208000 tonn kloakk, 83000 tonn matrester, 26000 tonn nitrogen, 39940 tonn fosfor + lusemiddel og medisin som ingen er sikre på omfanget av. Sjå for deg dette søppelberget som årlig vert sluppe ut i fjordane
og havområda våre. I år etter år har det ,utan at noken har tatt tak i det, aller minst politikerar og såkalla naturvernerar, sluppe ut slike søppelberg som forgifta fjordar og nære havområdet til kongeriket
Norge.
Eit kongerike som innføre miljøavgifter i søkk og kav , og som lagar restriksjonar i mot å køyra dieselbilar i tettbygde strok. Og som nesten sager av den greina som vi alle…ALLE …sit på
og tener på ..oljeindustrien.
No skal det satses seier komiske Ali , fisketriministeren vår. Ja seier det unisone koret av politikerar frå Ap, Høgre,Frp..både på riks og lokale plan. For no har China
åpna markedet sitt ..og for eit marknad..det er inga grense. Politikerane sin våte, sylvskimrande draum. Greina er snart ferdigsaga og det er plass i fjordane til å pressa inn ennå eit oppdrett eller 20 til. Snart køyre
vi alle Tesla ..og ka svarte skal vi med riggar og oljeleiting..berre heft. Ingen kan sjå med blotta auga ka som går føre seg under vassyta i fjordane. Desse forbaska fjordane som ligg på vestlandet og nordover er det jo berre utgifter
med likevel . Dette er noken få laksebaronar sitt rike og det ligg langt frå Kongehus og Storting og for den saks skuld Blindern og Blitz. La dei gjera som dei vil i desse utkantane om det så skvulper over av søppel er oss revnande
likegyldig.
I Klassekampen, venstresida sin avisstolthet er det heilsides annonser for dette «reine» flotte matproduktet. Og annonsepengar kjeme godt med når kanapear og kvitvin skal kjøpast inn til redaksjonsmøta…
Men så uventa..som ein Fugl Fønix kjeme det eit avisinnlegg som set søppelberget på dagsorden. Og det frå røynde politikerar frå SV. Ikkje til å tru..stå på. Eg hadde avskrevet at det noken
gong skulle heva seg kritiske røyster frå politikerane ..ever.
Stå på dokker i SV, dokker har lagt inn ein god søknad om min stemme til hausten.