Blogg

Spelemannsprisar har dala ned i Haugesund, Karmøy og Etne. Og elles var det mange som var nominerte også , frå same områda. Det vart dermed  ein bra kveld for oss her vest, for dei som hadde straum, og for dei som ikkje switsa til annan kanal då hedersprismottakar Tommy Tee held ein takketale i beste uforstålege hiphopand. Då hadde denne guten fått nok og starta leitinga etter ein god film. 

Men sia det var ei Etnejente som var med å fekk pris i kategorien Indie, måtte eg for n-te gong sjå etter  kva dette Indie er. For det har hvisstnok existert Indie musikk sia langt nedi 60talet og kanskje lenge før det, så eg har alltid tatt det som ei brist i mi musikkforståing at eg ikkje har fanga opp dette. Men altså no og for alltid så er Indie (det står i lokalavisa Grannar, og det er forklart av prisvinnar Linn Frøkedal  og då er det nok sant): Indie er i grunnen ein rar kategori, musikken er korkje pop eller rock. Det er uavhengig musikk som ikkje er kommersiell, ma plateselskapet som ein brukar skal vera uavhengig (?).

 Så nå trur eg at eg har fatta ka Indie tyder.  Og når eg tenker meg om så har eg spelt Indie sjølv, utan å vera plaga om plateselskapet er uavhengig eller ikkje. Så langt har eg aldri kommen i min Indie karriere.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.