Medan barnetoga snirkla seg , med glade stipynta flaggveivande born, forbi dei royale ved slottet, var det nakne flaggstenger på Haramsøya den 17ande. Innbyggerene der kjende seg som offer for den urettferdige politikken som norske
styresmakter utsette dei for. Det var mange flaggstenger her vest , i Trøndelag og i nord som burde stått utan flagg denne nasjonaldagen. Innbyggerane har blitt ofra og vandalisert på storkapitalen og høgrekreftene sitt
alter. Utan å bry seg om sine eigne innbyggarar har AS Norge vist sitt sanne annsikt.. Først milliardærane og skattesnyterane, så milliardærane og skattesnyterane og så igjen milliardærane og skattesnyterane og så
kanskje ..den vanlige mann…kanskje.
Og det som kanskje verst er…at det ikkje er mykje håp. Viss «lille høyre» AP ,blir størst etter valget til hausten og de får statsministeren så er det fritt
fram for den samme politikken. NHO og LO har jo saman spikra galskapet fast i planane sine..4 ganger så mange vindmøller skal opp på land. Kor mange som kjeme til havs kan vi kanskje berre i våre villaste mareritt forstå.
AP og Høyre er jo så like i sin politikk , sin kjærleik til EU ,til å trø over den vanlige mann, til å utvikla Norge til eit slags føydalsystem, der fyrstetitlane er overtatt av milliardærar, lakseoppdrettere,
avdanka griske politikerar, av gutteklubbane der politikerar, rettsystemet og makta ellers kaver til seg. Og mesteparten er gjennomsyra av korrupsjon. Harde ord..kanskje, men demokratiet vårt er nede i kneståande..og det er ikkje håp..eller?
Så like er dei to partia er at dei arver slagorda til kvarandre.
Korleis stemmer vi til hausten?..inga aning..kanskje av gamal vane. Foreldrene våre har jo stemmt AP i mange mange år. Vi har stemt AP..Eg har stemt på AP tidligare.
Men det skal eg ikkje..ikkje så lenge Oslo juntaen sitt med makta . Om Solberg eller Støre åpner vinnarchampisen til hausten så har lite å sei for norsk politikk..vi må stemma på andre parti , på andre
krefter. Elles kan vi drikke det endelige gravøl for eigen nasjon og demokratiet. EU kan berre stå klar til å endelig å overta (100% ikkje slik som no 60% ) makta og verdiene i fedrelandet.