Blogg

Øst Europeiske fotball lanslag er nesten skapt til å bli snublesteinar for vårt eige landslag. Ungarn, Serbia, Romania og no Tyrkia har vist seg for sterke. Overbetalte feterte foballtrenerar har trekkt nye og enda nyere landslag opp av hatten, stilt de opp i kvalifiseringar til EM og VM ..og gått på tryne. I går kveld brukte tyrkerane dei norske som rundingsbøyer og frekkt sette (fotball)skapet på plass. Dei ga vel blaffen om det var ein norske heltetrenar som kom ifra trenargjerning i det landet der  landslagstrenaren  kalla vårt høgt elska landslag for fjellaper. Dei ga vel blaffen i om norske aviser i månadsvis framsnakka Håland som verdens beste spiss. Okay..det blei først to lettkjøpte baklengs så Drillo fekk rett…den bakre fireren den svikta . Så var det fotballmagi på den tredje vi fekk i sekken. Ein tyrker med rart namn sto for den..skrudde ballen rundt alt som var rett i mål.  Tyrkia sitt siste og Tufan sitt andre var eit lite (fotball)»under» …eit «under» like flott som rykka til Klæbo og Northug , avslutningane til Johaug og dei siste metrane i bakken til Granerud. Ein kan vera glad at tyrkerane ikkje satser på vinteridrett, så hadde vi  vel fått bank der også.

Det spørs  om ikkje Solbakken fekk den verste motstanderen som han kunne tenka seg. Og i og med at Hollenderane stort sett slår oss både på isen og på graset..så  sleppe Solbakken å tenka meir på det å demonstrera imot  galskapet som har hendt under oppbygginga i forkant av neste fotballVM .  Solbakken kan nesten berre ta fram storeslegga å trekka seg no med ein gong, for til VM kjeme vi ikkje nokså sikkert ikkje. Men HVIS vi gjere det ,så skal eg klyppa ut eit bilde av den skalla og henga det opp på veggen i guttarommet. Der skal Solbakken få henga ..mellom 2 Gibsongitarar. Men..det er vel ingen fare for det.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.