La det vera sagt med eingong, at eg har sansen for kongen, dronninga, kronprinsen og faktisk også vår sørlandske kronprinsesse . Dei er folkelige og vil vårt lille land det beste og legg mykje arbeid i dette. Og i same andedraget
er vel ikkje fru Behn så aller verst heller, om ho er litt meir høgtflygande enn dei andre..Om den oppvaksande slekt i kongefamilien, inngifte og dei andre rundt, veit vi vel eigentleg ikkje så mykje om. Vi veit det som pressa veit
vil selge og derfor veit vi heller lite.
Og no har vi hatt kongedømme sia Hårfagre med harde hand samla oss villstyringar. Og vi har vore trufaste til vår konge eller dronning om han eller ho snakka norsk eller braut på
dansk eller svensk. Kvaliteten på våre kongelege har variert frå å vera direkte svake til å vera eit føredøme og vore samlande , som under siste krig. Vi sitt att med bilete av kong Håkon under ei bjørk
ved Molde, ein kong Olav på ein trikk med biletten klar, ein kronprins Harald framfor ein scene på ein rockekonsert. Gode bilete å ha oppe i hovudet. Eg må innrømma at eg opp til no har vore antiroyalist men no veit eg
ikkje lenger. Viss dei komande royale er av same støypning som desse øve , så er det vel ingen store fare med å lata dei halda på ein generasjon og to til.