Prince er død, og det er triste greier. Han vart 57 år. Det er jo slett ikkje verst for eit rock ikon. Kan jo nemna i fleng ..Henrix var 27 då han for, Joplin var 27, Jim Morrison 27, Brian Jones 27. Lennon klarte å tippe 40,
Marc Boland 29. Og det er ei lange rekke med flotte folk som har gått bort på ulike måtar, i fylla, bilcrash, skotne …Litt respektlaust sagt, skikkeleg rock’n roll dødsårsaker. Ikkje mange her nei som ”mønstra
av” av pga alder og med familien samla rundt seg, når dei trekte sitt siste sukk.
Så dukker sjølvsagt spørsmålet opp ..kor mykje avdøde betydde for oss som elska musikken deira. No er det tid for musikkjournalistar
til å stikka hovudet fram å avgje sine dommar .
Dei som eg har høyrt siste døgret utbasunere sjølvsagt at Prince var den største og….medan dei er i gong (på innpust) så er Bowie ein god
nummer 2.
Vi vanleg dødlege må verkeleg tenka etter . Er det slik? Å komma dragande med Lennon , Dylan, Petty, Springsteen, Johnson, Matthews nå, er nok å snakka for døve øyrer. Så då
er det betre å halda kjeft.
Men det er trist det med Prince ja.