Blogg

Til dokker som trur at Høgre og Frp held alt som er norsk kjært og at spesielt Frp skal ta vare på den norske arven med å ta inn minst mogeleg flyktningar, slik at alt som er norsk skal kunne bestå utan for mykje innblanding.  Men vit også at i andre enden åpnar desse partia for sal av det urnorske som kraftselskap til tyskerane, slik som deler av oppdrettsnæringa har gått til eigarinteressar frå  same nasjon. Sakte men sikkert åpnar den blå regjeringa for at utlendingane frå litt andre nasjonar skal øveta norske verksemder. For min del er eg møkje reddare for desse multinasjonale selskapa enn for noken stakkar krigstrøytte ungdommar som gjerne vi skapa seg ei betre framtid.

Ein periode trudde eg at det å få bygga småkraftverk i grisgrente strøk, på liks med å få konsesjon for å kunne driva eit oppdrettsannlegg var ein slags noken lunde salgbare distrikspolitikk.  Ein kunne ikkje ta meir feil.  I dag er det ofte tyske laksebaronar som har tilreve seg det som råderetten øve mange oppdrettsanlegg , selt av profitthungrige nordmenn , noko som dei har fått av felleskapet, ein rett som i alle fall ikkje burde selgjast ut av landet. Men profitten rår og alle saman taper på dette unnateke dei som vant i lotto, budrunden om konsesjonen.  Så..og no er det altså sjølve arvesølvet som skal seljast til høgstbydande, med ei regjering som meinar at felleskapet ikkje skal eiga noko,,det er det berre private som skal gjera. Og med eit industridepartement som famnar om at tysk kapital kjem inn og sikrar seg arvesylvet som i botn og grunn høyrer oss alle til. I alle tider har hjemfallsretten vore beskyttande  mot at utanlandske selskap har kunne sikra arvesylvet våras, men er no hardt prøva i EØS avtaleverket som kneblar oss.  Men eg trudde ikkje dette var oppheva ennå, at det skulle fleire rundar til før Høgreregjeringa med Frp på slep , gledestrålande kunne fallby rettane våre til pengesterke utanlandske selskap.  Men no les eg at selskapet Småkraft kjem på tyske hender. Statskraft, Agder Energi, BKK og Skagerak har seld ut sine rettar til eit tysk selskap.  Er dette rett? Og er det verkeleg lov? Småkraft er slett inga kven som helst , dei har 45 kraftverk i drift, 15 under bygging og 100 på planleggingsstadiet. Dei hentar ned vatn frå fjellet , det renn i røyr ned etter fjellsider , flatar ut til stasjonar som produsere straum. Eg likar å tenka på det, også om framsynte bønder her fått konsesjon, at dette er felleskapet sitt.  Men det gjere ikkje dei blå, og slettes ikkje kraftselskapa som har komne inn på eigarsida med pengar og knowhow. Her er det kapital og høge tal som tel. Eg vert beint ut dårleg med å tenka på desse gribbene. Aldri skal vel eg kjøpa ein kw av de, og det bør ikkje andre gjera heller. Og heller ikkje skal dei blå få stemma mi, aldri. 

Øverasskande.

Eg hater det når fruen får det derre omøbelerings blikket i auene.  Eg veit nøyaktig ka som skal hende. Då kastar ho seg i dødsforakt øve stova, flytter på ting, drar i stolar, bord, skap og bilder..Det er rett og slett ei slagmark, kanskje som Somme under første verdskrigen. No er det heldigvis ikkje så mange lik på denna slagmarken, men noken finnes det i skapene.  Men det var ikkje lik ho fann i dag, det var ei overrassking som fantes bak gamle Led Zeppelin, Janis Joplin og Juniper Green LP platene. Her åpenbarte det seg ei samling 78 plater, kjøpt for lenge sia på Freetex.  Desse hadde vi gløymt ut , men det var flott å finna dei. Heldigvis har vi to gamle sveive gramafonar liggand. I allefall den eine har opptrekkingsfjøra intakt og er brukande.  Så vart det å bera dei utpå kjøkkenbordet og gå igong med å finna ut ka namn  som åpenbarte seg på innpå midten av dei store svarte platene: Og det var m.a.: 

 ”Mr. Swansons foxtrot” m/ Holt og Gundersen,  Benny Goodman,   Gunnar Engdahl og Erling Stordahl m/ ”Den norske fisker”,   Reidar Andersen m/ ”Sjøguttenes hjemlengsel”,   Herbert Ernst Grohl,  Paul Robson,  Gotthard Erichsen m/ ”Juleball på landet”,  Brabazon-Lowth m/ ”Home sweet home”,  Runes Danseorkester, Harry James & orchester, Reidar Andersen, Jens Book Jensen, Harry Brandelius, Walfred Andersens orchester.,  Lalla Carlsen m/ ”Amerikabåtens hjemkomst juleaften”,  Eddie Calvert, Paul Green & his orchester, Rolf Juster, Ernst Rolf m/ ”Kom på måndag”. Einar Storm Andersen,  Alfred Helgeby,  Alfred Nilsen,  Carl Hagemann.  Christian Lieback  m/  ”Gudbrandsdal reinlender”.  Brødrene Ericson,  og for meg rosina i pølsa:  Alice Babs m/ ”Du ler med dina øgon” og Frank Sinatra m /  ” Goodnight Irene”.

Gamle skatter …Så nå kan jula berre komma…einaste som manglar er portvin og snø.

Har alltid hatt sansen for vår vener med venger. Ikkje at eg er flinke på namn , fuglabøkene ligg altid gøymde heima , men har beundra dei for tilpassa seg, deira sosiale framferd, fargar, størrelsar og slikt.     Heima rundt nåva er det spesielt ein 5-6-7 skjærer eller på angelsaksisk, magpies, som har kommandoen. Dei heldt rådsmøte, litt for tidleg på morningen, planlegg dagen sin som kan vera å plaga kattane på feltet, ha lange sladdermøter oppe på hustaka eller kanskeje å erta hundar som har forvilla seg utfor døra. Dei er alltid på jakt etter ein godbit om det det kan vera ei tørr brødskorpe, gammal kattemat, middagsrester som ligg litt vanskelig til under halvåpne søppelkasselokk, overkøyrde pinnsvin som hadde utfordra E134 eller meitemark som dukka fram frå eit nypløya jorde.  Magpies er gode flygarar , dei stupdykke, flatar elegant ut, kan beregna ein snarleg ”take off ”når pus er i næraste laget. Dei er nådelause som mobberar. Ein gong var det ein skada katt i nabolaget, som vart eit skikkeleg offer for the wild bunch.  Katten måtte tilslutt søka naudhjelp hjå familiens sin dachs for å hjelp .  Magpies er flotte å sjå på , naturen har vore god imot dei å gjeve dei einslags smoking, svart og krittkvite.  Dei liknar på ein kelnar på Grand som Børresen omtalar med flotte ordlag.                        Slektningane kråkene, som og er i deira periferiske bekjennskap, er langt ifrå så elegante i det å føra seg ,og i fjørpraktvegen er dei kjedlige og nesten gråaktige. Dei prøver her, utafor i luftromet og få innpass og få vera med på leiken, men dett igjennom gong på gong. Til matfatet på altanen kjeme dei i seinaste laget neste alltid. Då er den siste tørre brødbiten snappa av ei skjære som allereide har forsynt seg fleire gonger. Medan kråka vert i metaforen om Grand, den som står utafor glasa, som ein slags uteliggar, og ser inn på all herligheita, der skjæra tripper i mellom borda.  Men i allefall så prøver eg å få båe artane litt på mi side med å gje dei noken skorper av og til. Forskninga seier at desse artane kan kjenna deg att på augene og dei kan også vurdera deg til vera ein venleg framtoning eller ikkje. For å vera på den sikre sida her kan det vera lurt å gje dei ein godbit av og til. Eg likar å tru at det er pga av eit gryande venskap, at dei ikkje startar rådsmøte før kl 05på vår og sommar morningar. Men her er eg slett ikkje sikker sjølsagt. Men ein ting er sikkert og det er at eg ikkje behøver å dra til flyplassar for å få med meg førsteklasses flystemner med all den akrobattikken som er mogeleg.

Å ha eller å få eit kallenamn , er slett inga skjemt. Eit utenksamt augneblink, eller eit sleivete ord frå deg sjølv eller nokon annan og der er det, kanskje vært det  hengande med deg resten av livet, meir og kanskje heldigvis mindre. Noken kan ha med namnet eller  etternamnet ditt å gjera , kanskje å korta det ned ein del , som ”Mr T.”  Noken med utsjåande ditt, kanskje hårfargen, ”Raude” , auene,” Blasse”,  øyrene, ”Dumbo”  baken ”Koserompa”  ol. å gjera. Det kan vera småe ting som skil deg ut ifrå resten av venekrinsen, og der er du. Alltid ei eller ein  artige type som ser og kommenterer. Det kan og sjølvsagt væra reine fantasiord som har dotte ner som eit lite takras. Eit  kallenamn kan vel  ha med interessen rundt din eige person å gjera?  Eller?  Kanskje noken vil stempla deg , for heile livet.                           Mitt  var, før i tida , ”Ule” , Eg veit det var Lars Ove som fann på det,han var flinke på slikt. Det kan ha , som eg trur, eit utspring i etternamnet mitt.  Men her er eg slett ikkje sikker, vanskeleg å veta ka som rører seg oppe i hjernecellene til opphavsmannen.  I alle fall så vert eg av og til minna på  namnet når eg treffer gamle kjenningar frå mange, mange herrens år sia. Til og med til 50års dagen min så var det ein vittig kompis som hadde skreve ein song om ”Kule Ule” .. Om eg nokon gong har likt kallenamnet som eg hadde då eg var ung, er eg litt i tvil om.  For å sei det slik, så var eg ikkje overvettes glad i det, og kan styra meg enno. Men det kunne vore verre, eg veit om ein som de kalla ”Dasslokket”. Akkurat slike namn er vel heilt på grensa til mobbing.  Tenk å ringa heim til han , få mora på tråden og så spørra om ”Dasslokket” er heima?  Nei då var det betre med ”Bralle” , ”Body”, ” Skalken”, ” Pæbø”, ”Boya”. Desse siste gjekk jo i min klasse på folkeskulen. Ta freks ”Body” som var Lars Ove sitt kalllenamn, og her kan eg vore  den skuldige til det opphavet. Vi hadde akkurat starta å læra engelsk og LO tykkte at Everybody var eit flott ord, som det jo også var, men det var for langt. Kunne jo ikkje ropa på ”Everybody” på tileks fotballbanen for å få LO til å senda ein pasning. Nei då korta vi det ned til ”Body”, som jo også var kort og tøfft. Kanskje i tøffaste laget når ein veit ka det tyder. Men det var og møkje greiare enn ”Brilleslange med smilehol” som eg også hadde klart, for Lars Ove (han bruka briller på den tida). Til mitt forsvar skal det seiast at Lars Ove  hadde nett døypt vår første båt i familien Ulset, ein vakker 16 fotar Rana med vindskjerm og 5,5 hk påhengar, for ”Ule 2”.  For å sei det slik, tida var øvemoden til å gje Lars Ove eit skikkeleg kallenamn og at det vart ”Body” syntes eg var heilt greitt.

Før i verda var det noke som heite Link. Link la seg som balsam øve boblande magesyrer.  I desse knallharde tider har magesyra gode tider, det vil sei at den startar opp når eg slår på min beskjedne 48tommar.  Her dukker Anundsen, Jensen, Solberg & co opp, uten skam og blygsel om at de skalte og valte  med ein masse skjebner til små nordmenn som må svi for at bestefedrene har pynta litt på cvene sine. Født, gått i barnehage, starta opp i barneskulen spelt på smågutte og småjentelagene her heima. Kan det norske språk..er så gode nordmenn som noken. Så kjeme uniformerte folk, gjerna tidleg på morningen, gjer de noken min. for å pakka ned det mest nødvendige i begrensa med koffertar og sender de på hovudet ut i ein uvisse og totalt framande verd. Gestapo kunne ikkje stå bakom bedre regi.  Heldigvis dukka ein vever Bømling opp å” berga” dei som siste ¾ året var sendt ut. Berga dei til nye rettsaker , kanskje kaskje ikkje . Advokatstanden har gyldne tider igjen .  Staten brukar masse unødige pengar.  Gud hjelpe meg for ei suppa.

Og dette brukar de masse tid på ..møter på møter på møter. Skulle tru ei regjering hadde andre ting å bruka tida på.  No har de jo brukt tida til mange slags ting og, bra ting som vegplanar (får håpa de verte gjennomførde), billige Evindrudar, og billigare vidaresal av nyare bilar…..som ei tunge motvekt her rotar de det til i arbeidslivet, vil ha sundagsope  osv….Nå er eg ikkje så trygge på at det vert så svært møkje bedre om collagegjengen frå Blindern ovetar heller. Eg veit slett ikkje ka eg skal stemma ved neste val.  Her kjeme magesyretrøbblet inn. Det partiet , eller konstellasjonen som edruligaste og til å stola på skal få stemma mi, om dei finnes.

Men no ..etter alt dette styret med å sende småe nordmenn ut, for så å krypa til korset å få dei attende att, tvingar fram ein tur på våres lokale apotek på jakt etter Link..

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.