Blogg

Interessant å lesa ein kronikk av Petter Gottschalk, økokrimforskar, som bekjenner sine synder i eit forsøk på avlat. Han fortel om smøreturar for næringslivet til reisemål i aust og vest . Flotte hoteller..middagar..festar. Han fortel at deretter rettferdigjorde slike turar med gjerne å kalle det for seminar og der han opptrådde som forelesar.. Om dette er ei ukjend verd for dei fleste av oss så har vi vel noken kver vore borti feite julebord og weekendfestar i våre arbeidsplassar sitt tegn, utan at vi har fått den heilt store angeren, utan ein vaksen hangover då. Men eg veit også at i det halvstore firmaet (interkommunalt) som eg var ansett i, var det fancye turar for styret m/følgje , til både Island og New York. Og når det var sildajazz var champangne og sigarfaktoren høge..

Og Gottschalk fortel om ein pengebruk og ein (for meg)  ukultur utav ein annan verd.. I verdas rikaste land flaut pengene i strie straumar på desse turane..Han fortel at den første båten som dei hadde på hytta vart døypt «Smøretur»… No har den godeste Gottsschalk sett ljoset og har både selt båten gjort gratisarbeid  for Manifest tankesmie med eit håp om å få avlat for gamle synder.  Han har også skrevet «Toppen av isfjellet» som handlar om omfanget av kvitsnippkriminalitet.

Eg berre nemner dette i desse Jensen tider der aktor indignert forlangar lovas strengaste straff for å korrupere seg , som å få gratis baderom og nye klokka.

Den aktoren burde vore på firmabesøk hjå noken kver.

Eg kjende deg ikkje godt Kai Henrik , men etterkvart var vi på hels og vi prata litt når vi trefftes. Eg har sett bilder av deg som blide guttunge, eit av dei var med ein gitar i fanget. Du hadde nok ein tøffe sjukdom som sende deg oppi ein motorgåande rullestol. Men du hadde nok ein varme familie og ei bygd som slo ring rundt deg. Og du hadde ein glødane interesse for musikk. Og det var i musikkens tegn vi møttes. Eg bak og du framfor micar og forsterkerar. Du kom gjerne trillande inn på Fjordkroa kl 23:30 ein lørdagskveld for og få med deg oss i Fifty. Når du kom visste vi at vi måtte skjerpe oss og spelte gjerne noko nytt innøvd . Du hadde god peiling på musikk og vi var stolte av at du viste interesse.

Når du nå har måtte bukka under for sjukdomen og er gått ut av tida, har vi alle lidd eit tap. Men kanskje kanskje sit du no ringside i ei anna verd og får med deg Gary Moore . Viss ei slik verd finnes vil eg og dit seinare og du kan godt halda av  ein plass til meg.

Vanskelig å vita kva som kom først..høna eller egget.  Eller som her innbyggerane eller administrasjonen. Først kom kanskje innbyggerane driftande ..og det var sikkert ikkje lenge før ein slags administrasjon var på plass. Om enn ikkje så omfattande så var det vel noken som skulle bestemma vegen vidare.

Slik er det i kommunane også i Etne. Her er vi, med eit  innbyggerar på godt og vel 4000 og  vi vert administerert av ein kommuneadmnistrasjon på ca 10% av dette talet. Eller administrert og administrert..her er lærerar , kontoransatte, sjukepleierar, assistentar, fagarbeiderar, pedagogar og mange andre stillingar. Det er eit god gjennomsnitt i kongeriket som står på og skal gjera denne kommunen god å bu i. Og ..vi må ikkje gløyma politikerane som vert valde inn kver fjerde år, og som skal strekka i budsjett og utøva mange slag som kan verta avgjerande for innbyggerane. Alle..eller nesten då..kommuneansette og oss andre dødlige som har hatt inntekter frå andre stader betaler jo for tenester som vi får..dei kommunale avgifter kloakk, feiing, vatn og no i dei siste åra , eigendomsavgift. Det vert for vår del over 22000 i året.. Og når vi veit at vi betaler ikkje ein så ratt liten del av hovudskatten vår som går også attende til kommunen så er det ikkje lite ein vanlig famile betaler . Og klart…skal vi ha gode tilbod så må vi betale. Men det er vel ikkje tvil at det har vorte ein skikkelig aukand press på familieøkonomiane med det akselerande trykk i kommunale avgifter  , mykje pga av eigendomsskatten som kom dalande for eit par treår sia.

Og her er eg ved denne saken midte, vi og sjølsagt også dei ansette  i Etne kommune også , bør kunne forventa at den øvste administrasjonen , i ma Teknisk Etat, Helse ol set behova til sine innbyggerar høgt. Kvar stein må snuast, ikkje berre dei steinane som det står lovpålagde på, når det gjeld å hjelpa sine innbyggerar Og dette gjeld dei som tar på seg ansvaret som det å vera innvalde politikar også inneber. Desse siste bør ha Erik Bye sine formanade ord i minne. Det burde så visst også politikerane som styrer kongeriket også ha.

Eit forslag få meg er å adoptera spørjeskjema på nett . Eit slik ett som til dømes  hoteller og bilverkstader sender til deg etter du har vore på besøk.  Eit slik eller heller fleire slike spørjeskjema kunne ha logge inne på kommunen sine sider der kvar og ein av oss kunne rangere tenester frå..til dømes Glimrande i den eine enden til kanskje på tide å pensjonerast i den andre.  Eller noke liknande med kanskje 5-6 graderings boksar å merka inni. Spørsmålet kunne gjerne ha vore: Kva synes du om kommunen sin bruk av konsulentar?

Spørsmål kunne ha gått på dei største etatane og tenestene og kanskje til og med på Rådmannen sitt arbeid. Såpass bør ein som trekker opp lønnsgjennomsnittet tåla.  Ein evaluering kunne kommt til syne kvart kvartal, der vi som innbyggere kunne følgje med i forbetringar eller kanskje forverringar. 

Av og til er det mykje som er artig som ein drar på smilebandet av i kommentarfelta. Som ..ein som kommenterte i forbindelse med reindrifta i nrk 2.  Han meinte det var heilt forkastelig og eit sannt dyrplageri å reka rundt med desse reina i mil etter mil , når det endelege målet som vinka der framme var ein sikker død for reina og at de skulle bli havna på matbordet til dei som «plaga» nesten livet av de. Ikkje veit eg kor innskrivaren fekk sin mat ifrå …sikkert frå kjøttdisken på Coop. Vi behøver vel ikkje gå inn på korleis kjøttdiskane på Coop og rundt om vert fyllte opp..

Men kanskje han han hadde sett ljoset og konvertert til å ha kun grønnt , frø, innsekter ol på sitt matbord. Kanskje han var av dei som held vegetarfanen høgt og nærmast såg eller ser med avsky på oss stakkarar som ikkje heilt har sett det rette ljoset ennå.

Men kan han no vera så heil sikkert på at det ikkje finnes liv i grøne stenglar, bønner og  planter som han tyller i seg?

For eg veit nesten med sikkerhet at det finnes ein «nesten» intelligent liv i planter. For i dagar som eg har budd aleine og hatt ansvaret for mine eigne plantar så har eg sett at plantene har snudd seg etter meg når eg kom inn i eit rom. Grunnen til det forsto eg ikkje  før altandøra ein dag bles opp og det bles støv opp av pottene…

Ho sa ho elska staden. Ho hadde leigd seg inn no i påsken. Hadde budd der før , for ein 6-8 år sia. Damo det er snakk om, var ei runde ,trivelige og  på vår alder , sånn ca. . Opprinnelig kom ho nok i frå ein stad ennå lengre aust enn Østfold, der ho budde no, Litauen kanskje eller Polen. Huset ho hadde leigd ligg på Ola Vik området, turområdet våres og mange andres. Eit lite , kvitt, enkelt hus som mang ein forfattarspire har vore innom for å fjerna skrivesperra si. Dette var altså drøymestaden til dama. Her hadde ho tatt med seg barnebarna slik at dei også kunne verta glade i huset og området. Eit flott turområde som ma, ein friluftsbarnehage har som base, og som skular, småbarnsfamiliar og andre dødlege, som oss, brukar. Det er ein stiftelse underlagt kommunen  som drive området.  Ein stiftelse med alt for lite pengar til å leige inn hjelp til ma å rydda opp etter Nina og andre friske stormar som har lagt delar av skogen flat. Friluftsrådet er nedom av og til, for å slå grøntområdet og for å henta eingongsgrillar og anna søppel som håpefullt ligg oppi søppelspanna som er utplasserte. Og ett par flinke pensjonistar som er og har vore aktive i litt vedlikehald.

Men så var det denna damo då, som sto midt i turstien , med ei rive, ein spade og eit stort smil. Raka og rydda, og planta blomar til og med. Ho sto der dagen etter også, like blid. Då hadde mose , greiner og ruskehaugane vakse ennå meir. Ho visste ikkje heilt kva ho skulle gjera med haugane. Eg foreslo at dei kunne flyttast litt utafor stien.

Men det var nok ikkje godt nok forslag fordi  dagen etter hadde ho fått tak i egna sekker for å fylla dei med dette rusket og rasket. Sekkene hadde ho stabla i en store haug. Alt i alt var det gjort eit godt stykkje arbeid her dei dagane damo hadde påskeferie.

Så no er det vel opp til stiftelsen å få denne haugen med sekkar ned til miljøstasjonen. Men for så vidt så har eg jo ein tilhengar eg også, kunne jo tatt den jobben. For om ein har raudt pass så skulle jo det gå…eller?

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.