Den gongen , for lenge sia, når vi var heime den lørdagen i mai, og hadde berre ein kanal, så var vi fint nøydde til å sjå MGP. Det kjekkaste var avstemminga. Vi ga alltid poeng til Sverige, for dei ga jo
poeng til oss . Og så ga vi til England for der kom jo Beatles og Stones ifrå (utan musikalske samanlikning forøvrig). Og slik gjekk det år etter år. Det var den kvelden pluss den nasjonale MGP kvelden eit par laurdagar
før som dette mølet dreidde seg om. Men og det er klart at her var det pengar å tene , for noken innvidde, og dei hadde jo dei rette trådane å dra i slik at dette har vakse og vakse. No er visstnok Australia med, og dei
stiller så visst ikkje med ”Man at work” eller ”ACDC”. Nei det er blåpapirartistar av dei same trøytte artistane som vår verdsdel stiller med. Same kjolane .eller mangel på desse alt ettersom. GJESP.
Og det veks og veks. Sjølvsikre musikkvitere som heilt sikkert manglar visse genar, i alle fall dei musikalske , stiller opp i ruta og er så lukkeleg og glade for fedrelandets sjangsar i spelet. Heldigvis så ramlar vi , fortent , langt
ned på avstemmingslistene så slepp ein i alle fall at ein store prosent av lisensen går med til å finansiere dette tullet. I år hadde den norske ”musikkeliten” kledd på ei lita finnmarksjente ein sølvkjole
og dytta ho fram på scenen. Den ”eliten” skulle skamma seg. Dei kan jo øydelegga jenta. For det er ingen tvil om at denne jenta er og kan verta enda større artist enn det ho er no. Men vegen går ikkje via slike scenar
som her. Berre tenk på Finn Kalvik og Teigen kanonflinke, men er no redusert til” dei som fekk null poeng ” i MGP.
For i sjølve avstemminga er det enda meir politikk enn før. Ein behøve ikkje væra konspiratorisk
for å anta at lille Agnete vart offer for negative strøymingar som Europa sender mot oss her oppe i steinrøysa, for våre mange brot på menneskerettane.
Så…eg synes vi skal trekka oss ut av dette tullet. La
Sverige gje stemmene sine til Danmark og Finland, og Balkanstatane stemmer på sine naboar. Ikkje send fleire lovande artistar inn i dette spelet. Og la ”kvitsnippmusikkanmelderane og deira likesinna” få andre scenar til å
visa sine vakre smil på.