Noken land veit å innretta seg etter klimaet. Øystaten Kiribati som ligg i Stillehavet og som ligg utsett til viss havet skulle stiga, har kjøpt seg landområde på Fiji for etablera seg der hvis eller når Grønlandsisen
finne på å smelta vel mykje.
Ein god ide for Norge også kanskje..å kjøpa seg eit landområde langt sør for innslaget til Golfstraumen. Tenker på været vårt om sommaren, Ikkje at det er så
alvorlig som innbyggerane i nemde øystat har det, men alvorlig nok for solhungrige nordmenn.
Tenk om vi hadde hatt eit lite Norge nede i Italia. Varmt og godt . med garantert fint vær. Her kunne ein snakka norsk utan engelsk sleng. Pubane
hadde hatt norske prisar , altså øve 100kr for halvliteren. Drivstoffprisane på same nivå som gamlelandet. Prisar som hadde fått oss til å kjend oss heima. Same smilande menneske som hadde seld «folk er folk»
utafor supermarkedene. Og vi hadde sloppe all knotinga på spansk og parløritaliensk.
Familiar med hardt trengte 4 vekers ferie, burde rula sommarstid, medan vi som er løna av pensjon og Nav kunne rota rundt der nede
resten av året.
Berre eit forslag dette, men vi bør kunne innretta oss for å fart på salet av kremar med faktor…