Milliardærar er jo ofte litt eksentriske , kler seg litt annaleis enn det me trudde. Som Olav Thon med den raude topphuva og slitte annorakken. Vår «eigen» milliardær frå Vats, Jakob Hatteland som den gongen
ein var på nikk med han ,gjekk i ei litt sleten strikkajakka. Ka han går med no er ikkje så godt å sei, det er lenge sia Kalle og eg traff han på samvirkelaget ute i Vats. Kalle kjente han frå Sauda, då han og
eg gjekk på yrkeskulen . Jakob gjekk på gymnaset der inne. Eg kjente han ikkje då, var meir interessert i dei kvinnlige gymnasiastane. Men i alle fall Kalle og eg traff Jakob med strikkejakke og to handleposar. Ein heilt alminnelig og hyggelig
mann.
Han var allereide då ein suksess i business. Hadde startet på ein låve og hadde seld eletroniske komponentar..no eigde han «heile»Vats , halve Haugesund og litt til, men det hadde ikkje verka inn på det folkelige.
I dag les eg at han via sitt AutoStore og med sine samarbeidspartnerar har eit lagerrobotselskapet som er verd 65,5 milliardar. Det er svære greier, Thon er verd 16,9 milliardar og Røkkes Aker 49 milliardar. Lærøy 44, Storebrand
41.
Elles er den beskjedne Hatteland kjent for sin kjærlighet til fyrværkeri. Det har ofte vore svære greier som glitra i mørket ei nyttårsnatt der ute i Vats og Haugesund. Har ikkje vore spart på noke der i gården.
Grei kar, som og har hjelpt lokalsamfunnet mang ein gong…men det er likevel eit hakk opp til Trond Mohn . Kanskje Kalle skulle tatt seg ein tur ut til Vats og kviskra han litt i øyra om akkurat Mohn? Råd har han i alle fall til
å konkurrera litt med den karen.