|
|
|
|
|
Blogg
Vi som står på sidelinja og håper , håper som berre det, at kraftige wirer blir slått rundt dei svære vindturbinane på Fosen og at bulldosere sliter dei overende..Så er det dags for oppryddings skvadronane
å samle skrapet saman, noke kan kanskje å til spiker, vingene er vel usirkulerbare så dei må vel graves ned eller behandles som atomavfall og senkes ned i djupe gruvegonger. Milevis med veg og hundrevis med murklosser og hundrevis
av tonn med armeringsjern skal vekk . At det svære området av øydelagt natur kan bli som før er vel utopi, men det blir betre ..10000 ganger betre enn det er no. Rekninga kan vi sende til politikere, NVE, og den lumske gjengen
som ikkje har brydd seg om demokratiske spelereglar, som rett og slett ikkje vører at samene i hundrevis av år har brukt dette område. Vi ser og håper at høgsterettdommen kan få tusenvis av vindkraftanlegg i bakken
og vekk. Det går på helsa og trivsel laus ..så det berre må til. Vi i Motvind og Miljøvernpartiet har til og med fått MDG med på laget. Dei kom seint , overraskende , men godt. Men, og det
er mange men. Dei (vi)som stemte fram ei ny regjering ved å stemme på SP og Rødt fekk oss ein skikkelig på trynet når Bart Eide vart Klima og Miljøvernminister. Her er det å få mest mulig vindkraft
på land og sjø som gjeld. Alt for å tekkes kontoinnhaverane i Cayman island og eller EU ypperste,Tyskland. Kor den mannen har vært hen når fortvila mennesker som er ramma av dette uvesnet har ropt ut si fortviling veit
ikkje eg . Men han satt vel tryggt og godt inne i EU (EØS) varmen og var blind for nordmenns eigne interesser ..som alltid. Vi må ha trua ..på det gode..og på at kver einaste vindturbin i heile landet snart kan treffa
bakken med eit smell. Så høgt må smella bli at «dei lumske» med Barth Eide i spissen må høyra på folket å la den vakre naturen vår vera i fred. Vi har ..ved å sei nei til Acer massevis
av kraft i vårt eige land. Steng av utalandskablane, oppjuster vår eigne vannkraftanlegg og linjenett (innanlandskabler) Bruk vannkrafta vår som vi gjorde berre for få år sia, kjøyr maskiner og magasin med varsemd og ikkje
med beinhard profitt i tankane. Vi kan ikkje lida for ein feilslått kraftpolitikk som dei har ført i Tyskland, der dei har lagt ned atomkrafta si.. Hvis det blir som mange vil ..at det blir stans i oljeleiting og nedtrapping av olje
og gassnæringa så må ein i verden der fornuft rår , ta vare på og styre sjølv med vannkrafta vår. Vi skal jo satse på anna industri etter olja vår også ..og straum må vi ha. Vi ser berre
ei begynning av vanviddet no..Kraftselskapa tener seg steinrike og det er den vanlige mann , som må betale kw/t priser oppe imot 3 kr. Om vi endelig er kvitt Tina Bru så er det likevel vanskelig å bevare trua når
folk som Barth Eide entrer statråd stolen. Likevel så er det ein fantastisk styrke i at folk som skriv og demonstrere i Motvind og Miljøvernforbundet. Under hender..freks når Bodø Glimt banker Roma ..så kan vel vi
i Motvind og andre rettrua banke Acer og AP sin EØS avtale sønder og saman..
Du liker denne siden
I dei siste dagane har det strøyma imot oss , om Høgre sitt fantastiske politiske program. Vi har fått høyra om kor flinke Erna , Høie og fleire har vore og vil bli. Dei har rydda opp i mange mange djupe kriser
som a/s Norge har hatt dei siste 8 åra, korona, oljekriser etc. Og dette vil dei fortsetta med viss vi tupper høgre sin valgsetel ned i valurna..Det er ikkje måte på. Tenk viss dei hadde vore skikkelig ærlige å laga ein
reklame for partiet som hadde gått på…td : Stem Høgre så skal vi nok legga ned enda ei fødestove nære deg, eller vi skal nok klare å squize ledige og fattige ennå meir, feriepenger til slike.?
Pyton.. Eller: Vi klarte å ta vekk brillestøtte til barn i forrige periode, no skal vi squize barnefamiliane ennå meir…stem Høgre! Og Høgre er ikkje einerådane her.. teks eit ærlig APprogram
ville kanskje sett slik ut…: Stem på Jonas og oss så skal vi nok squize sjølvråderetten ennå meir. Kanskje vi kan legga ned nasjonalforsamlinga vår og overføra all makt til EUparlamentet (for alle veit
jo at det egenlig er EU som styrer as Norge…og viss folket ennå ikkje har forstått, så skal vi nok banke det igjøno når vi kjeme til makta… Slik kunne vi sikkert gått inn i dei forskjellige parti og
omskreve deira valgløfter. Det er ikkje alle som er så «flinke» som FRP ..Her sender dei den største bløffmakeren i valgløfter av dei alle ,Solvik Olsen i fronten framfor Tv kameraen der han ser deg
djupt inn i augo og messer om betre vegar. Han berre børster støvet av løftet frå 2017 . Det løftet blir nok kasta oppi ein skuff og låst inn, såsnart som valnatta er over. Det same gjere nok støtten til
eit sjukehus i Alta. Den same støtten som dei ga i 2017 og dermed vart det største partiet i Finnmark på desse siste åra. Vi eller rettare sagt..dei naive i Rogaland kan jo stemme Halleland inn på sikker plass. Det er
jo lov å håpe…Håpet er jo snart det siste vi har i kampen imot globalister og bløffmakere. Men ds Halleland har jo vist at han i alle fall jobber for nærområdet. Ære være han for det. For
det er det slett ikkje alle komande stortingrepresentantar som kjeme til å gjera..langt ifrå.
Du liker denne siden
Det er ikkje alltid at Roy Martin Øyjord og eg er enige om ting. Men det tvinger fram respekt for ds sine Skakke produkter. Han har som grunder arbeida fram eit matprodukt (kaldrøykt laks og aure) som har slått til og den eine
politikaren etter den har stått på sidelinja å klappa begeistra i nevane. Men så har han ,som mange andre, fått koronaen midt i fleisen. Gode kontraktar som før pandemien bar håp om ei god businessframtid vart med
pandemien lagt døde. Støtte har han ikkje sett noke til, dog 40000 frå kommunen. Politikerane som begeistra hadde klappa i nevane snudde ryggen til. Det er eit trist lesestoff om ein arbeidskapasitet som Roy Martin utvilsomt er, som sto
p,å trykk i Grannar i dag. Der fortel Roy M at butikkprisen på oppskoren laks eller aure er rundt 549kr/kg. Gevinsten for Øyjord er vel 50kr. Då har han foredla , pakka og levert til grossist eller direkte til butikk.
Men så skal grossistane, transportørane, butikk kjedene ha sitt..etter min ringe mattekunnskaper ..rundt 500kr/kg. FEMHUNDREKRONER. Det må jo væra noko steike gale her ein plass? Altså 500kr/kg , for å bære
inn på kjøla, ofte berre på å ta opp av kassen med røykelaks i , legge på plass i butikkhyllene , lage ein liten plakat om prisen og så slå inn i kassen (mange ganger slipper de jo det også for
kjappe kunder ordner det sjølv) . Joda de skal vaske å holde orden i butikke også, men det må jo være måte på. Spør du meg så er det rimelig vanvittigfordeling av prisen på ei heilt vanlig vare
. Og dette er visst Øyjord er så «heldig» at dei i det heile tatt vil ta imot varen frå han. Dei skal jo helst bli tatt i mot og destribuerte frå spesielle grossistar . For i matvare hirarkiet er det strenge rangordningar
og dei største klapper skuldrene til kvarandre. Eg tipper det er slik for mindre produsentar , om du tapper for sal heimeprodusert sider, lager dei mest fantastiske pølsene heime på den reine benken eller som Øyjord lager eit flott
produkt. Men blårussen som sitter på toppane i matvarebransjen er ikkje lette å vippe av pinnen og få rettferdighet i markedet ifrå. Blårussen som enten er som Rema arvingane med x antall jetfly, ståande å
vente på Vernes, eller dei som har aksla seg inn som «Livet ditt» Coop og som sitter i ein kameratgjeng av eit styre , med mange mange millionar i løn kvert år, og som neppe noken gong er på val. Like usmakelig er det.
Å ikkje er det vel stort betre å dra til Sverige heller, sjølv om det er billigare der. Blåruss er det i Sverige også, heilt sikket.
Du liker denne siden
Når eg blir skikkelig forbanna på eit eller anna (heldigvis så er det heller sjeldan) så ser eg ikkje raudt, eg ser grønnt. Grønnfargen har øvetatt det meste av det som er falskt , står for eksponent
for korrupsjon i samfunnen, står som løgn og bløff. Viss vi skulle fargelagt dei 7 dødssyndar så hadde dei glinsa i grønnt. I utgongspunktet så var det velmeinande mennesker som brukte fargen for å
fargesetta kampen imot eit stadig aukande forbrukarsamfunn som er i ferd med å ta knekken på naturen rundt oss. Ein natur som vi må spela på lag med ikkje øydelegga om vi skal ha ei framtid her på jord. Men denne fargen
vart oppdaga av storkapitalen og nå vært brukt til å øydelegga naturen meir og meir i hurtigare og hurtigare tempo. Smarte folk som jobber for seg sjølv og for broderskapet der oppe, dei 10% som eig bortimot 90% av alle
naturressursjene. Dette rike brorskapet som eig så mykje gir blanke faen i korleis ressursjen blir dreve berre dei gjer avkastning..mykje avkastning. Dei akslar seg inn i miljorganisasjonar, som Bellona som er eit slags sanningmedie for faenskapet.
Zero er også i hendene på denne «grønne» kapitalgjengen. Dei har store makt, får presse og rettsystemet med på laget. Politikerane har for lengst latt seg blinda av keiserens nye klær løgnene som vert
spreidde. Redaktørane kjenner sin besøkelsetid og skriv på leiarplass så fingrane held på å knekka i iveren om å tekkast løgnene. For det med grøn skifte er jo berre ein gedigen bløff.
Ein bløff som vi har blitt fortalt no i mange mange år, i mange mange festtaler oppover . Som no sist i april då ypperstepresten himself Nicolai Tangen gledestrålane forkynte at no vart det sett av 13,9 milliardar til nye havvindpark.
13,9 milliardar av våre penger som vert brukte til bløffen om keiserens nye klede. For det har jo aldri vært noke grønnt skifte, det finnes ingen reine fornybare energi i sikte som det ifrå rikmannsklubbens med lakeipolitikerane
som Tina Bru, Erna Solberg , ja ta med Jonas G Støre også , så hardnakka meiner er rett rundt svingen. Det er og blir ein av dei største bløffane i moderne tid. Desse tre og mange fleire også, som er valgte inn på
stortinget gjere sitt aller beste på å rasere naturen vår.No når kysten er rasert med lakseoppdrett og vindturbinar står utbygging av havvindturbinar for tur. Det skal byggast svære skogar av dei..Skit i fiskefelt og trekkfuglar
berre kapitalen får rasera. Matrialer som ikkje er fornybare som vert brukt 6 ganger meir i ein EL bil enn i ein bensinbil. Ein havturbin segs ganger meir pr MW enn eit kolkraftverk. Dette siste har vi jo heldigvis ikkje her på berget..vi
har vannkraft. Ei vannkraft som snart blir skusla vekk av kapitalkameratene i sin iver til å tena pengar..meir pengar..heile tida meir. Fock naruren. I Tyskland der det vifter svære vinmøllevinger over alt, går dei baklengs
inn i framtida. Dei har jo byggd ned atomkrafta si. Atomkrafta som sto for ein tredjedel av all forbruket til Fritz. No har den og skal byggast heilt ned og det skal sikker kompenserest med kraft (billig) frå oss her på berget. Eit tankkors
som det ikkje skal snakkast om i alt dette grønne er at nedlegging av atomkraftverk har resultert i 36,3megatonn meir CO2 utslepp kvert einaste år. Nok til å ta livet av 1100 mennesker i året pga luftforurensing. Dette siste
er vel ikkje så kjekkt tema i festtalane? I statene meinar dei at mindre, og sikrare atomkraftverk kan vera rette medisin. Ikkje meg imot når vi ser på all raseringa som hender no. Og vi må nok stikka fingeren i jorda og begynna
å tenka sjølv, ikkje la storkapitalen gjera det. Vi må nok redusera forbruket våres, ikkje ha 2 og 3 bilar eller kjempestore cabincruisere i kver familie, kanskje ta ta bussen oftare, selje hytta i Spania, vår , sløyfa
vinter og hausturar til Tyrkia eller Kanariøyane. Vi må reparere tinga vi har, ikkje kjøpa nye. Kankje bil og andrre verksteder vore momsfritadde. Lagt opp til meir gjenbruk og atter gjenbruk.. Tenk på naturen..tenk for all
del ikkje grønnt…det går til helv…
Du liker denne siden
Eg må berre beklaga ..men når ivrige politikerar pratar om alt det grønne som skal henda oss villfarne mennesker den nære framtid .så står Nakkehåra mine rett ut..Det grønne som står rett
øve bakkekammen eller ute i synsranda ute i havet, det er berre å strekka seg etter det så har vi det med oss. Som arbeidsplassar, vindkraft, batterifabrikkar, datakraft, kort sagt nye «bærekraftige» modellar som vi arme
mennesker skal henta vår føde av. Elektrisk forståes.. det nye, det hellige, det bærekraftige, DET GRØNNE. Vi får bøye hovuda i skam vi som ikkje forstår eller ikkje viser entusiasme. Vi må da for helsikes
forstå at olja og gassen skal fasast ut.. vi må vera med på sluttdatoen ..vi må løfte våre blikk å tella ned. Vipps..der var det slutt på Sverdrup, Troll ,Heidrun og alle , Statfjord A, B ja alle. Stenges skal
det, ikkje ein oljedråpe meir skal opp og i land. Nei vi gjere fanden i om Uncle Sam, Ivan og Zupeng ikkje stenger ned. Vi skal redde redde vår arme jord , og dei promillene som vi har bidratt til å forurensa Tellus med ..dei
skal bli så grønne så grønne, dei promillene. Så resten av verda skalsåvisst ikkje ha det å sei at ikkje Ola Dunk bryr seg og viser handlekraft. Namnet Statoil som var blitt eit skammens åk, er
jo skifta for lenge sia.. No heng Eqvinor stolt , høgt til vers på 300 m høge vindmøller til havs.. Møller som sender ..eller har sendt , kraft til pumper og leiteutstyr der ute. No kan krafta sendes til dei britiske øyane
og kanskje Færøyane og innteninga kan gå rett inn i på konto til Caymanøyane.. Som Bitcoin eller grøne dollarsetlar.. Hurra. Det blir spennande tider framover, velferdsstaten er jo på retur det blir nye konstellasjonar
som eit slags føydalsystem, der flinke og iskalde økonomar sitt på toppane, styre freks Livene våre..Coop. Som eit evigvarande styre som har hand om heile næringskjeden..fra bøndene på åkrane til «I
dag er det tilbod på» .Bøndene er til liks med oss andre leilendingar og bør holde kjeft å ta i mot…det lille som tilbydes. Rappkjefta politikere, eit korrupt rettsystem blir sett blidt på så dei får
så det holder.. Fagforeninger er sleten i stykke for lenge sida. LO (i namnet ) og NHO jobber jo side om side , er lobbyistar om natta og politikare om dagen.. Dei styrande om det er Høgre eller Høgre light har
sine spinndokterar som vrenger og vrir løgn og halvsanningar til snøkvite sanningar og dermed eksporteras elegant vidare via TV , radio, nett eller Akersgata. Dette er glaskula mi, ikkje noke lysteleg syn..er det rart at kvalmen stige
i halsen ..når eg høyrer ordene grønnt og berekraftig frå ein politikar…Og om du eller eg ikkje forstår det ..så forstår EU og tilhengerane det. Nobelkomiteen forstår det, dei har jo allereide gitt fredspris
til Al Gore som med sitt fabelaktige framsynte miljøarbeid slo fast i 2007at Nordpolen allereide skulle vera isfri om sommaren 2014. At det ikkje vart slik, treng vi ikkje tenka på. Vi får heile tida progam ,i beste sendetid
frå NRK at slik er det ..basta. No er det snart tid for miljøprinsessa Greta frå vårt naboland og ta æresplass på Stortinget. Dei kan kanonisera ho samtidig og gje ho ein milliard og to frå statskassen med
på vegen heim.. Alt for den gode (grønn)sak. Kanskje ho kan komma med tips KVA vi skal leva etter å ha fasa ut olje og gassen vår. Det blir utan tvil "gode" tips derifrå..ingen tvil.
Du liker denne siden
|
|
|
|
|
|