Når spissane på Stortinget skal bestemma i byggsaker ..så vert det ikkje småtterier. Sjå berre på garasjebygginga her var byggeprosjekta planlagde til 1,1 milliarder kroner, ligg nå an til en sluttregning opp
mot 1,8 milliarder.
No er bygginga av det nye regjeringskvartalet i startgropa..Det skal lysast ut annbudskonkurransar i aust og vest..Fancye arkitektfirma gnir seg i nevane og teiknar og planlegg. Her skal det nok ikkje stå på pengar. Alle
veit at kalkylene sprekk ..men det gjere ingenting, dei innvolverte sit godt same ka som hender. Her ligg det nok an til å toppa sprekkene som til eks Opera- og Mongstadbygging. Ein Mong og to vert berre småtteri i denne samanhangen..berre
vent å sjå for det er jo spissane til dei som skal administrera landet vårt som skal vera byggherrar og då kan alt henda.
Dei som administrerar oss her heima fylgjer godt opp i så måte..berre sjå på Vindafjord
kommune som har brukt 400000 av ein forsikringsum på 900000 til tvistesak, konsulentar og taksering, men ingenting er gjort til å få ei hengebru opp igjen. Ei bru som vart tatt av ein flaum i 2014.
Slike ting gjer jo at
vi betaler vår skatt med glede , for vi veit at skattepengane våre vert brukt på ein nøktern og fornuftig måte…