge også kanskje..å kjøpa seg eit landområde langt sør for innslaget til Golfstraumen. Tenker på været vårt om sommaren, Ikkje at det er så alvorlig som innbyggerane i nemde øystat har det, men alvorlig nok for solhungrige nordmenn.

Tenk om vi hadde hatt eit lite Norge nede i Italia. Varmt og godt . med garantert fint vær. Her kunne ein snakka norsk utan engelsk sleng. Pubane hadde hatt norske prisar , altså øve 100kr for halvliteren. Drivstoffprisane på same nivå som gamlelandet.  Prisar som hadde fått oss til å kjend oss heima. Same smilande menneske som hadde seld «folk er folk» utafor supermarkedene.  Og vi hadde sloppe all knotinga på spansk og parløritaliensk.  

Familiar med hardt trengte 4 vekers ferie, burde rula sommarstid, medan vi som er løna av pensjon og Nav kunne rota rundt der nede resten av året.

Berre eit forslag dette, men vi bør kunne innretta oss for å fart på salet av kremar med faktor…

208000 tonn kloakk,  83000 tonn matrester,  26000 tonn nitrogen,  39940 tonn fosfor + lusemiddel og medisin som ingen er sikre på omfanget av. Sjå for deg dette søppelberget som årlig vert sluppe ut i fjordane og havområda våre. I år etter år har det ,utan at noken har tatt tak i det, aller minst politikerar og såkalla naturvernerar, sluppe ut slike søppelberg som forgifta fjordar og nære havområdet til kongeriket Norge.

Eit kongerike som innføre miljøavgifter i søkk og kav , og som lagar restriksjonar i mot å køyra dieselbilar i tettbygde strok. Og som nesten sager av  den greina som vi alle…ALLE …sit på og tener på ..oljeindustrien.

No skal det satses seier komiske Ali ,  fisketriministeren vår.  Ja seier det unisone koret av politikerar frå Ap, Høgre,Frp..både på riks og lokale plan. For no har China åpna markedet sitt ..og for eit marknad..det er inga grense. Politikerane sin våte, sylvskimrande draum. Greina er snart ferdigsaga og det er plass i fjordane til å pressa inn ennå eit oppdrett eller  20 til. Snart køyre vi alle Tesla ..og ka svarte skal vi med riggar og oljeleiting..berre heft. Ingen kan sjå med blotta auga ka som går føre seg under vassyta i fjordane. Desse forbaska fjordane som ligg på vestlandet og nordover er det jo berre utgifter med likevel . Dette er noken få laksebaronar sitt rike og det ligg langt frå Kongehus og Storting og for den saks skuld Blindern og Blitz. La dei gjera som dei vil i desse utkantane om det så  skvulper over av søppel er oss revnande likegyldig.

I Klassekampen, venstresida sin avisstolthet er det heilsides annonser for dette «reine» flotte matproduktet. Og annonsepengar kjeme godt med når kanapear og kvitvin skal kjøpast inn til redaksjonsmøta…

Men så uventa..som ein Fugl Fønix kjeme det eit avisinnlegg som set søppelberget på dagsorden. Og det frå røynde politikerar frå SV. Ikkje til å tru..stå på. Eg hadde avskrevet at det noken gong skulle heva seg kritiske røyster frå politikerane ..ever.

Stå på dokker i SV, dokker har lagt inn ein god søknad om min stemme til hausten.

 Hvis me ser vekk ifrå været, som er slik halvtrist, så er det det einaste heiltriste i dag det at sola har snudd . Elles så har me gode teikn for at det skal verta ein skikkelig bra dag. Skattepengane er vel på veg inn på slunken konto.. Ja ikkje for S då..ho må betale. Ikkje så mykje , men litt.  Men at ho aldri lærer..må jo ha eit skikkeleg skattetrekk . Eller kanskje det ha seg  at det er eg som har har tuska til meg alle frådraga i familien? Er vel helst det siste ja. Så her må eg  nok trø til for  å gje ho ei hjelpande hand.

Elles er eg er glad for at vi alle her i landet  berre er «nesten millionærar». Tenk hadde me vore milliardærar? Det hadde gått til helsikes med heile landet. Milliardærar betaler jo berre minimalt med skatt, det har jo noverande regjering sørga for. Nei då er det godt å sutta på den eine eller nr 2, kanskje 3dje  millionen som vi vanlege folk har. For vi betaler , og skal betala, skikkelig attende til felleskapet. Og det gjere sitt at ein og annan syraren og somaliaren klare å snika seg forbi rottweilerane i utlendingdirektoratet og få innpass. Og heldigvis for det..ka skulle vi elles ha krangla om …ma på dette mediet?

Nei takk Gud for at eg ikkje har 1000 millionar på bok. Då hadde det vorte ein heller trist dag i dag, for ein kan jo ikkje få att noko på skatten viss ein ikkje har betalt inn noko?

Når ein ein sjelden gong sit på på harde kyrkjebenkar, benkar som ikkje er uforma for å sitta godt, men nok er laga for at ein ikkje skal lukka augene og falla i svevn, så er det ikkje ofte ein høyrer etter preika med entusiasme og nyskjerrighet. Men denne helga var det annaleis  i ein dåp i familien hamna denne husstanden tilslutt, etter fleire forsøk, i rett kyrkja ute på Karmøy.      Ein veltalande prest glei her ut av dei opptrakka velkjente preikfrasene og prata med innleving om tru og forskjellar imjødlo trusamfunn. Han prediket om alle lover og reglar som dei som flokka seg om Islam eller Jødedommen hadde og landa til slutt på at vi kristne hadde det lettare i så måte.

Vi slapp og ta hensyn til eks kva mat som vi hadde i oss , om vi blanda desse rett. Altså vi trengte ikkje å bry oss om vi åt kjøtt og drakk mjølk samtidig..for dette var visstnok ein dødsynd. Det å møte ein hund som på toppen av alt kunne slikke deg, resulterte i at ein måtte vaske både seg sjøl og klærne godt etterpå,  Og dette var berre toppen på mange dødsynder, deira religiøse highway var full av slike ting.

No var det visst slik at om ein av dei truande i slike trusamfunn måtte bryta noken av desse strenge religiøse reglande pga av at han måtte følgje skikkane i eit selskap eller for så vidt eit land, så var det ikkje så farlig for då var det vertskapet eller den eller dei, som hadde utforma desse skikkane som kom til hælvete og dei sjølv gjekk klar. Sikkert ein befriande tanke for dei.

Nei , denne presten prediket varmt om kristendommen og eg må gje han rett, det må vera betre å leva eit religiøst liv utan for mykje regler og forordningar. Vi kunne jo nesten kokt det ned til Ole Brum sin fine og vidgjetne lov. Dette siste sa jo ikkje presten , den har eg heilt på eigen hand sugd utav eige brøst. Og , dette også frå meg , kristendommen er ein religion som tilpasser seg, om ikkje alltid knirkefritt . Berre sjå på tilpassinga når to av same kjønn forelsker seg. Vel sat denne langt inne , men fornuften vann her også ,som elles så mange gonger…heldigvis.

Så, enn så lenge så heie eg på Jesus og de, som Reidar sa.

Når spissane på Stortinget skal bestemma i byggsaker ..så vert det ikkje småtterier. Sjå berre på garasjebygginga her var byggeprosjekta planlagde til 1,1 milliarder kroner, ligg nå an til en sluttregning opp mot 1,8 milliarder.

No er bygginga av det nye regjeringskvartalet i startgropa..Det skal lysast ut annbudskonkurransar i aust og vest..Fancye arkitektfirma gnir seg i nevane og teiknar og planlegg. Her skal det nok ikkje stå på pengar. Alle veit at kalkylene sprekk ..men det gjere ingenting, dei innvolverte sit godt same ka som hender. Her ligg det nok an til å toppa sprekkene som til eks  Opera- og Mongstadbygging. Ein Mong og to vert berre småtteri i denne samanhangen..berre vent å sjå for det er jo spissane til dei som skal administrera landet vårt som skal vera byggherrar og då kan alt henda.

Dei som administrerar oss her heima fylgjer godt opp i så måte..berre sjå på Vindafjord kommune som har brukt 400000 av ein forsikringsum på 900000 til tvistesak, konsulentar og taksering, men ingenting er gjort til å få ei hengebru opp igjen. Ei bru som vart tatt av ein flaum i 2014.  

Slike ting gjer jo at vi betaler vår skatt med glede , for vi veit at skattepengane våre vert brukt på ein nøktern og fornuftig måte…

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.