Blogg

Det er rart å høyra når Støre seier at vi skal ha som mål å ikkje registrera ein einaste nye  bil som går på fossilt brennstoff  i 2030.  Det er rart å tenka på at den industrien som vart bygd opp i mot det å henta ut det fossile drivstoffet skal byggast ned og vel helst leggast daud også innan korte tid. For politikerane gjer seg nok ikkje med å bannlysa bensin ,gass og dieselbilane , når dei først er igong vert det nok storopprydding ,les: nedlegging. Den industrien og all industri og tenester rundt ,som dei siste 50åra har endra denne steinrøysa frå å vera eit fattigsleg land med ein skipsflåte som den gong var i fritt fall, til verdast rikaste land med over 7000milliardar på bok, brød på borda, nedbetalte huslån og golf i garasjen .

Men den grøne vinden bles, Grønlandsisen smeltar, uvera står i kø utafor kysten og Bergenslufta er elendig .

Og om vi vil eller ikkje, så maler den grøne kverna vidare. Nå er det fornybare energi som tel. Vi her vestpå har vasskraft, heldigvis, for på å stola på sola kan vi i alle fall ikkje gjera.  Og dei grøne vil ha viftande fingrar , eller vindmøller.  Dei må settast opp langs vestkysten og nordover. Berre ikkje i Oslofjorden.

Og landet vert liksom sett på vent.  Det må omskulerast, drivande flinke folk i oljeindustrien vert det ikkje bruk for, så dei må finna andre gjeremål. Livreima skal stramast inn på oss arbeidsfolk. Der det før var jobbar som vara livet ut , vert det no prosjektjobbing. Dei sikre gode plattformane forsvinn. Økonomisk sikkerhet for å stifta familiar, bygga hus minkar. Men dei på toppane, gutteklubbane, grei eller ikkje, dei held det gåande. Maktmisbruk held stand ,  sugerørgjengen eller  konsulentar, innleigde sakshandsamerar i kommunane , som veit og sno seg får ein ikkje bukt med. Og berre dette siste er svindyrt og unøvendig for eit samfunn .

Og kanskje vert det ei berging i staden for eit einsidig pengeutlegg som mange trur, alle flyktningane som kjem. For her på berget er vi vel snart ikkje i stand til å reprodusera oss med den farten vi skulle. Og vi vert eldre, alle, og det er vel grenser på kor lenge ein skal halda seg i arbeidslivet.

Og om det skulle vera restar etter vår stolthet oljeindustrien som held stand etter 2030, så kan jo den produsera for bananrepublikkar med rimeleg god råd.  Vi kan jo alltid trenga pengar til  noken ekstra sengplassar på ein aldersheim.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.