Blogg

Vi har vel alle saman søkt jobb ein eller annan gong. Og vi har vel venta spente om det har vore noken som har hatt bruk for oss. Av og til har vi også vel fått høflige avslag om at vår ev. innsats ikkje er ønska. Okay , det har vi måtte tåla og vi har krumma nakken att.

I dag får arbeidsøkande hjelp frå NAV om å fylla ut arbeids søknader slik dei skal gjerast. Dei får hjelp til korleis dei skal oppføra seg hvis dei kjeme så langt som til eit jobbinterjuv. 

Men av og til høyrer eg og at dei, arbeidsøkande , ikkje eingong får svar frå på sine søknadar. Kanskje skal dei vera sjeleglad for at dei slepp å jobba i eit slik firma som rett og slett skit i folk.  Ein skulle tru at når eit firma går ut for å skaffa seg medarbeiderar så bør dei også vera såpass høflege at dei kan senda eit avslag attende til den som har søkt viss dei ikkje har bruk for søkaren.  Slike firma burde rett og slett vore svartelista , og fått gult kort for dårleg oppførsel.  For det kan ikkje vera kjekkt, etter ei lang spennande ventetid, og at ein tilslutt sjølv må purra pr telefon, og få ei sukkersøt forkontorvesen som messer at:  ”Nei dessverre den stillingen er nok besatt”.   Ein kan få ein øydelagt dag av mindre.

Nei då er det forskjell når til eks. ein kommune treng ein nye rådmann eller ein annan opphøga dust . Då vert dei nye kostane presentert skikkeleg som  exbankmann ditt og new house datt. Og avslaga vert nok sendt så høfleg og lite støtande som mogeleg, på papir med kommunevåpen og greier. 

Her kunne desse arbeidsgjeverane med gult kort frå før, lært seg noko…..respekt for individet.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.