Vi som er glade i stein, og kanskje aller helst norsk stein , har nok vore innom Vigelandsparken og fått med oss dei flotte steinskulpturane. Men eg er ikkje heilt sikker på om steinane til Gustav Vigeland er norske. Kanskje dei er lika
italienske som dei som pyntar Operaen.
Men steinmurane i Stordalen er iallefall så norske som det går an å verte og dei er nesten lika flotte som dei på taket på finkulturborga vår. Å køyra igjøno
Stordalen er lika flott som å ta ein selfie på nemnde tak. Men på merkelig vis får vi ikkje ta i bruk dette flotte anlegget enno. Då flinke landskaps arkitektar fekk boltra seg med avanserte teikneprogram
på 24tomms skjermar og overheadane, gnei Vegvesnet seg i nevane og sa at alt var bra, gå igong og bygg. Og med hjelp av ein maskinpark som var utan sin like, vart det gjort.
Før i tida var det Vegvesnet sjøl som tok seg av
alt, frå planlegging til bygging. I dag er det mange om beinet. Mindre entrepenørar er dei som tar dei tyngste børene ,leigde inn av større firma. Men på toppen tronar no vegvesnet som ein direkte link til Vårherre.
Så skulle ein tru at denne linken held eit vakent auga med utbygginga, men der tar ein feil. Svære gravemaskiner grev og stablar svære steinar som volvoar og scaniar kjeme med. Eg
har venta mange kvarter på kver side av anlegget for å sleppa igjennom, og kver gong har eg beundra det flotte arbeidet som var gjort. Vegvesnet sine reine gule eminensbilar har og stått inne på
anlegget har eg sett; så delegering, kontroll og ansvar har vorte på plass ,skulle ein tru. Men nei, når tunellane ,brua og dei flotte steinmurane endeleg er ferdig så seier kontrollørane i Vegvesnet stans. Kontrollørane
har med andre ord ikkje kontrollert godt nok. Nei då var det bedre før, då var det Olaf F, Albert, Myren og andre stødige karar som tok seg både av bygging og kontroll av vegane i kommunen. Då
var det ikkje noke slinger i valsen. Dei karane brukte nok helst betong frå Eirik eller Ølensvåg og hadde med masse armering i . Dei blanda også sjøl I svære blandemaskiner, heiv oppi ein 3del med Dalen
Portland og resten med støypesand , hvis ikkje betongbilane ikkje kom fram. I dag har dei gjenoppdaga dei flotte gråsteismurane som landskapsarkitektar og oss alle andre har vorte glade i . Maskinkøyrerar få
mange gravefirma er reine kunstnarar til å setta opp desse flotte murane. Og dei som har sett opp murane I Stordalen kan vera stolte øve vel utført arbeid. Men her er det altså kontrollørane I Vegvesnet
kjeme inn og sår tvil. Hvis det hadde vore mistanke om tvilsamt arbeid burde jo desse sett ned foten lenge før. Ikkje venta til arbeidet var ferdigstilt. Nei vegvesnet har inga høge kurs , iallefall ikkje hjå meg.
Men vi kan vel håpa på at målingane some er sett igong viser det dei skal og at 50km skilta og bommane vert fjerna, heile vegen vert åpna og Siri og vi andre får den julegåve som vi har ønska
oss så lenge.