Blogg

Når ein ein sjelden gong sit på på harde kyrkjebenkar, benkar som ikkje er uforma for å sitta godt, men nok er laga for at ein ikkje skal lukka augene og falla i svevn, så er det ikkje ofte ein høyrer etter preika med entusiasme og nyskjerrighet. Men denne helga var det annaleis  i ein dåp i familien hamna denne husstanden tilslutt, etter fleire forsøk, i rett kyrkja ute på Karmøy.      Ein veltalande prest glei her ut av dei opptrakka velkjente preikfrasene og prata med innleving om tru og forskjellar imjødlo trusamfunn. Han prediket om alle lover og reglar som dei som flokka seg om Islam eller Jødedommen hadde og landa til slutt på at vi kristne hadde det lettare i så måte.

Vi slapp og ta hensyn til eks kva mat som vi hadde i oss , om vi blanda desse rett. Altså vi trengte ikkje å bry oss om vi åt kjøtt og drakk mjølk samtidig..for dette var visstnok ein dødsynd. Det å møte ein hund som på toppen av alt kunne slikke deg, resulterte i at ein måtte vaske både seg sjøl og klærne godt etterpå,  Og dette var berre toppen på mange dødsynder, deira religiøse highway var full av slike ting.

No var det visst slik at om ein av dei truande i slike trusamfunn måtte bryta noken av desse strenge religiøse reglande pga av at han måtte følgje skikkane i eit selskap eller for så vidt eit land, så var det ikkje så farlig for då var det vertskapet eller den eller dei, som hadde utforma desse skikkane som kom til hælvete og dei sjølv gjekk klar. Sikkert ein befriande tanke for dei.

Nei , denne presten prediket varmt om kristendommen og eg må gje han rett, det må vera betre å leva eit religiøst liv utan for mykje regler og forordningar. Vi kunne jo nesten kokt det ned til Ole Brum sin fine og vidgjetne lov. Dette siste sa jo ikkje presten , den har eg heilt på eigen hand sugd utav eige brøst. Og , dette også frå meg , kristendommen er ein religion som tilpasser seg, om ikkje alltid knirkefritt . Berre sjå på tilpassinga når to av same kjønn forelsker seg. Vel sat denne langt inne , men fornuften vann her også ,som elles så mange gonger…heldigvis.

Så, enn så lenge så heie eg på Jesus og de, som Reidar sa.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.