Hvis me ser vekk ifrå været, som er slik halvtrist, så er det det einaste heiltriste i dag det at sola har snudd . Elles så har me gode teikn for at det skal verta ein skikkelig bra dag. Skattepengane er vel på veg
inn på slunken konto.. Ja ikkje for S då..ho må betale. Ikkje så mykje , men litt. Men at ho aldri lærer..må jo ha eit skikkeleg skattetrekk . Eller kanskje det ha seg at det er eg som har har tuska til meg alle
frådraga i familien? Er vel helst det siste ja. Så her må eg nok trø til for å gje ho ei hjelpande hand.
Elles er eg er glad for at vi alle her i landet berre er «nesten millionærar».
Tenk hadde me vore milliardærar? Det hadde gått til helsikes med heile landet. Milliardærar betaler jo berre minimalt med skatt, det har jo noverande regjering sørga for. Nei då er det godt å sutta på den eine eller
nr 2, kanskje 3dje millionen som vi vanlege folk har. For vi betaler , og skal betala, skikkelig attende til felleskapet. Og det gjere sitt at ein og annan syraren og somaliaren klare å snika seg forbi rottweilerane i utlendingdirektoratet og få
innpass. Og heldigvis for det..ka skulle vi elles ha krangla om …ma på dette mediet?
Nei takk Gud for at eg ikkje har 1000 millionar på bok. Då hadde det vorte ein heller trist dag i dag, for ein kan jo ikkje få att noko
på skatten viss ein ikkje har betalt inn noko?