Blogg

Jammen ringde det på døra i dag, då eg og støvsugaren var midt i den ukentlege seansen. Vakthunden Dolly hylte og eg var nødt til å slå av sugaren og gå for å åpna.

Utafor stod det ein yngre kar som var ute etter penger . Han hadde med seg  eit skriv med store  understrekingar og i katastrofeskrift. Heile slekta var visstnok sjuke, dei unge lei av leukemi og dei eldre hadde tub og det som verre var.

Eg sa, på ikkje heilt feilfritt engelsk, til han, at eg ikkje var heilt på topp sjølv heller, så eg lurte på om han kunne heller dela litt med meg også viss naboane hadde vore i det spandable hjørna.

Det ville han ikkje, men vi skilde lag i ein venskapeleg tone og gjekk kvar til vårt.  Han gjekk ned bakken og sette seg inn i ein nyare varebil med rare skilt. Eg gjekk inn att til elektroluxen..

Eg hater eigenleg å gje Sylvi Listhaug rett…men eg må medgje at ho har eit poeng når ho tar opp dette at flyktningar drar attende til sitt gamle heimland på ferie. 

Mange skriv jo at flyktningar har rett til å dra attende når eit eller anna traumatisk har hendt i familien osv og at dei også må vera i sin fulle rett til å ta ferie i sitt gamle heimland. Greitt det..men då har dei vel neppe i utgangspunktet vore den heilt store fare for at dei hadde blitt kasta i fengsel for sine sympati ev. gjerningar i dette gamle heimlande, elles så hadde dei nok ikkje tatt sjansen til ein retur i ny og ne..

Sett litt på spissen så hadde nok ikkje ein jøde dratt attende til ferie med paraplydrinkar og parasollar på den tyske østersjøkysten i 39 , viss dei hadde klart å komma seg ut i 36 frå galskapet i Nazityskland.

Då vil eg heller kalla det for dårleg handtverk til dei norske immigrasjonsmyndighetane at dei ikkje klare å skilja hvete frå klinten og slepp «flyktningar» gjennom nålauga inn i kongeriket.

Klart det er mange som tar  ein «kvite ein» for å få eit betre liv. Det gjorde nok Ola Dunk  i si tid også då han sto i kø på Ellis island og venta på å sleppa inn i det forgjettede land.

Så far so good Listhaug, men du måtte jo dra dette lengre. Så langt at Norge skal bli ein angivarstat. Ein angivarstat på lik lina med Øst Tyskland anno 1950-80  talet. Då kunne du gladelig anngi grannen din t. eks etter ein fuktig kveld/natt der det var spilt Rolling Stones el anna etter x antal snaps. Då kunne du resikere å hamna inn i den Østyske versjonen av Bastillen, og få deg nokre mnd der.

Listhaug vil jo «renska» ut dei som har tatt ein «kvit ein» og vil bruka alle middel til det sjølv om skapar eit angivarsamfunn. Akkurat det synes eg er nesten verre enn å ta ein «kvite ein».

 

Valet nærmar seg og ein stakkar må prøva så godt ein kan med å skummelesa seg opp litt. Og ein ting får ein jo med seg at viss det kjeme nye regjeringar med Jens eller Erna med roret så vert forsvaret vårt byggd ned til å likna eit steinkastande Palestina som (vil )kjempa i mot ein ev fiende med ultramoderne våpen. Flytting av velfungerand våpenanlegg og nedlegging av HV vil setta oss attende til ei tid der stein var greitt å forsvara seg med. Vi kan jo oppretta steindepo av handterlege kastestein på forskjellige stadar til å forsvara oss med. Ein stad som er aktuell her i nærleiken er under minneplata om dei som mista livet i trefningar med tyskerane i april 1940 og som står på Fikse.  Eller kanskje Erna tek mål av seg til å møta til eks fientlege panser med utstrekte armar og store ro som studenten på den himmelske freds plass gjorde. Nå har jo Erna pondus..men om det rekk til å stansa panser, det….

Nei..valet?  Står det mjødlo sofaen og Trygve?..Så går eg for han siste.

«Han er verdsmeister» seier bestemora til Warholmen , stolt og rørt,på klingane flott sunnmørsk. Ja visst er han det og det er nett som hovudpersonen løftar oss opp over alle dei elendige nyhender som strøymer på. Løftar oss opp frå retorikken imjødlo Kim jong un og Trumphen. Opp frå tanken om at ca 1000 arbeidsplassar i Norsk Skog, i Skogn og Halden heng i ein tynne tråd pga stormannsgalskap. Opp frå meldingar om at regjeringa vil ta oss attende til ein forsvarsemne anno 9 april 1940. Opp frå vestlandsværet sumaren 2017. Opp frå meldinga at Erna og gjengen ,i ei meiningsmåling har utlikna forsprang til dei raud grønne. Opp frå det faktum at Brann og FFK er slått ut av cupen, Opp frå beskjeden om det jækla dårlige kneet til Svindal. Opp frå å høyra på kristelege folkeparti sin leiar som vaklande kjem seg opp for å ropa ut sin frustrasjon i mot sine eigne om ein elendig distriktspolitikk. (timinga her er vel i seinaste laget?) Opp frå irritasjonen om at ikkje Solvik Olsen ikkje kan sjå nytte i ein oppjustert E134 her vest. Opp frå at  Rolling Stones ikkje kunne legga fedrelandet inn i turneplanane denne gongen.

Takk Karsten for eit friminutt..

Mutteren hadde fyllt hundre i dag.

Det er lenge sia ho lærte meg alle sangane ho kunne, eg kunne vel ha vore ca 3.

Lenge sia ho var nede å reiste meg opp i skibakken då eg låg trynte ned i snøen, eg kunne vel ha vore 3,5.

Og ho kjøpte Donald til meg for eg ville læra meg å lesa, eg var 4.

Ho passa på meg då eg tok mandlene då er var 5.

Ho arrangerte bursdag for meg og alle ungane i nabolaget, sjølsagt med ei bøtte med heimelaga is, då eg var 6.

Dressa meg opp til skulestart, då eg var 7.

Ho gjorde mykje rart og praktiske ting for meg oppover livet, som å smøra store nistepakkar til sultne Rock,n Rollerar då vi var pengelense etter spelejobbar då vi var rundt 18.

Og hadde alltid ferdigsmurte skiver og ett glas mjølk på nattbordet då vi kom frå fest ..ut på natta.

Som kom med ein handlepose full i mat då eg var nygift og det var lite med penger.

Ho , sjefsprutaren, var alltid god å ha med når eg skulle forhandla med bilforhandlerar. Då vart det alltid vinterdekk og matter attpå handelen.

Ho var ein ræser i alle slags spill..og banka oss , med smil om munnen i kinasjakk og mattis.

Fjellgeit og fiskar var ho også..hadde mykje fine fisk på samvittigheten. Når ho hala fisk opp i båten, kunne vi sjå på beinstillinga kor stor den var.

Ho var smart , veltalande som ein trønder er. Snill, lett leva saman med for fattern og oss andre.

Ho var mykje , men ho  hadde også tid til å vera fagforeningsleiar for 200 i konfeksjonsindustrien i Trondheim på slutten av 50talet.  Og ho jobba nesten helsa av seg i Resturant og hotell næringa på 60talet. Tok etterutdanning å enda opp som aldersheimsbetyrar i sine siste 10år i jobbsamanhang.

Godt likt var ho også.

Slike minner dette ned i hovudet på deg, på ein slike dag , når mor di ville fyllt hundre.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.