Blogg

Eg fundere litt over postgangen her på berget. Bakteppet er at eg bestillte noko musikkutstyr frå Harstad måndag for 9 dagar sia , pakken kom til heimen i går. Det tok altså 9 døger. Jobben vart gjort av Posten.  Yngstemann bestilte datautstyr sist søndag frå Komplett , og pakken var hjå oss på tirsdag. Det tok 1,5 døgn. 

Okay , Harstad ligge jo litt lenger unna enn Sandefjord (er det ikkje der Komplett ligg?) men dette kan ikkje vera all forklaring.

Eg trur det var Nordpost som sto bak frakta av datautstyret. Har dei betre logistikk enn den statlige Posten?  Les at at statlege Posten kjøyrer gods i Noreg med sitt eige slovakiske lastebilselskap.  Går dette ut over kvaliteten, les tid over kor lang tid det tar?  Det er jo flaut å lesa at Posten nyttar utalandske selskap som med hjelp av låglønte sjåførar som driv med kabotasje i kongeriket, i konkurransen med små og mellomstore private verksemder som driver etter norske lover og løner sjåførane sine rettferdig.

Just nu er eg i vedhogstmodus, men øydela favorittsaga mi, ei Stihl 26.  Har venta på delen, bestilt frå Felleskjøpet i 10 dagar no.  Er vel ikkje råtips om eg trur delen vert sent av Posten?

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.