Blogg

Med eit rart år bak oss og eit nytt rart år framfor oss , kjennes det nesten som livet  på mange måtar sett på vent. Er desse åra heilt vekk kasta?  Solf. hadde ein lange utgreiing for meg om dette. Og når eg tenker etter så er eg einige. Ho meiner at vi før coviden nesten levde eit jetset liv. Vi reiste hit og dit ..fullt kjøyr. Vi hadde minimalt med tid til kvarandre. Å stoppa opp , pusta ut og tenka etter var heilt utenkelig. Ikkje tid ..ikkje tid. Barnehagane måtte halda lengre oppe, foreldrene måtte jo jobba ennå litt ekstra.

Jobba inn fredagen, hive bikkja og ungane inn Teslaen og komma seg til Vågsli, opptil hytta som gudsjelov er oppvarma og badstua klart. Hadde ringt opp i god tid og skrudd på varmen til dei 100m2.  Litt må ein jo ha igjen for eit lån på 4 mill …Har jo råd til ein liten konjakk og heiskort også..står ikkje på det. Så  ei lita bønn til Vårherre at det er såpass vær på søndagen og strøm på Teslaen at vi sleppe å stå i for lange og trege kolonne for å komma oss heim igjen.  Må jo stå opp grytidlig mandagen for å ha råd til alt dette ..og litt til.

Eller kanskje ein weekendtur til Allicante. Ungene må jo få oppleva i feb. det som vi opplevde i ein hektiske juli på norske svaberg , før i tida. Skitt på om vi må gå spissrot på flyplassane og sure sikkerhetsvakter kladder deg på kroppen. Då sommaren kom  heiv  vi oss alle saman på tur til Tailand..3 ukers tur.

Vi gamlingane kan vel ta oss ein cruise tur på Middelhavet. Leva eksotisk og frotsa litt i ein 8-10 dagar. No problem.

På norske flyplassar sto jo DC ditt og DCdatt oppvarma og klare for take off. Ihuga tilhengerar av Parisavtalen sto like trufaste i kø for å komma om bord i DCane som oss andre.

Vi drog sjølsagt til vårt naboland og kjøpte inn både mat og 3liters vinkartongar så fjærblada på Volvoen sto feil veg då vi passerte grensa igjen.

Vi har jo i mange mange år vore i den rundansen med å legga ned eigne gardsbruk. Uten lastebilar stopper jo som kjent landet opp, så svære trailere er jo no som den gang ute i det store utland for å hente inn mat til folket. Hadde vi skulle levd av det lille som blir produsert innanlands så hadde det vært sveltihel. Gardsbruka er jo lagt ned , kulturlandskap grodd igjen og vindmøllene har øydelagt utsikta og trivselen vår. Maten vår skal jo helst ein sving innom Kina før den hamnar på norske bord.

Politikerane helde stø kurs før desse rare åra og kjeme sikkert  med å mela si eigen kake både i sitt politiske liv og eit liv etter endt (u)dåd når desse rare åra er øve. No gjeld det å halda hovedstaden og Viken  friske og raske…så får resten av landet smøra seg med tolmodighet.

Så altså har vi hatt godt av ein bråstopp i flytrafikk, reiser, mobilitet. Har vi hatt tid til å tenka etter , kanskje planlegga at vi skal produsera meir av vår eigen mat. Gå litt ned frå Røkkestørrelser på hyttene til mindre, koseligere, Gå ned frå Prinsess 50 fotere til  28fotere på sjøen? Få eit meir rettferdig skatte og avgift system på for eksempel bilen. Og kanskje til og med milliardærane mellom oss må dela meir via skattesystemet til oss andre? Ta i frå matbaronene all makt? Ta tilbake igjen den makta som EØS har frarøva oss? Kan ungdommen snarest få råd til å bygge/kjøpe eigen bolig

Har vi ,eller må vi , eller kan vi, eingong klare å lage eit meir rettferdig system.

Eller blir det som eg dessverre trur at når vi alle har fått stikket , så er det påan igjen.

Akkurat no så er vi rykka tilbake til  start igjen og må slå to seksere etter kvarandre til nye start. Ikkje så enkelt å få to seksere..håper det tar tid.

 

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.