Eigentleg ein skikkeleg novembermorning er det. Snø, sludd og regn i lufta , tempen ute er litt minus, litt pluss. Nede på 134en lyser det raudt i bakljosa på pendlar bilane på veg utøve i motvinden , mot verft,
verkstadar, kontor, driftsentralar , nybygg i tettstadar og by. Ein og annan bil kjem andre vegen på veg mot jobb her, i lastebilar, i sandtak, forretningar, kommune administrasjonen. Litt utpå morningen kjem travle foreldre med dei små
som skal i barnehage og skule. På radioen messar værmeldaren om meir dårleg vær i vente. Nyhende på rikskanalen fortel om forskjellar, her vest er det oppdaga ein naken mann i Åsane, som utanomhus og i det været,
til øvemål ”leikte ” med seg sjølv. Må jo vera ein hardhaus, ser nesten ein naken Nansen føre meg på , liggand på eit isbjørnskinn.
I aust , i Skåne, har det vore storstorm
så til og med Broen har vore stengd i natt. Håpar at den snart vert åpna, er jo siste episode i kveld.
I postkassen låg heldigvis både Grannar og HaugesundAvis. Sistnemnde var noko tynn , men hadde velvaksne bilag med Ekspert
og XL inni. Så då så.
Joda det er ein mandags november morning på det jamne. Og sjølv er eg ”alive and well” etter helga. ”Alive and well” som i si tid vart skreve og framførd
av Jonny Winter. Ein supergitarist som vel berre litt tilårskomne damer og herrar hugsar, og som elles ikkje har så mykje med svarte novembermorningar å gjera.