BV (barnevernet ) har min frue og eg har hatt eit godt tilhøve til. Vi har vore fosterforeldre til eit barnebarn av meg og har hatt strålande velmeinande folk rundt , og til hjelp for oss.
Men i det siste halvannan
året har vi oppdaga ei nye side i BV. Når eit nære familiemedlem , uforvarande har fått BV på døra og inn i stova åpna auene mine at alt ikkje er så uskuldsreint som eg trudde . Denne sida i det offentlege Noreg
er dekka av dårlege sakshandsamerar, synsing i saker , kameraderi som diverre som nok diverre strekke seg heilt inn i domstolane. Og du som står utanfor og håpte på å få hjelp og støtta frå det offentlege vert
skubba ut i det ytterste mørke, med fare for å sette både helse og liv på spel. Så kjem spørsmålet: Ka veit du om barnevernet? At alt var udelt positivt? Du har vel som eg sett hjerteskjerande bilder der BV med hjelp
av politi (no også bevepna),gå inn i heimar for å henta ungar ut. For å skaffa dei eit stabilt og godt liv. Og vi tenker at før det er komen så langt at ein må ta ungane ut av ein heim og kanskje blanda væpna
politi inn i dette . Ja da må kver stein ha vorten snudd, hjelpetiltak som er sett inn i heimen har svikta, eller at stoffmisbruk, fyll og misbruk ligg til grunn. Det har i alle fall vi trudd til no..Det kjæraste som ei mor og ein far har
,vert rykka opp med rota for å forhalda seg til vilt framande mennesker, er knalltøfft.
Etter det siste halvannan året har det gått opp for meg at det vi står og ser på er som ein slags industri, ein gedigen menneskehandel.
Aktørane her er gjerne innleigde sakshandsamerar som driv eigne firma som er innleigde av kommunane. Dette er gjerne personar som ikkje godt nok utdanna og kvalifisert til å burde hatt med barn og gjera i det heile. Men ein ting som dei har i
orden og det er nettverket. Eit nettverk der ein har fagfolk som ein kjenner, fagfolk som også er innleigde og er lønna over det same budsjettet i kommunane. Fagfolk som spelar på lag. For det må dei gjera elles så står
de utan arbeid for ingen vil vel leiga inn ein ”nei no er det nok”, mann eller kvinne. Ta eit eks. Ein sakshandsamar går inn i ein heim, kanskje tre gonger,med eit par timar kvar gong. På denne skjebnetida skal denne, kanskje psykriatisk
sjukepleiar bestemma om det aktuelle barnet skal hit eller dit. Ein rapport som vert legitimert når ho får ein venn som kanskje har den utdanninga som skal til , setter sitt ok stempel på den. Denne venen må også innom heimen.
Det er jo greitt å dra dette litt ut, timer skal jo skrivast, reiserekningar, firmaet skal jo gå rundt. Dette er i visse fall kameraderi på sitt verste. Av og til har de sikkert same ordlyden på sine rapportar, så samanfallande
er de. Og få beslutninga ennå meir legitimert med å få rettens stempel på, er vel den lettaste sak i verda. Ka har ein vener for.
Sosialbudsjettet i Noreg er kjempesvært. Det skal gje løn til
mange og her åpnar det seg store sjangsar Å starta sitt eige firma i dag er lett som berre det. Ein pleiarutdannig er god å ha, og elles finnes det jo sjanse å kursa seg slik at skinne av å vera spesialist på barn og ungdom
er der, og det er berre å setja igong å tena penger, store pengar. Komunane leiger inn ukritisk, og får den eine sjansen så er det fritt fram for andre vener av denne og. Verda er god og sosialbudsjettet nesten bunnlaust. Her er det
grobotn for for dei gode relasjonane, samarbeidet. Du klør min rygg , viss eg klør din. Rettsikkerheita er sendt i skammekroken og der får den stå, vi har ein jobb å gjera. Nåde den som er utsette for dette velsmurde maskineriet
i denne industrien. Du har inga sjangse. Samma kor bak mål rapportane er så vert dei trumpa igjennom. På tinghusa sit dommerane og underskriv villige som berre det. Industrien virke jo, ingen set foten ned og rettsikkerheten har de jo parkert
der inne i kroken og at det er menneskeskjebner det gjeld det er jo vi klare over, og søv godt om nettene for det. Men ka må gjerast for å få eit truverdig BV att. Det må i alle fall verta slutt på å leiga inn evetyrerar
som er så blinda av sine fantastiske evner og rir sine eigne kjepphestar. Slik det er no er ei A4 side frå ein innleigde sakshandsamar nok til starta ei store sorg og fortviling. Skal menneskeskjebnar avgjerast som her av det offentlige må
alle aktørar inn på banen , legar, helsesøstre, psykreatiske sjukepleierar, psykologar som er fast ansette i kommunen og ikkje innleigde av BV må få uttalerett , familie rundt må verta høyrd. Dette kan ta tid, men
det gjere det no også. Viss du kjem med spørsmål om slike saker til BV går sakshandsamerane i skyttargropene sine og påberoper seg taushetsplikta. Løys dei så frå denne , det er viktigare enn å gjera
feil i slike saker som å overferføra omsorgen til eit barn..